SINNE er i veldig godt selskap i Tid for ti 2021.
Tid for ti er ein nasjonal leseaksjon som tilbyr ein gratis antologi med smakebitar frå gode nynorske bøker. I januar blir antologien sendt ut i eit opplag på 25.000 til årets 7. klassingar. Tid for ti er eit samarbeid mellom Foreningen !Les, Nynorsksenteret og andre nynorskaktørar.
Eitt av måla med aksjonen er å gjere ny litteratur meir tilgjengeleg for lærarane i skulen, sånn at elevane kan få gode leseopplevingar gjennom nyare nynorsk litteratur. Elevar frå dramalinja ved Høgskulen i Volda har lese inn lydklipp av utdraga, og det blir laga fyldige lærarressursar til bruk i skulen. Alt materiell ligg tilgjengeleg på Tid for ti si heimeside.
Eg håper utdraget av SINNE fell i smak hos både 7. klassingane og lærarane.
Så bra at din flotte roman får være med, jeg er sikker på at elevene elsker den (like mye som oss gamlisser)
SvarSlettTusen takk, Tine!
SvarSlett