RSS

Uke 43

Hanne Ørstavik: Uke 43, 229 sider

33 år gamle Solveig er nytilsett litteraturvitar ved ein distrikthøgskule. Solveig er eineborn, har eit komplisert forhold til mor si og verkar i det heile ut til å vere ei einsam og isolert kvinne. Det er den eldre kvinna Hilde som er årsaken til at ho sluttar i ein allereie godt betalt jobb ved universitetet. Ho ser opp til Hilde og vil gjerne at Hilde skal sjå ho, skjøne at dei to er dei einaste som tenkjer slik og sånn, og er samde om kva som er teksten sitt underliggjande bodskap. I løpet av ei veke blir dei godt kjende, og Solveig speglar seg i Hilde sitt vennskap. Ein kveld inviterer Hilde eit knippe kollegaer heim til seg, også Solveig, som kjenner seg utilpass med å måtte "dele" Hilde. Når kollegaene diskuterer ein roman og det kjem fram at Hilde ikkje er einig i Solveig sitt syn på denne, blir det for mykje for ho og ho dreg i sinne og forvirring.

Eg synest historia blei litt for tam. Solveig er framstilt som ekstremt usikker, noko som kjem til syne i den keitete oppførselen hennar. Eg blei flau av å lese, og det blei meir irriterande enn morosamt å høyre om dei pinlege situasjonane ho lagar seg. Solveig verkar låst i tenkjemåten, handlingane sine og dette øydelegg veldig mykje, også det begynnande vennskapet til Hilde.

Men for all del, det er ein velskriven roman og slett ikkje dårleg. Heilt grei. Verken meir eller mindre.

2 kommentarer:

astridterese sa...

Det hørtes ikke helt ut som en bok å ta med seg hjem selv om du skriver den er helt grei :-)
Som bokblogger kjenner jeg at jeg blir litt bortskjemt av alle de gode bøkene som finnes der ute. Jeg bruker nok lite tid på det som er helt greit. Men egentlig tror jeg at det hadde vært lurt å lese sånne også innimellom :-)

annkolaas sa...

Enig med deg. Jeg føler ikke noe fra eller til etter å ha lest, og da er det vel like greit å styre unna? Om en vil lese noe av Ørstavik, anbefaler jeg heller Kjærlighet - enn så fæl den er.