RSS

Inn i elden


Aina Basso: Inn i elden, 217 sider

Finnmark 1621: Fleire kvinner har blitt dømde til døden, skulda for trolldom og hekseri. Inn i elden fortel om dei to ungjentene Elen og Dorothe, som står på kvar si side av denne fælslege heksejakta. Dorothe, ei 16 år gammal rikmannsdotter og nygift med den nye futen i Vardø. 15 år gamle Elen, dotter av Kloke-Marja, som er kjend for si evne til å lese formularar og lindre smerte. Ho lar lærdommen sin gå i arv til Elen, som ein dag må bruke han på Dorothe.

Basso har sitt sedvanlege vakre språk, og eg må fleire gongar lese opp att dei same orda, om ikkje anna så berre for å nyte. Likevel tok det ikkje lang tid å gjennomføre boka. Forteljinga er spennande og særs vanskeleg å leggje vekk. Kapitla fortel vekselvis om Dorothe, vekselvis om Elen og ein og annan gong om trollskap. Denne forteljarteknikken gjer det veldig nervepirrande, og sjølv om lesaren skjønar kor det ber, er det like fullt god lesnad. God, men vond. At det er basert på ekte hendingar gjer det heller ikkje mindre interessant.

Eg meiner dette er Basso si beste hittil. Eg føler eg kjem nærmare innpå hovudpersonane. Historia er fortald på ein fengslande måte der lukten av svovel manar seg fram. Vi får medkjensle med fattigjenta Elen, men også unge og naive Dorothe. Eg synest djevelen si rolle gir historia meir karakter, og må innrømme at eg endatil blei litt skremd. Denne trur eg elevane mine vil like godt.

God bok. Anbefalast.

2 kommentarer:

linesbibliotek sa...

Fin omtale! Nå gleder jeg meg veldig til å få begynt på boken. Jeg har ikke lest noe av Basso før, men planlegger å lese om taterpiken etterpå.

tussi sa...

God omtale - gleder meg til å lese denne! Interessant med denne djevelske synsvinkelen, må jeg si.