PRISAR OG NOMINASJONAR

fredag 18. februar 2011

7/52 La stå


Ingvild H. Rishøi: La stå, 142 sider

Eg har lyst til å seie at eg er mållaus. Men eg er ikkje det. Sjølv om det kjennest slik, er eg alt anna enn mållaus. Eg badar i ord. Dei flyt rundt meg, boblar i magen og festar seg på tunga. Nokre slepp fri, andre set seg fast i halsen. Problemet er berre å få ut dei rette orda. Orda som kan yte boka rettferda ho fortener. Dette er ei slik bok.

La stå består av sju noveller, eine vakrare enn den andre. Rishøy skriv om alvorstunge tema som død, sorg, barndom, løyndommar, lengt. Ho bryt den vanlege sjangeren, og fortel historier gjennom epikriser, hyttebøker og brev. Det gir tekstane eit gjennomgåande djupt preg, og lesaren kjem enda nærare innpå personane, forteljingane, minna.

Den første gangen Lila prøvde å dø var i sjuende klasse.

Boka opnar med novella "Det regner inn", der ei jente fortel om venninna Lila. Ei nydeleg, men trist historie om venskap og sorg. I slutten av novella ropar venninna til Lila, og eg får frysningar langt inni hjartet.

I "Hilsen Julie" får vi følgje Julie gjennom tekstar frå hytteboka, spiralblokka og linjeark på kjøkkenveggen. I "Jimmy sa" skjøna eg ikkje samanhengen før langt uti novella, enda ho gir fleire hint. Læraren i tittelnovella "La stå" ser spøkjelser, og vi får vere fluge på veggen (og i hovuda) til hovudpersonane i "Ariel".

Hei!
På onsdag gikk vi måneskins tur og så på kuene til Myrvang han mater rådyr også. På lørdag kom vi og da Frikk kom hit danset han krigs dans og bet seg selv i halen.
Hilsen Julie 9 år.


Rishøy skriv på ein heilt særeigen måte, og tek i bruk verkemiddel ein sjeldan bit seg merke i i kvardagen. Her derimot gir det ei sterk lesaroppleving, og er borti heile kjensleregisteret. Sårt, rørande, nydeleg.

Anbefalast sterkt!

Ps. Dette er mi novelle nr. 7, men eg greidde ikkje å lese ei og la det vere med ho. Eg kunne ikkje. Boka er rett og slett for god.

6 kommentarer:

  1. Denne bokanmeldelsen ga meg ståpels... Takk for tipset!

    SvarSlett
  2. Takk! Ja, denne novelleutfordringen har virkelig åpnet opp for mange fantastiske leseopplevelser.

    SvarSlett
  3. Åh, eg òg vil bada i ord! Du skriv så fin og gjev så gode skildringar og utsnitt av novellene, at eg berre blir nødt til å lesa desse.. :)

    SvarSlett
  4. Ja, desse novellene har eg lese mange gonger, og det var faktisk gjennom denne novellesamlinga eg kom på at eg måtte sjå å få lese fleire samtidsnoveller. "Kanskje, for alltid" og "Alt som slutter på arie" er best, synest eg.

    SvarSlett
  5. Kjekt å høyre, Røsslyng! Det var eit veldig bra forslag, Bai. Eg likte best "Det regner inn", "Jimmy sa", "Kanskje, for alltid", "Alt som slutter på arie" og "Hilsen Julie". Neste alle tydelegvis.

    SvarSlett
  6. lurer på om denne skal få vere med meg heim frå neste biblioteksbesøk... fekk med meg fange 59. taterpige i går, og den er snart tom for uleste ord... Tok også med ei Liza Marklund, dobbeltbok om ei kvinne som blir mishandla av mannen sin...
    Snart ferie no, og den skal eg NYTE med mykje litteratur!

    SvarSlett