PRISAR OG NOMINASJONAR

onsdag 13. januar 2010

Vaffelhjarte blir tv-serie




I følgje Sunnmørsposten skal Maria Parr si debutbok Vaffelhjarte, Lena og eg i Knert-Mathilde bli tv-serie i NRK. Eg har enno ikkje lese denne boka, men har stor tru på at ho er minst lik god som fabelaktige Tonje Glimmerdal. Opptaka begynner vinteren 2011, og det er Atle Knudsen som skal regissere. Han hadde også regien til herlege "Linus i Svingen" og "Jul i svingen", så dette er lovande.

Så, benk dykk foran tv-en hausten 2011, store som små!

3 kommentarer:

  1. så kjekt!
    vi las et utdrag frå boka i tuba luba 1 - 7. klasse, og elevane likte det GODT sjøl om det var nynorsk! det morsome var at akkurat da vi las det fekk maria parr prisen for tonje glimmerdal. fundera på om e må til å lese heile til dei!

    SvarSlett
  2. Morsomt da! Tonje Glimmerdal e heilt fantastisk, so det må du gjer. Ej va på samlagsmøte i hasut og da va Maria der og las frå boka, so ej sneik meg sjølvsagt til ei helsing frå ne. Ho va veldig hyggelig. Ej håpe på å få skaffa meg Vaffelhjarte når det e Mammutsalg:)

    SvarSlett