RSS

Undis Brekke

Gunnhild Øyehaug: Undis Brekke, 126 sider

Etter seks år har Gunnhild Øyehaug endeleg kome med ein ny roman. Eg var ein av dei som trykte Vente, blinke til brystet og sporenstreks visste at eg skulle lese denne, men jaggu skulle ho ikkje vere lett å få tak i. I biblioteka var ho anten utlånt, utseld eller altfor ny, og eg fann ho ikkje i dei næraste bokhandlane. Men det er ikkje berre eg som har venta på denne. Da eg og nokre kollegaer var på Litterær salong i Jugenstilsenteret og høyrde Øyehaug bli bokbada for eit par veker sidan (jada, det var fullt hus), hadde eg for ein gongs skuld hugsa å ta med pengar for å få kjøpe boka - og kanskje få med ei lita helsing. Eg gløymer alltid å tenkje på slike detaljar. Men da hadde ho ikkje med bøker, for tenk, heller ikkje ho fekk tak i si eiga bok. Dumt, men det er jo kjekt at boka er attraktiv da. Lukka var stor da eg fekk ho i posten. No er ho lesen og allereie lånt vekk.

Undis Brekke var ein "up and coming"- tjueåring som ikkje kunne kome seg fort nok vekk frå heimbygda Kolve. Ho flytta til Bergen, gav ut ein roman og kom seg heilt til doktorgraden. Så stagnerte det. Skrivinga, kjærasteforholdet, livet. Når boka startar er ho 38 år (om vi ser bort frå eit par sider om sjølve befruktinga), har nettopp flytta attende til Kolve og skal undervise ved Høgskulen i Eitre. Ho har blitt "kvapsete", premenstruell og kjenner seg som ein "failure". Store delar av romanen tek til ved instituttets årlege julebord, som dette året serverer smalahove. Undis tenkjer attende på tidlegare episodar, noko som opnar for mykje meir enn det som går føre seg i dette smalahovekalaset. Undis er mellom anna veldig plaga av PMS, og meiner sjølv at ho berre er eit tenkjande menneske ein dag i månaden. Resten av tida er ho eit offer for dette utakksame syndromet. Vi får høyre om korleis ho blir stadig meir klar over at forholdet til kjærasten ikkje kan vare, men at ho ikkje tør å seie frå til henne. Elles snik det seg inn ein del litteraturvitskapelege omgrep og teoriar ettersom ho har halde på med ei doktorgradsavhandling om Rimbaud.


Øyehaug fortalde mykje om boka si da ho blei bokbada, og ho er akkurat så hyggeleg og morosam som ein får inntrykk av når ein les litteraturen hennar. Ho las fleire parti frå boka, og hadde ikkje tilhøyrarane allereie lese boka, så er eg sikker på dei har gjort det no. Undis Brekke er ein svært god andreroman. Vi som er kjend med Øyehaug sin skrivestil kan glede oss over mange observante situasjonar og eit glitrande språk. Trass i Undis Brekke sin til tider desperate person, finn ein nok av augneblinkar å kjenne seg att i. Dei trente augo ser kanskje likskapane mellom Kolve/Eitre og Ørsta/Volda og ymse anna? Øyehaug er riktignok ein 38 år gammal litteraturvitar med ein roman (og meir) bak seg, men ho er altså ikkje lesbisk. Som hovudpersonen òg viser seg kanskje ikkje å vere. Guglar ein Øyehaug, får ein vite at dette er eit mykje stilt spørsmål i forbindelse med denne utgivinga. Fun fact: Visste du at Øyehaug vann ei diktkonkurranse da ho gjekk i 5. klasse? Dette veit eg fordi venninna mi òg vann. Altså debuterte ho eigentleg ikkje som 23-åring, men mykje tidlegare.

Ei god bok. Anbefalast.

Takk til Kolon Forlag for leseeksemplar.

Her blir Øyehaug bokbada av dyktige Bjørn Vatne ved Ålesund litterære salong.



0 kommentarer: