RSS

Snakk til meg


Vigdis Hjorth: Snakk til meg, 267 sider

Bibliotekaren Ingeborg reiser til Cuba og opplever kjensler ho ikkje har kjent på lenge. Heime er ho middelaldrande, einsam og har ein son som aldri ringer opp att. I Cuba får ho kjenne tettleiken mellom menneska og kontrasten mellom fattig og rik. Her finner ho varme, vennskap og dragnad mot lidenskapelege Enrique. Vel heime begynner arbeidet med å få Enrique inn i Noreg.

Eg likar Hjorth betre og betre. Dette er ei av dei nyaste bøkene hennar, og det er interessant å sjå korleis skrivestilen har utvikla seg. Kan hende er det berre denne boka, men til skilnad frå dei andre romanane hennar, er denne heilt annleis bygd opp. Boka er nesten blotta for dialog, ho er full av tankestraumar og setningar som glir over i kvarandre. Det skapar ein intensitet, og det blir opp til lesaren å setje punktum. Puste. Språket har eit slags dagbokpreg, ein stum du-person som Ingeborg fortel historia si til. Det tek ikkje lang tid før vi skjønar at det er sonen ho snakkar til. Torgrim som studerer i Stockholm og ikkje har vore heime på lenge, ikkje skal heim på lenge.

Hjorth har skrive ei ærleg forteljing om kommunikasjon og togn. Det ligger ei audmjuk beundring over Ingeborg, som tør å ta dette livsomvendande valet, men eg kjenner samstundes ei medkjensle over saknet ho har etter sonen. Slik lesnad rippar opp i eigne kjensler, val og redsel for sjølv å ende opp med born som ikkje vil trenge meg når dei skaper eigne liv.

God bok. Anbefalast.

1 kommentarer:

astridterese sa...

Denne har jeg lest og likt. :-) Jeg falt for Hjorth etter Tredje person entall som jeg likte virkelig godt. Nå skal jeg snart i gang med Tredve dager i Sandefjord, og håper jeg liker den like mye!