RSS

Disse øyeblikk

Herbjørg Wassmo: Disse øyeblikk, 372 sider

Hun kan krype inn under de duftende brede granskjørtene og være helt alene. Der, hos de nifseste historiene, blir lyset silt gjennom sprinkler av barnåler og kvist, og mose i alle sjatteringer står frem i skogkanten som en myk trøst når alt er som verst.

Dette er ei nydeleg bok. Wassmo har sjølv sagt at ho har skrive ein roman om eit kvinneliv. Hennar eige liv i romanform. Ved å omtale hovudpersonen som "hun" distanserer ho seg, og det er kan hende enklare å fortelje om det vonde. Ho opplevde braksuksess med Tora-trilogien og fekk dei same spørsmåla om og om att. Kven er jenta som blei misbrukt? Er ho basert på ein ekte person? Wassmo nekta. Jenta var fiktiv. Da mora døydde såg ikkje Wassmo nokon grunn til å halde det skjult lenger. Farligheten skulle bli allmenn kjend. Det var hennar eigen far som misbrukte henne. Tora var basert på Wassmo sine eigne opplevingar. Også i dei andre bøkene finn vi spor av det sjølvopplevde. 

I Disse øyeblikk lettar Wassmo på sløret og fortel om ei jente som blir introdusert for vaksenlivet altfor tidleg. Jenta veks opp til å bli ei sterk kvinne som ikkje er redd for å stå for meiningane sine. Ho arbeider som lærar, før ho til slutt satsar alt på skrivinga. Vegen dit er likevel ikkje enkel. Ho må ta fleire vanskelege val. Nokre angrar ho på, andre ikkje. Men dei er nødvendige. Det er aldri populært å skilje seg ut. Sjølv om mannen drikk mykje og er utru jamnt, er det ho som får skulda for at ekteskapet tar slutt sidan ho "reiser frå mann og unger for å studere og realisere seg selv". I staden for å hylle henne, skuggar kvinnene i bygda unna. Janteloven er sterk. Men ho er sterkare.

Wassmo skriv ærleg og presist. Ho skreller vekk unødvendige ord, bruker symbolikk og poesi i språket. Alle er namnlause, unntatt dei døde diktarane ho av og til rådførar seg med. Som i dei andre romanane hennar, må du lese mellom linjene og tolke det usagte, noko som gjer boka til så mykje meir enn ein roman. Det er samansett, kunstnerisk og sårt. Ved å setje ord på sterke kjensler og vanskelege tema er det ikkje rart at Wassmo har skrive seg til å bli ein av dei mest elska forfattarene våre.

God bok. Anbefalast. 

Eg var så heldig å vinne boka, signert av forfattaren sjølv. Takk til Gyldendal. 

2 kommentarer:

Knirk sa...

Denne fikk jeg med fra bokbloggtreffet og har ikke fått lest den enda, men gleder meg. Særlig når jeg leser det du skriver.

Tine sa...

Denne er vidunderlig bra, flott omtale forresten :)