RSS

Just kids

Patti Smith: Just kids, 334 sider. Oversett av Brit Bildøen

Eg har eigentleg ikkje særleg skrivelyst for tida, men eg kan ikkje ha lese denne boka utan å skrive noko om ho, om enn nokre få ord. Eg byrjar i alle høve berre å skrive, så får vi sjå kor pennen fører meg.

Det må nemnast at eg aldri har vore noko spesielt interessert i Patti Smith. Ikkje noko grunn til det, altså. Eg likar musikken hennar og alt, men det har aldri blitt til at eg har utforska ho nærmare. Da eg las boka høyrde eg litt på ho og kjende at det gav eit fint supplement til historia. Det er jo god musikk, ingen tvil om det. Og no er eg sjølvsagt meir interessert i ho.

I alle fall. Just kids er ein sjølvbiografi, skriven av Patti sjølv, der ho byrjar med barneåra og avsluttar rundt der ho er i ferd med å få gjennombrot med musikken. Historia konsentrerer seg mykje om den første kjærasten hennar, Robert Mapplethorpe, som etterkvart blir den beste venen hennar. Kjærleiken deira tilhøyrer ikkje berre kvarandre, men i aller høgaste grad kunsten. Patti vil bli poet og kunstnar medan Robert tar bilete. Patti skildrar livet deira i byrjinga av 70-talet, korleis dei menger seg med fleire andre kjende kunstnarar, forfattarar og musikarar som i likskap med dei, har fast rom på det legendariske Chelsea Hotel.

Patti Smith skriv veldig godt. Språket hennar er ærleg og stemningsskapande, lik dei gode tekstane i songane hennar. Boka er krydra med fleire personlege bilete og tekstar, noko som gjer ho til eit unikt tidsdokument. Det er unekteleg spennande å få eit innblikk i New York sitt avantgardiske kunstnarliv på 70-talet, men Just kids er mykje meir enn ein biografi. Det er ei forteljing om å vere ung og skapande, om aldri å gi opp draumen sin. Det er òg eit inderleg minne om ein høgt elska ven.

Eg var så heldig å vinne boka (med fleire) i Samlaget sin julekalender 2013, så takk til dei.

Just kids anbefalast til alle, fans eller ei. Det er ei veldig fin bok.


2 kommentarer:

Ukjent terreng -Aina sa...

Denne står på "ventelista". Fekk den av min tidlegare sjef,(særs musikkinteressert) som meinte denne var strålande, også for meg utan særleg interesse for Patti sin musikk. Les faktisk "Woolgathering" av den same dama i desse dagar. Fin, men litt forvirrande. Må lese fleire sider om att. Fortsatt god sommar :-)

annkolaas sa...

Eg har heller ikkje kjennskap til Smith, men seier meg heilt einig i den tidlegare sjefen din. Han høyrest ut som ein smart fyr. God sommar til deg!