RSS

Dyp rød 315

Helene Uri: Dyp rød 315, 206 sider

Jeg begynte raskt å lide av en post-predragsk blues, og jeg måtte innrømme at ensomme utløsninger hjemme ikke ble helt det samme. Jeg begynte å se etter en som kunne overta Predrags plass. Jeg vurderte både en AD, kollega og kronisk beundrer og beiler, samt en rørlegger, som hadde pusset opp naboens bad for en måneds tid siden. Rørleggeren hadde imidlertid allværsjakke fra Dressmann. Og AD-en uttalte ciabatta som s-iabatta, og bestilte det dessverre nesten hver dag i kantinen. Både rørleggeren og AD-en ble forkastet.

Dyp rød 315 er fargen på leppestiften Gina bruker. Gina er ung, sjølvsikker og ekstremt opptatt av ytre fasade. Ho speglar seg opptil fleire gongar om dagen, og har filma seg sjølv i ulike scenario for å kunne ta seg best mogleg ut frå alle vinklar. I boka er det Gina som pratar til psykiateren sin, i noko som kan verke som eit lydbandopptak. Gina fortel om seg sjølv og nemner ulike episodar frå barndommen med mamma, pappa og veslebror Gabriel. Vi skjønar at det har hendt noko. Psykiateren kjem stadig inn på temaet, men Gina er meir interessert i å fortelje om detaljerte sexhistorier. Ho har bøker der ho skriver ned talet på kompliment ho har fått, kor høgt (lavt) kaloriinntaket har vore og kor gode sexerobringane er på ein skala frå ein til ti. Gina meiner dette gir ho kontroll over situasjonen. Blant anna er ho ikkje saman med ein mann i meir enn åtte månadar. Når Gina sjølv blir dumpa, toppar det seg for ho og ho gjer noko som fører til at ho må ha desse samtalane med psykiateren.

Dyp rød 315 er annleis enn dei andre, typiske romanane Uri har skrive, men det er i same gate. Sterke, hemngjerrige kvinner som tar saken i eigne hender, berre at denne gongen opplever hovudpersonen ei identiteskrise fullstendig ute av kontroll. Ho har sidan barndommen gått inn i ei rolle ho trur omgjevnadane forventar av ho.

Uri si språklege interesse skin godt gjennom, noko som gir ei fin ramme. Eg synest dette er Uri si svakaste hittil, kanskje ikkje så rart sidan det jo er debutboka hennar (for vaksne vel å merke). Eg likte likevel boka veldig godt. Den tek opp eit alvorleg tema, og eg kan ikkje nekte for at denne Gina er både underhaldande og morosam. Enn så tragisk..

Anbefalast.

1 kommentarer:

Gråbekka`s Blogger sa...

Flott anmeldelse:) Har ikke lest denne av Uri:) Tror jeg må føre den opp på Uri bøker jeg må lese:) Ha en flott dag!:)