RSS

Mitt milde vesen


Brit Bildøen: Mitt milde vesen, 208 sider

Dette er nok ein skatt eg fann vekkgøymd i hylla ved skulebiblioteket. Eg har tråla hyllene fleire gonger, men aldri sett denne før. Men det er jo også opp til auga som ser. Kan hende eg såg etter noko anna. Men i alle fall. Ei god bok, utan tvil.

I Mitt milde vesen møter vi hovudpersonen, Johanne, som kjem attende til barndomsheimen på Lauvstad. Mora hennar har begynt å tuste (som dei seier) og Johanne må bestemme seg for kva ho vil gjere med familiegartneriet. Faren til Johanne forsvann sporlaust da ho var i tenåra. Johanne trur han er død, men mora har aldri slutta å vente på at han ein dag skal kome tilbake. No er mora på sjukeheim og har nekta å snakke med Johanne på fleire månader. Kvifor teier mora og kva skjedde med faren?

Etterkvart som Johanne trenger djupare inn i foreldra sitt liv, kjem ho nærmare seg sjølv og sitt eige ekteskap. Er det mogleg å stenge ute mørkret? Kan eit mildt vesen gjere bot for svik og utruskap? Landskapet i romanen skapar ei figurleg og vakker kulisse i dette tause familiedramaet. Bildøen har eit nydeleg språk, og greier noko så finurleg som å balansere mellom det prosaiske, fortetta og det naive, humoristiske.

Eg ser forøvrig i avisene at Brit Bildøen fyller 50 i desse dagar. Hipp hurra!

Ei sterk og kjenslevar bok. Anbefalast.

2 kommentarer:

astridterese sa...

Er det ikke rart hvordan hyllene kan svelge bøker for så plutselig å spytte dem ut. Spesielt observert når en leter etter en bestemt bok for en låner :-)

Men boken hørtes bra ut. Jeg noterer meg tittelen.

Gråbekka`s Blogger sa...

Bra bokomtale!Boken er notert ned:)