RSS

Den fortrolige

Héléne Grémillon: Den fortrolige, 249 sider. Oversett av Agnete Øye

Paris 1975: Camille har akkurat mista mor si og mottek ei rekke kondolansebrev i posten. Blant desse er det ein tjukk konvolutt frå ein anonym avsendar. Den same konvolutten kjem deretter i postkassa kvar tirsdag. Camille skjønar etterkvart at kvar konvolutt inneheld eit nytt kapittel av ei forteljing om øydelagde lagnadar og umogleg kjærleik. Ei forteljing som skal vise seg å avsløre noko om Camilles eiga fortid.

Forteljinga i konvoluttane handlar om ungjenta Annie som inngår ei pakt med den velståande Madame M. Andre verdskrig bryt ut, og i desperasjon etter å oppnå draumane sine tek dei to kvinnene val som får alvorlege konsekvensar.

Tenkjer du no at handlinga i boka høyres interessant ut, så la meg også få freiste deg med å seie at språket er verd lesinga aleine. Det er ikkje ofte eg kjem over ei bok som kan levere begge delar, som regel skortar det litt - i alle fall på eine delen. Men ikkje denne i boka. Denne er tvers gjennom elegant, nydeleg og svært spennande. Historia fenga meg frå første side; måten spenninga er bygd opp, små leietrådar blir gitt undervegs, men nøstast ikkje fullstendig opp før heilt til slutt. Breva har forskjellige forteljarstemmer, noko som gir stadig nye opplysningar om kva som eigentleg skjedde. Det skaper djupleik og gir sympati for dei involverte. Ja, dette er ei typisk fortid- vs notidshistorie, men måten romanen er skriven og bygd opp gjer det likevel til noko heilt anna. Noko betre.

Perfeksjon, rett og slett. Anbefalast verkeleg.

Takk til Aschehoug.


4 kommentarer:

Elin sa...

Høres veldig spennende ut, denne fikk jeg lyst til å lese:)

annkolaas sa...

Bra:)

ellikken sa...

Nok en gang har vi lik opplevelse av en bok. Jeg blir så glad, så glad! Leste ut denne boken i dag, skrev en omtale i en fei, og har akkurat trykket på publiser. Noen svakheter til tross, denne likte jeg mer enn godt!

- Og så GLAD jeg er for at jeg ikke ga opp boken tross tung start.

annkolaas sa...

Ja, jeg hadde nøyaktig samme opplevelse. Vurderte å legge fra meg etter noen sider, men fortsatte heldigvis. Boken tar seg mer enn opp, så jeg tenkte ikke engang på å nevne det i omtalen.