RSS

Det blå rommet


Susan Henderson: Det blå rommet, 323 sider. Oversett av Hilde Lyng

Mor til sju år gamle Tillie Harris ser ikkje ut til å vere glad lenger. Ho ligger på soverommet heile dagen og kjem sjeldan ut til dei andre. Tillie og storebroren må klare seg sjølv. Far er oberst og arbeider mykje. Da han får jobb i Pentagon, flytter Tillie og familien til Washington. Alt skal bli betre, men det manglar ein vesentleg ting. Mor er ikkje lenger der, og far har inga forklaring på kor ho har tatt vegen. Ho skal helst ikkje snakkast om. Tillie saknar mor forferdeleg mykje og begynner i all hemmelegheit å leite etter henne. Ein kveld finner ho ei dør i kjellaren. Ei dør med eit merkeleg blått lys. Er det dit mor har tatt vegen?

Det blå rommet tar opp alvorlege tema. Mor til Tillie lider av ein djup depresjon. Ho trenger openbart hjelp, men mannen hennar, obersten, er for disiplinert, for opptatt av fasade til å kunne gi henne hjelp. Tillie prøver alt ho kan for at mor skal finne glede, medan storebror stenger mor ute. Er ikkje dei nok for ho, kan ho segle sin eigen sjø. Denne mangelen på omsorg gjer at Tillie søker tilflukt i ei fantastiverd, men sjølv der treng ho ei mor.

Forteljinga er urovekkande, sterk og umogleg å stenge ute. Tillie er berre åtte år når dette foregår. Det er ho som fortel historia, sett frå ein åtteåring. Det er opprivande å lese om saknet ho har etter mor, kor mykje ho treng mor. Storebror Phil er meir reservert, vil ikkje vise kjensler, men vi ser at det går meir innpå han enn han vil vise. Også han treng mor si. Far si strenge framtoning blir ei tydeleg kontrast til mor si hjelpeløyse, han kjeftar stadig på mor og ber ho ta seg saman. Bøkene mor les kan vere eit forsøk på nettopp det. Sylvia Plath kan kanskje gi trøyst, om ikkje svar?

Vi får innsyn i borna si verd. Ei kaotisk verd kor dei vaksne går til grunne medan borna forsøker å samle restane. Boka opnar med ei vaksen Tillie som er i ferd med å føde, og vi får følgje ho gjennom fødselen i eit par kapitler til seinere i boka - også i avslutningskapitlet. Men det er barndommen til Tillie som har hovudfokuset.

Eg synest dette var ei nydeleg og sår bok. Anbefalast.

7 kommentarer:

Gråbekka`s Blogger sa...

Kjempefin anmeldelse:) Høres ut som en litt dyster bok, men en bok som man burde få lest:) God påske videre!:)

annkolaas sa...

Tusen takk! Ja, denne tror jeg passer for alle. God påske til deg:)

astridterese sa...

En sterk beskrivelse av en bok jeg absolutt må få lest! Takk for tips!

Jeg ønsker deg en riktig god påskeuke!

annkolaas sa...

Takk det samme! Ja, det var svært vanskelig å legge den fra seg.

aariho sa...

Enda en bok som du anbefaler som ser ut til å fenge meg! Takk for gode beskrivelser av bøkene. God påske!

annkolaas sa...

Kjekt å høre! God påske til deg:)

Julie sa...

Denne høres det ut som om jeg burde lese. Takk for tips!