Omtalar av På ein skala frå ein til ti
https://framtida.no/2025/08/30/bokmelding-pa-ein-skala-fra-ein-til-ti-ein-sar-og-god-ungdomsroman
Ny bok!
Miriam har levd med skadd fot sidan ho var to år. Ho haltar og har store smerter. Då ho fyller 16 får ho beskjed frå legane på sjukehuset om at ho må amputere foten. Kort tid før operasjonen møter Miriam den kjekke guten Torjus, som ho blir hodestups forelska i. Kan ho greie å fortelje han kva ho skal gå gjennom på sjukehuset? Og kva vil han seie når han får vite sanninga om kroppen hennar?
På ein skal frå éin til ti er ei sterk og personleg historie om kroppskompleks, om å kjenne seg annleis. Samstundes er det ei forteljing om å overvinne frykten for å seie sanninga, og om å kome seg vidare i livet.
Boka er i sal frå 11. august, men du kan førehandsbestille allereie no.
1 år med arbeidsstipend!
I slutten av mars vil eg tru at dei fleste forfattarar går rundt med hjartet i halsen og trykker refresh på sidene til Kulturrådet og NBU til vi blir numne i fingertuppane. Det er nemleg da det blir offentleggjort kven som er så heldige å få stipend for det neste året. Det vere seg arbeidsstipend på eitt eller fleire år, eller diversestipend på nokre tusenlappar eller over hundre tusen. Ein ting som er sikkert, er at alle summar kjem godt med og hjelper på for ein skriveglad forfattar som treng mat på bordet. Å få støtte til å skrive betyr å få meir tid til å skrive.
I år er eg ein av dei heldige som fekk 1 års arbeidsstipend. Det betyr at eg kan søke 50 % permisjon frå lærarjobben, og bruke halve tida på forfattarskapen. Eg er så vanvittig glad og takksam, og har framleis vanskeleg for å tru det. Tenk at staten betaler meg for å skrive! At nokon har så stor tru på meg betyr uendeleg mykje, og eg skal gjere mitt beste for å gjere meg fortent til dette. For tida skriv eg på tre manus; to for barn og unge og eitt for vaksne, så får vi sjå kva det blir til. At fleire der ute har tru på at eg skal greie å dra det i hamn, hjelper absolutt på. Tusen takk!
TID FOR TI 2023
Hurra! Eg blir her er med i Tid for ti 2023. Dette betyr at Eg blir her får fleire lesarar. Stas og lykke!
Tid for ti er ein gratis og nasjonal leseaksjon for elevar på 7. trinn, og alle som melder seg på får ein antologi med utdrag frå ti nyare nynorskbøker tilpassa målgruppa. Til aksjonen følger ei eiga nettside med med tekstar, lydfiler, aktivitetar, konkurranser og lærersider. Formålet med leseaksjonen er å gjere nynorsk litteratur meir tilgjengeleg.
Psst! Ein treng ikkje å gå i 7. klasse for å kunne ha glede av Tid for ti. Fleire av utdraga og oppgåvene passar for eldre elevar, og kan brukast heilt opp i vidaregåande skule. Her har du altså undervisningsopplegg for mange norsktimar framover.
I <3 nynorsk!
Medlem i NBU
Kva betydde bøker for deg i oppveksten?
Enormt
mykje! Lånekortet blei stadig fullt (det var på den tida vi måtte skrive ned
lånetitlane sjølve) og eg runda heile skulebiblioteket da eg gjekk i 3. klasse.
Favoritten var Astrid Lindgren og Ekornløven,
som eg lånte minst ein gong i året gjennom heile barneskulen. Først i vaksen
alder kjøpte eg boka og har lese den for alle barna mine. Eg var medlem i
fleire bokklubbar og slukte alt eg kom over, både av bøker og blad. Eg hugsa at
eg las Fantomet- og Boingblada til bror min, og han las mine Tuppen og
Lillemor. I ungdomsåra las eg alt frå Jostein Gaarder til Sagaen om Isfolket. Eg hadde også ein lang periode der eg las og
skreiv mykje dikt, og favorittane var Inger Hagerup og Engelke Revold. Heldigvis
har eg diktboka enno, det er veldig gøy (og flautt!) å lese no.
Kvifor ville du bli forfattar?
Eg har alltid dikta historier så lenge eg
kan hugse. Da eg var ni-ti år laga eg eigne aviser (dvs eg klipte ut bilete frå
lokalavisa og dikta opp artiklar til) som eg delte ut til familie og vennar og
kopierte opp vekeblad med saftige historier «frå røynda». Morfaren min skjønte
tidleg kor glad eg var i å skrive, så han gav meg ei skrivemaskin som eg skreiv
fleire noveller med. Han kjøpte også inn bøker sånn at vi barnebarna skulle ha
noko å lese når vi besøkte han. Ein gong meinte han å kjøpe Asbjørnsen og Moe
sine eventyrbøker, som han ville lese høgt for oss, men hadde ved ein feil
kjøpt Brødrene Grimm. Det var herleg makabert og stoppa ikkje han frå å lese
for oss.
Kvifor valde du å skrive for barn og/eller ungdom?
Det var eigentleg ikkje eit medvite val å skrive for ungdom. Eg prøver stadig å skrive for vaksne og yngre barn, men så pressar denne ungdomskarakteren seg på i alle manusa mine. Det er noko med den opprørske og sårbare tenåringen som appellerer veldig til meg. Ho vil liksom ut og kjempe. Eg arbeider også som lærar for ungdom, så ein kan jo begynne å lure på om eg kanskje heng attende i den tida sjølv. Når det er sagt, så er eg stolt over å få vere ungdomsbokforfattar. Barn og unge er dei viktigaste lesarane, og dei treng bøker å kjenne seg att i – både på godt og vondt.
Finst det ein raud tråd eller fellesnemnar i bøkene dine?
Med berre to utgitte bøker er det litt tidleg å seie, men eg har ein forkjærleik for ungdom som har det utfordrande på eit eller anna vis. Ungdom som slit med å passe inn. Akkurat som dei fleste ungdomsromanar. Men ein anna raud tråd er at eg skriv om ungdom som bur utanfor storbyen. Sjølv er eg oppvaksen på ei lita øy med få innbyggarar, så det ber nok bøkene mine også preg av. Det blir med andre ord ein del natur og ferjesamband.
Er det noko du er spesielt opptatt av som forfattar?
Eg er oppteken av å sigre over Internett. Konkurransen med sosiale media er stor og det kan vere svært utfordrande å få dei unge til å lese i dag. Det er jo ein evig kamp, men desto kjekkare når ein først får det til. Som nynorskforfattar må eg også slå eit slag for nynorsken og seie at eg er oppteken av å få fleire gode nynorskbøker ut til folket.
Kva likar du å gjere når du ikkje skriv?
Eg kjempar sjølv kampen mot Internett. Elles går eg ein del i fjellet og les mykje.
Kva forventningar har du til NBU?
Å få vere ein del av eit fellesskap der
alle deler lesegleda og arbeider for å få litteraturen opp og fram? For ein
draum!