RSS

Rebecca


Daphne Du Maurier: Rebecca, 439 sider. Oversett av Helen Stibolt.

Puh, kor spennande! Ikkje vanskeleg å skjøne kvifor denne romanen har blitt filmatisert av sjølvaste Hitchcock.

Vi skal attende til 1930-åra. Maxim de Winter reiser til Monte Carlo for å drukne sorgene sine etter at kona hans, Rebecca, blir funne død. Her treffer han ei ung kvinne, som han giftar seg med og tek med heim til det engelske familiegodset sitt, Manderley. Den nye frua har vanskeleg for å finne seg til rette i godset, der minnet om Rebecca ser ut til å heimsøke både de Winter og tenarstaben.

Den avdøde fru de Winter regjerer framleis på godset, trass i at ho døydde for over eit år sidan. Hushalderska, fru Danvers, gjer sitt ytterste for at den nye fru de Winter skal føle seg uvelkommen. Ho minner henne stadig om Rebecca sine mange kvalitetar og at ho aldri kan leve opp til dei. Ho oppmodar endatil fru de Winter til å hoppe ut av vindaget og ta livet sitt. Vi har full sympati med hovudpersonen og forsøker å nøste opp i mysteriet saman med ho. Den einaste som ser ut til å ha ei negativ oppfatning av Rebecca, er Ben, ein av naboane. Kven var eigentleg Rebecca, og kva skjedde med ho?

Dette kallar eg god krim! Vi får vite kva som skjedde med Rebecca om lag halvvegs i boka, men det blir ikkje mindre spennande av den grunn. Tvert imot. Dei siste 100 sidene var det så nervepirrande at eg ikkje greidde å trekke pusten skikkeleg. De Maurier er utan tvil ein mester i å skildre sammensette karakterar med mørke løyndommar. Vi blir fortald historia gjennom den nye kona, som forblir utan fornamn, ei tilsynelatande naiv, ung jente. Vi kjem til Manderley for første gong saman med henne, utforskar det og kjenner oss like utilpass der som ho. Litt etter litt skjønar vi meir. Men vi har heile tida kjensla over at noko er skjult for oss. Språket er upåklageleg. Elegant. Akkurat som Manderley.

Anbefalast! God bok.

5 kommentarer:

linesbibliotek sa...

Veldig fristende anbefaling, og ikke minst overraskende at dette er en slags krimroman. Jeg har den i bokhyllen allerede, men har ikke visst før nå hva den egentlig handlet om (fikk den som hovedbok). Må se om jeg ikke får lest denne i påsken.

Er forresten spent på hva du synes om Inn i elden, den skal jeg også lese så snart som overhodet mulig.

annkolaas sa...

Jeg ble også overrasket over at det er krim. Omslaget ser så "kiosk"aktig ut. Ellers kan jeg fortelle at Inn i elden er veldig vanskelig å legge fra seg. Begynte på den i dag, og er nok ferdig i morgen, tenker jeg. Gled deg.

tussi sa...

Enda en bok jeg må lese! Inn i elden står også på lista. Herlig!

Elida sa...

Eg og likte denne då eg leste den for eitt års tid sidan. Spennande greier:-)

Silje - Så rart sa...

Denne har jeg hørt om i så mange sammenhenger, men har heller aldri fått med meg at den var en spennende krim. Tror den må leses ja:-)