RSS

Helbredelsen

Jonathan Odell: Helbredelsen, 341 sider. Oversett av Kia Halling

Sørstatane, 1933: Den tidlegare slaven Gran Gran har arbeidd som jordmor og hjelpande kvinne i fleire år. Ein dag kjem det ei kvinne ho ikkje kan redde, og Gran Gran sit att med dottera hennar, Violet. Violet er traumatisert og svært ordknapp, men Gran Gran finner ut at ho lyttar iherdig når ho fortel historia om barndommen sin. Gran Gran si historie tek til i 1847 ved Satterfield-plantasjen i Sørstatane. Husets frue, fru Amanda, mister si einaste dotter i kolera. Full av sorg og ein skrantande mental tilstand beordrar ho ei av slavejentene ved plantasjen til å gi frå seg det nyfødde bornet sitt. Vesle Yewande blir Granada og må vekse opp saman med dei kvite. Utkledd i den døde dottera sine klede får ho sitje til bords med frua, til stor forarging hos mannen hennar. I eit forsøk på å utrydde koleraen som herjar over plantasjen tilset han Polly Shine, ei svart kvinne som er kjend for å vere healer. Polly Shine ser raskt at Granada sjølv har evna, og Granada går frå å vere husfrua si pyntedokke til å måtte flytte ned til Polly i plantasjen og dermed ha ein fot i begge verder.

Gran Gran si historie er meint å trøyste vesle Violet, men etterkvart som ho fortel oppdagar ho at historiene deira møtast og begge opplever ei lækande effekt.

Dette er sjølvsagt ein såkalla page turner, men boka har likevel så mykje meir enn rein underhaldningsverdi. At det er basert på ekte hendingar styrker truverdet, og gjer meg både trist og glad. Forfattaren sitt etterord fortel lesaren om prosessen, og eg synest nesten det er vel så spennande å høyre det som sjølve boka. Han har intervjua fleire og forsøkt å unngå å setje slavane i ein stakkarsleg posisjon. Det greier han fint. Det er dei sterke kvinnene som dominerer historia, dei er fulle av kjærleik og pågangsmot. Forteljinga spelar på fleire strenger - det handlar ikkje berre om kampen for fridom, men kampen for tillit og å høyre til. Helbredelsen viser oss kor lækjande det å vise nestekjærleik kan vere, og kor viktig det er å kjenne røtene sine.

Likte du Tilbake til Tall Oaks og Barnepiken, vil du like denne. Personleg likte eg dei to nemnde betre, men denne er slett ingen dårleg etterkommar.

Anbefalast.

0 kommentarer: