RSS

Innsirkling 3

Carl Frode Tiller: Innsirkling 3, 475 sider

Soga er komplett!

Eg var så heldig å få høyre Tiller i samtale med Fredrik Wandrup i forbindelse med Oslo Bokfestival tidlegare denne månaden. Der peika mellom anna Wandrup på dette med at Innsirkling har vist seg å bli ei slags soge, der forskjellige delar av Noregs befolkning er representert. Tiller verka litt forlegen over at romanserien blei omtala med så store ord, men innrømte sjølv å ha sett det i slutten av bok to, og i byrjinga av bok tre. Han seier sjølv at han har latt seg inspirere av heimstaden, men at det nok meir eller mindre handlar om heile Noreg. Dette har eg fundert mykje over, og ser det mykje klarare sjølv i bok tre. Alle dei forskjellige mennesketypane, personlegdomane og bakgrunnane som er representert. Du får servert alt fra den hardbarka og rutinerte arbeidaren til ei meir frisinna New Age-diva.

No har eg altså gått ut frå at du som les dette sjølvsagt er kjend med Tiller frå før. Er du ikkje det må du sjå til å bli det pronto. Her kan du i alle høve oppdatere deg litt om bok 1 og 2. Dette er altså siste og endelege boka om denne mystiske David, som har gløymt kven han er. Han har fått tilsendt og lese alle breva frå dei som kjende han att, og det skal vise seg at han slett ikkje har gløymt noko. Dette visste vi allereie i bok to, men kva som eigentleg ligg bak denne avisannonsen var heilt nytt. I alle fall såg ikkje eg det kome. Eg skal ikkje røpe noko, i fall du er ny, kjære lesar.

Inkje mindre enn eit psykologisk meisterverk

Enda eg veit kor god han er til å skildre menneskesinnet, lar eg meg gong på gong forbløffe over denne inngåande evna til å setje seg inn i menneskepsyken. Dette er òg noko av det eg likar best med bøkene hans; Måten karakterane hans analyserer dei rundt seg, kva dei gjer og kvifor dei gjer det, verknaden dei håper å få hos andre og verknaden det får hos dei andre. Eg kjenner meg så grueleg att i mykje av dei, både hos tolkaren og aktøren - om ein kan kalle dei det. Like mykje kjenner eg meg ikkje att i, det er viktig å få med. Det blir til tider eit mas å lese korleis alt blir vridd til noko negativt. Særleg gjeld dette hovudpersonen sjølv, David. Eg kjende meg aldri så lite skuffa over han. Han er ein plaga person, klart prega av barndommen (igjen, utan å røpe noko meir), full av aggresjon og dårleg sjølvbilete. Dette gjer at han avviser fleire som vil han godt. Han tyr òg til absurde metodar for å hevde seg hos ulike personar, noko som avslører at han har humor oppi all denne galskapen.

Eg ser ned samtidig som eg løftar ei hand og let som eg pirkar vekk eitt eller anna på skjorta, prøver å skjule ansiktet så dei ikkje skal sjå kor sint eg er i ferd med å bli, gjer det heilt spontant, for dette er fan ikkje til å tru, ikkje nok med at kjerringa har vorte sprut galen, men ho oppfører seg til og med som om eg ikkje bur her i det heile tatt, snakkar og oppfører seg jo som om eg ikkje har nokon som helst med korleis det ser ut i mitt eige hus. 

Etter å ha sirkla inn David i form av åtte tidlegare brevskrivarar, gjorde vi oss opp eit bilete av kven han er. Det er likevel ikkje til å kome frå at han nok ikkje svara til forventingane. Dette viser at kven vi er og korleis vi ser oss sjølve ikkje alltid samsvarer med det synet andre har av oss. Sjølv er han heller ikkje heilt einig i portrettet desse brevskrivarane har teikna av han, og han ler det meir eller mindre vekk. Vi sit heller ikkje att med ei kjensle av å ha fått svar på alle dei spørsmåla vi har laga oss i løpet av dei to føregåande bøkene. Slik sett kan slutten verke skuffande. Men, og dette er viktig: Greier du å la vere å henge deg opp i David, og i staden legge vekt på dei omfattande og komplekse mellommenneskelege relasjonane så vil du kunne nyte ei eventyrleg, men realistisk soge frå vår tid.

Anbefalast, Go Tiller!

Takk til Bok og Media, som gjekk med på å ta attende tråden eg kjøpte for fleire månadar sidan (som om eg kom til å hekle det golvteppet, haha!) og lot meg byte til meg denne boka. Og nei, eg veit ikkje korleis eg får til ein sånn ò. 






5 kommentarer:

Anita Ness sa...

Jeg er midt i denne, og koser meg, så jeg skal les e innlegget ditt bedre når jeg er ferdig.:)

annkolaas sa...

Det høres bra ut!

aariho sa...

Jeg har boka framfor meg - skal bare lese et par andre først. Godt å ha noe å storglede seg til!

ellikken sa...

Vet ikke om jeg tør lese boken. Jeg blir så lei meg når siste side er lest.

annkolaas sa...

Det høres bra ut, aariho. Jeg har maaange andre bøker å glede meg til nå. Bunken blir jo bare større og tørre - og tiden mindre. Klart du må lese, Ellikken! Greide du å lese "Unnskyld", greier du å lese alt.