RSS

"Ellevte roman, bok atten"

Dag Solstad: "Ellevte roman, bok atten": 144 sider

Dette er min tredje Solstad og sjølvsagt ikkje min siste. Denne gongen er det Bjørn Hansen som er hovudpersonen. Han har nettopp forlate kona og sin to år gamle son for å flytte saman med elskerinna si, Turid Lammers, i heimbyen hennar. Her får Bjørn arbeid som kemner, ein jobb han ikkje er særleg fornøgd med, men lik alt anna, tilpassar han seg raskt. Det kjem snart til syne at Bjørn er ein rastlaus person, stadig på jakt etter nye impulsar. Eit brot mellom han og Turid Lammers er uungåeleg, og Bjørn ender opp som ein singel femtiåring. Når sonen hans skal begynne å studere i byen Bjørn bur, får han flytte inn hos far sin og ei nytt tilvere begynner.

Solstad er ein framifrå forteljar, og stoppar ofte opp i handlinga for å gruble over situasjonen. Vi får skildra kor vanskeleg det kan vere å kome forbi den overfladiske kommunikasjonen, sjølv mellom dei som lever tett. Dette gjer at lesaren kjem nærare inn i både personane og historia. Eg likte boka svært godt og er glad eg har 17. roman i hylla mi. Men først er det jul.


Eg ønsker alle mine medbloggarar ei riktig god jul!

0 kommentarer: