RSS

Folkelesnad


Agnes Ravatn: Folkelesnad, 210 sider

Eg kan med handa på hjartet seie at eg nettopp har opplevd dei to mest morosame timane i heile mitt liv. Heilt ærleg. Det kan ikkje bli artigare enn dette. Eg har lest Folkelesnad.

For den trente lesar, ja, Agnes Ravatn er forfattaren av den nesten like kjekke, men heilt annleis, Veke 53. Også den boka blei lest i eitt, bøkene hennar er jo så morosame at det er ei skam å leggje dei frå seg. Ikkje har eg lyst heller. Ravatn viser at ho beherskar både skjønnlitterære og saklege tekster, og eg gler meg vilt til neste prosjekt - uansett kva det no er. I Folkelesnad har ho teke for seg 80 av dei mest leste veke- og månadsblada i Noreg, og vi skjøner allereie i forordet at dette blir hysterisk morosamt.

Vi får høyre om vekeblada Allers, Hjemmet, Norsk Ukeblad, dei tre søstrene og søskenbornet deira, KK. Den kristne filletanta Familien og sosiopatane Se og Hør og Her og Nå. Ravatn uttrykkjer blant anna skuffelse over at "Fra virkeligheten"-opplevingane ser ut til å ha bytta ut incestforteljingane med sørgjelege historier om eigarar som har mista sin beste venn, hunden. Babymagasina Gravid, Mamma og Foreldre & barn ser ut til å ha eitt felles mål, nemleg å førebu foreldre på at "nye uunngåelege katastrofar skal inntreffe". Testar av forskjellige typer stellebord avslørar nemleg at dei fungerer nærast som giljotinar. Skrekk og gru. Bladet Vi over 60 vil "banke inn i lesarane at dei er gamle og sjuke og snart oveflødige". Dette kjem til syne i dei trykte, umoglege oppgåvene, i form av uløyselege biletrebusar og sudokuvariantar.

Kvinneblada Det nye, Henne, Kamille, Woman, Cosmopolitan og Tara tilbyr ulike trylletriks som skal gjere kvinna vakrare. Redaksjonen i Kamille deler også dei beste partytriksa med lesarane sine, det vere seg å opne ei ølflaske med ein lighter og å utkonkurrere gutane med å ha tissekonkurranse. For "jenter kan også tisse veldig langt - hvis de står i bro". Ravatn har sjølvsagt også fordjupa seg i manneblada FHM, Vi menn og Mann - der stoffet krinsar rundt sex, sport, våpen, dingsar og sjølvmord (!). "Artiklane er som ei konstant påminning til mannen: Du kan alltids ta livet av deg, aldri gløym det!"

Interiørblada, pornoblada, pengeblada, matblada, friluftslivblada, treningsblada, jenteblada og dei alternative blada får også gjennomgå, men eg trur eg må gi meg her. Eg kunne ha haldt fram i det uendelege, men må spare litt til lesaren også. Det er så mykje å ta av at eg nesten ikkje veit kor eg skal begynne. Ravatn tek for seg overskriftene, innhaldet, oppslagstala, målgruppa, ja, alt som tenkjast kan om desse glossy tidtrøytene vi elskar å hate. Det er ubeskriveleg fantastisk og hysterisk morosamt, frekt, vittig og heilt sant. Dette er utan tvil årets artigaste bok. Skaff deg og les snarast.

Anbefalast sterkt!

2 kommentarer:

aariho sa...

Denne må jeg nok lese! Setter den på lista mi til biblioteket.

Ingrid Svennevig Hagen sa...

Helt enig! Veldig morsom bok! Jeg kan aldri mer lese et eneste blad. Sånn sett har Ravatn ødelagt gleden ved å lese om uvesentlige ting i moteblader og interiørblader for eksempel, til gjengjeld sparer jeg litt penger på det!