RSS

Talent for lykke


Ari Behn: Talent for lykke, 93 sider

Det er vel ein kjend sak at Ari Behn ikkje har lukkast heilt med tekstene sine sidan debutboka. Ifølgje kritikarane, altså. No har ikkje eg lese debutboka, kun siste romanen Vivian Seving etc. , ei passe ok god bok, både positivt og negativt meint. Med Talent for lykke har Behn fått kritikarane til å vende om og trille seksarar i fleng. Tom Egeland kallar blant anna boka fremragende. Verkeleg, Tom Egeland?

Og han er slett ikkje den einaste. Eg gugla boka og ser den eine etter den andre rose dei fortetta forteljingane, det komprimerte språket, den knappe handlinga. Eg finn faktisk ikkje ein einaste dårleg omtale. Er det meg det er noko gale med? Eg synest slett ikkje dette er fremragende. Ja, det er fortetta historier, komprimert språk og knapp handling - og det er nettopp der problemet ligg. For meg da. Språket er godt, upompøst og fritt for klisjear. Heldigvis. For det gjer at nokre av forteljingane er smaklege, og endatil gode. Det var eit par som rykka litt i sjela mi, det skal eg innrømme.

Men dei er ikkje gode. Dei bergtek meg ikkje, dei let ikkje meg sitje att med ettertanke, klussar til kjenslene mine. Eg synest tvert om at, ja, no må eg vere frekk, det ser ut som herr Behn ikkje greier å bestemme seg, å kome seg vidare. Skal vi sjå, eg vil skrive om ein mann som drøymer, eller vent, om ein mann og sykkelen hans, nei ein mann som reiser frå familia si. Eg berre rablar ned det eg har, så kan eg finpusse etterpå. Men kor er pussefilla blitt av? Behn er kjend for å vere inspirert av den store Hemingway, som meinte at teksten skal vere som på toppen av eit isfjell, redusert og forenkla slik at kun det viktigaste er med. Så sant. Med det kan eg også slenge på at Hemingway også meinte dette: “The hard part about writing a novel is finishing it.” Talent for lykke er ei rekkje uferdige, fragmenterte tankestrøymingar.

Det skal vel ikkje vere så enkelt?

0 kommentarer: