RSS

Ungdomsskulen

Heidi Furre: Ungdomsskulen, 162 sider

Når eg tenkjer attende til tida på ungdomsskulen, tenkjer eg på kantina i bomberommet, bøker med innføringslinjer, bordtennis og kristendomslæraren som hadde same klede i tre år. Eg tenkjer på dei ekle jentene og dei snille jentene, dei uoppnåelege eldre gutane og korleis det var å smake øl for første gong. Tida eg gjekk på ungdomsskulen var blant dei beste åra i livet mitt. Men også dei klart verste. Eg hadde nok ikkje orka å gå gjennom alt dette på nytt, men ved å lese om andre som gjer det kan eg på ein måte oppleve det frå sidelinja. Utan alt dramaet. Og det seier eg ikkje nei takk til.

Heidi Furre si bok handlar om akkurat dette. Desse uforgløymelege tre åra. Er du som meg og ein av dei som har lese, og likt, debutboka hennar Parissyndromet ? Da veit du akkurat kor godt denne forfattaren kan skrive. Eg elska debutboka, og kan bekrefte at denne romanen heller ikkje er så verst.

I Ungdomsskulen møter vi Maja, som har hatt eit vanskeleg år etter at faren forsvann på sjøen. No skal ho byrje på ungdomsskulen saman med venninnene Pelle og Maria. Dei gler seg og grur seg, har høyrt mykje forskjellig om denne tida dei snart skal inn i, men er klar for nye utfordringar. Dei oppdagar festar, alkohol og sex og vil vere som dei eldre jentene. Samstundes er dei framleis langt frå vaksne og treng å få vere born litt til. Det er ikkje lett å ha ein fot i begge leirar, noko Furre får fram med stor truverd.

Sjølv om dette er Maja si historie, vil nok dei fleste kunne kjenne seg att i eitt og anna i denne romanen. Det var meir enn ein episode eg kunne relatere til, utan at eg skal gå noko nærmare inn på det. Om ikkje anna, er det ei fin vandring i nostalgien si verd. Ei herleg, men sår periode av livet.

God bok. Anbefalast.

Leseeksemplar fått av Flamme Forlag

4 kommentarer:

astridterese sa...

Å, tenk å måtte gå om igjen ungdomsskolen! Jeg er enig i at det var tre grusomme år, og tre gode år :-) Men ikke om jeg vil gjennom det en gang til. Det er bedre, som du sier, å lese om det. Da kan en huske så mye en vil :-)

annkolaas sa...

Det er så visst en bittersøt tanke. :)

Signe sa...

Denne les eg litt av og på no, faktisk. Det er noko klamt over eit aldri så lite gjensyn med ungdomsskulen, ca. tidleg 2000-tal.

annkolaas sa...

Absolutt. Men eg kjenner at eg godt kan greie meir lesnad av den typen.