PRISAR OG NOMINASJONAR

tirsdag 31. mars 2015

Din, alltid

Gøhril Gabrielsen: Din, alltid, 203 sider

Eg kan like godt seie det, først som sist. Dette er den sterkaste, fælslegaste boka eg har lese i år. Dette er ei av desse historiene som kryp under huda og festar seg. For alltid.

Din, alltid fortel om ei jente som bur saman med mor, far og veslebror. Mor og far har eit intenst forhold, dei viser kjærleik og hat om kvarandre og ensar knapt jenta si. Ho er mest som ein tilskodar i livet deira. Når jenta er tolv år, blir veslebror fødd og ho får ein rival i sin konstante søken etter merksemd frå foreldra. Men ho får òg ein å vise omsorg for. Ho får byte bleie og stelle han, og opplever meistring. Mor stolar på at ho greier det og kallar henne den vesle hjelparen sin. Så feilar ho grundig.

Og i mors og fars hemmelige sfære av lidenskap, skjærer ungens hyl inn så jeg kan se de to avblomstre i hverandres nærhet. 

Mor og far kranglar mykje, veslebror græt enda meir. Jenta er berre eit born, men er vand med å ta seg av veslebror. Ein dag kranglar mor og far som vanleg, og jenta tar eit val som får fatale følgjer og skal påverke alt ho gjer seinare i livet.

Og kanskje er det nettopp dette som sitter igjen som en rystelse; den ikke hørbare redselen, det som knapt kan fanges opp, at den fantes som et stille skrik, i meg også.

Ikkje berre historia, men språket er så velskrive, så godt komponert at eg må lese om og om att, ta innover meg setningane. Dei sterke skildringane sett meg fullstendig ut, gjer meg så tankefull og redd. Det er ei forteljing med ei fiktiv og dramatisk hending, men likevel kunne dette ha vore sant. Romanen seier noko allment om det å vere i eit avhengighetsforhold til opphavet sitt. Jenta skal for alltid vere under mora sitt grep, forsøke å bøte på det ho har gjort. Alltid hungre etter mora si godkjenning. Når jenta blir vaksen får ho mora si merksemd, ho blir endeleg sett. Men heller ikkje no er det ho gjer bra nok, aldri er det bra nok. Jenta ofrar kjærleiken, livet sitt, for å vere hos mora og pleie henne. Ein dag får ho greie på noko som kunne ha endra alt og bestemmer seg for å ta tilbake det tapte. Men er det for seint? Kan ho greie å lausrive seg frå mora? Vil det vere eit riktig val etter alle desse åra?

Jeg vil ha ytringer, uttalelser som kan befri meg fra henne, jeg vil bli løst fra løgnen som altfor lenge har bundet oss sammen. 

Eg sit att med mange tankar og fleire spørsmål. Ein familie har gått i oppløysing, men kva hadde blitt utfallet dersom den grufulle hendinga ikkje hadde skjedd? Kven er eigentleg offeret og kven har skulda? Kva må eigentleg til for at det skal vere lov til å bryte med foreldra våre? Er blod alltid tjukkare enn vatn?

Særs god bok. Anbefalast.

Lesareksemplar frå Aschehoug.


Les gjerne Ellikken, Stine og Solgunn sine omtalar.


7 kommentarer:

  1. Du skrev noe sånt som at du ikke skjønte hvordan jeg fikk det til. - Jeg syns du greier det utmerket selv, jeg!

    Om denne boken ikke får nok lesere og nok nominasjoner til neste års Bokbloggerpris er det noe alvorlig galt med Bokblogglandia og verden i sin helhet. Selv om siste del svekket mitt helhetsinntrykk er jeg mer enn nok overveldet over boken. Den satte også meg fullstendig ut.

    Fosterstilling og sjokoladeoverdose og alt det der. Man får lyst til å gråte et helt år uten stans.

    SvarSlett
  2. Heh, jaja, takk for det. Men du er uansett uslåelig. Jeg leser ikke omtalene dine (ordentlig) før jeg har skrevet selv lenger, fordi jeg da ikke greier å si det selv. Det du skriver om at en kjenner det komme, men leser videre likevel... Når barn har hovedrollen i sånne drama; det er noe av det verste. Forferdelig bok, men det må til. Den blir utvilsomt nominert neste år.

    SvarSlett
  3. Har boken på rommet klar til lesing, det er nesten så jeg kvier meg til å starte. Takk for kjempebra omtale!

    SvarSlett
  4. Selv takk, Tine. Kjekt å høre!

    SvarSlett
  5. Når du skriver "sterkaste, fælslegaste boka" så må jeg jo absolutt lese den Jeg blir virkelig nysgjerrig på hvilket valg den lille jenten tar!

    SvarSlett
  6. Uff ja. Som jeg skriver over så aner man jo at det vil skje noe forferdelig, men det er umulig å ikke lese videre. God lesing!

    SvarSlett
  7. Om ikkje anna, så er dette ei bokomtale som gir meg veldig lyst til å lese boka. Kanskje ikkje akkurat nå, men seinare. Eg noterer ho i alle fall ned, både fordi omtala di er god og fordi eg av erfaring veit at du har ein boksmak eg bør lytte til. :D

    SvarSlett