RSS

Genanse og verdighet

Dag Solstad: Genanse og verdighet, 143 sider

Min første Solstad! Dersom vi ser vekk i frå ymse noveller og småtekster da. Kvifor har dykk ikkje sagt til meg at eg burde lese Solstad? Eller har de sagt det? Eg hugsar ikkje. Eg høyrer så mykje for tida, og seier så mykje. Umuleg å drage ting frå kvarandre. Men i alle fall, eg likte det, sjølvsagt, kvifor skulle eg ikkje det? Boka inneheld alle favorittingrediensane mine: Skule, lektor, norsk.. treng eg seie meir?

Genanse og verdighet tar for seg Elias Rukla, ein fordrukken norsklektor i 50-årsalderen. Etter å ha pint elevane gjennom det same kapitlet i Vildanden, sprekker det for han da han ute i skuleplana ikkje greier å få opp paraplyen sin. Han slår rundt seg, hoppar på paraplyen og roper skjellsord til fleire av elevane som, naturleg nok, har flokka seg rundt han for å vere vitne til dette absurde opptrinnet til den elles så beherska og stille lektor Rukla. Etterpå spaserer han heim og forsøker å pønske ut ein passande måte å fortelje kona at han kanskje har mista jobben. Han vil uansett aldri meir setje sine bein ved Fagerborg videregående skole. Resten av boka er eit retrospektivt tilbakeblikk, der vi får høyre om studietida, korleis han trefte kona si og livet deira fram til denne fatale dagen. Eksistensielt, nevrotisk, herleg.

Flott språk, til tider heseblesande med alle tankestrøymingane og mangelen på avsnitt og bla bla. Kan nesten ikkje seie meir, det er trass alt Solstad vi har med å gjere. Minte litt om Ravatn si Veke 53, for meg, men i røynda blir det strengt tatt omvent sidan Solstad kom først. Eg veit i grunnen ikkje kvifor eg har latt Solstad ligge. Det har vel berre blitt slik. No veit eg i alle fall betre. Professor Andersens natt neste!

Anbefalast.

5 kommentarer:

torbjørn hauken sa...

Ja, det meste av Solstad er verd å lese men den du begynte med hører til blant min favoritter. Du må selvsagt lese 'Gymnaslærer Pederse..',dessuten anbefaler jeg spesielt 'Roman 87'.

annkolaas sa...

Takk for tips:)

astridterese sa...

Jeg har ikke lest noe av Solstad og har bare hørt om disse lange setningene som går side opp og side ned :-) Kanskje verd å ta en nærmere titt på han :-)

Rose-maries litteratur- og filmblogg sa...

Så fint at du har oppdaget Solstads bøker! Selv er jeg en stor Solstad-fan og har omtalt mange av hans bøker på bloggen min. "Genanse og verdighet" er og blir min favoritt!

linesbibliotek sa...

Hmmm. Jeg er skeptisk til Solstad, må jeg innrømme, etter å ha lest et utdrag i en blindtest en gang på skolen. Dørgende kjedelig var min opplevelse. Men jeg har denne i bokhyllen og sidetallet gjør at jeg jo kan gjøre et forsøk. Alle lovordene deres vipper meg i den retningen.