RSS

Vindauga i matsalen vender mot fjorden

Mette Karlsvik: Vindauga i matsalen vender mot fjorden, 114 sider

Til dei som lurer: Ja, eg er heilt forelska i dette omslaget, men det var ikkje derfor eg plukka ho med frå biblioteket.  Denne boka har eg hatt lyst til å lese heilt sidan eg var medsensor i ei sæemneframsyning kor ein elev hadde om denne (og to andre bøker som eg jaggu har gløymt kva var. Eg synest å hugse å ha lese dei to andre og derfor merka meg kun denne eine).

Skaren blei tjukkare. Eller var det eg som blei tynnare?

Vindauga i matsalen vender mot fjorden og utsikta er frå sjukehuset. Hovudpersonen er innlagd med eteforstyrring og handlinga foregår stort sett rundt matbordet. Ho går i samtaleterapi for å lære seg å takle overgangen frå born til vaksen, og å ta eitt skritt om gangen. Ho er redd for mat, redd for å vekse og redd for livet. No skal ho få hjelp slik at ho ikkje er redd for å leve.

Eg joggar. Skogen er ein svart snigel. Houdvegen kjører over han. Frå såret piplar gatelyspuss. Lysdråpane treffer asfalten og sprett opp mot meg. Joggebuksa er klam mot leggen. Sveitten renn i grøftene mine, i søkka over kragebeinet. 

Vindauga i matsalen vender mot fjorden er ei fin lita bok. Ei blanding av korte tekstar, reknestykke og lyrikk. Språket er utforskande og vakkert.  Karlsvik fekk Tarjej Vesaas` debutantpris for denne, velfortent.

God bok. Anbefalast.


0 kommentarer: