RSS

Presentasjon av SINNE på "Ungdomsbokgildet"

Bilete lånt frå nettet.

"Ungdomsbokgildet" er eit årleg seminar som presenterer ny og aktuell ungdomslitteratur, som er meint for inspirasjon til bruk av skular og bibliotek. I år var Sinne ei av dei tredve utvalde bøkene som blei presentert da Viken fylkesbibliotek hadde eit heildigitalt arrangement. 


Andreas Kjøde seier mellom anna at "Sinne var en fantastisk leseropplevelse", "sabla god" og at "Ingebrigtsen viste meg hvor vakkert og poetisk nynorsk kan være når det er godt skrevet". Dette er SÅ fint å høyre, og eg begynte seriøst å grine da eg såg opptaket. Tenk at nokon kan seie sånne ting om ei bok eg har skrive. Eg blir så glad. <3


Vil du sjå opptaket, kan du finne det her. Resten av bøkene ser du her

Framtida har kåra SINNE som ei av årets beste bøker



Det er superstas å få vere med på denne lista!

SINNE ER MED I TID FOR TI 2021

 

SINNE er i veldig godt selskap i Tid for ti 2021

Tid for ti er ein nasjonal leseaksjon som tilbyr ein gratis antologi med smakebitar frå gode nynorske bøker. I januar blir antologien sendt ut i eit opplag på 25.000 til årets 7. klassingar. Tid for ti er eit samarbeid mellom Foreningen !Les, Nynorsksenteret og andre nynorskaktørar. 

Eitt av måla med aksjonen er å gjere ny litteratur meir tilgjengeleg for lærarane i skulen, sånn at elevane kan få gode leseopplevingar gjennom nyare nynorsk litteratur. Elevar frå dramalinja ved Høgskulen i Volda har lese inn lydklipp av utdraga, og det blir laga fyldige lærarressursar til bruk i skulen. Alt materiell ligg tilgjengeleg på Tid for ti si heimeside

Eg håper utdraget av SINNE fell i smak hos både 7. klassingane og lærarane. 

Sandefjords blad tilrår SINNE

 


Online forfattarbesøk av Ingelin Røssland

Gjest hos Radio Ålesund

Eg har vore gjest hos Radio Ålesund. Trykk på lenka for å høyre intervjuet. 


https://soundcloud.com/jaerradiogruppen/hvordan-er-det-a-skrive-ungdomsroman-som-voksen

Nydeleg omtale i avisa Øy-Blikk

 Eg har gløymt å poste den fine omtalen Sinne fekk i lokalavisa i april. Trykk på biletet for å forstørre. 

Fin omtale i Klassekampen

I går vakna eg til ei fin omtale av Sinne i Klassekampen sitt bilag, Bokmagasinet:

Lanseringsfest

Fredag 17. april skulle eg eigentleg ha lanseringsfest, Datoen var sette av allereie i januar, og eg skulle få låne min gamle barneskule, som no er gjort om til ein superkul fellesverkstad for kunstnarar. Vener og familie skulle få vere med. Biblioteksjefen skulle bokbade meg. Vi skulle ete tortillaer og drikke sprudlevin. Saman. Til langt på natta.

Slik blei det ikkje.

Men eg er så heldig å ha fine folk rundt meg, som hjalp til med å finne ei anna løysing. Vi gjennomførte bokbadet likevel, og strøymde direkte på Facebook. Det blei litt bilete-på-skakke og lyden-på-halv-åtte, men det var kjekt likevel. Etter bokbadet tok vi eit par glas og snakka om bøker vi er glad i. Det blei ein veldig fin kveld.

Hjarteleg takk til teknisk sjef Trine Røssevold og biblioteksjef Hilde Merete Gjessing, som gjorde dette mogleg. Takk til lesarar og sjåarar.

Fleire har etterlyst opptak av bokbadet. Er du ein av dei, eller kan tenke deg å sjå så har Trine Røssevold laga til ein redigert og avkorta versjon av bokbadet. Det kan du sjå inne på kunstnarverkstaden si Facebookside.

Eg les høgt frå "Sinne"


Haugesund folkebibliotek har skapt ei digital scene, #nettlest, der forskjellige forfattarar har blitt invitert til å lese høgt frå bøkene sine. I samarbeid med den nynorske barnebokfestivalen Falturiltu har dei laga til ein nynorsk spesial - og eg har fått lov til å lese høgt frå boka mi. Dette innlegget vil vere tilgjengeleg i om lag ein månad.

Sinne i stillstand

Kjære lesar!

Dei to siste vekene har vore surrealistiske og rare for alle, ei stillstand har spreidd seg utover grensene. Det var ikkje slik eg såg for meg det skulle bli. Eg skulle ha lanseringsfest, bokbad og signering. Feire boka mi saman med gode venar, som har venta saman med meg så lenge på at dette skulle skje. Og no skjedde det. Sinne er ikkje lenger eit dokument på datamaskinen som eg har skrålla meg gjennom uttallige gongar, fiksa og endra og sendt fram og tilbake til lesarar og redaktørar. Sinne er ikkje lenger berre ein draum. Sinne har blitt til ei bok.

Men det skjedde noko anna også. Du veit kva. Nyhenda er fulle av det, så eg treng ikkje å utdjupe. Eg skal ikkje klage, for eg er ein av dei heldige. Eg er frisk, ingen eg kjenner er råka, arbeidet mitt kan halde fram heimefrå. Enn så lenge. I ei sånn tid er det viktig å finne rom for det som kan gi deg glede. The show must go online. Og det er nettopp det Sinne har gjort.

Det er ei heilt ubeskriveleg kjensle å sjå bilete av boka mi på vandring ute i verdsveven. Folk skriv at dei gler seg til å lese. Eg har sett bilete av boka mi på kjøkkenbordet til folk eg berre har møtt virtuelt. Nokon drikk morgonkaffien sin mens dei les Sinne, andre ligg i senga til langt på natt fordi dei berre må vite kva som skjer mellom Synne og Johan. Eg får fine meldingar frå folk som har lese og likt boka mi.

Det er så kjekt!


I denne rare, sprø tida med stillstand og triste nyhende, er det godt å oppleve at fine ting framleis skjer. Folk samlast framfor skjermane og spelar musikk rett heim i stova vår. Bakar. Les høgt for kvarandre. Boka mi blir lese. Det gjer meg så glad.

Alt godt!




SINNE

Godt nytt leseår! 

Det er lenge sidan sist eg var inne og skreiv her på bloggen. Sist eg skreiv var det også lenge sidan, før der igjen var det lenge sidan og slik har det vore dei siste tre-fire åra. Eg har tenkt mykje på bloggen, og kva eg skal gjere med den. Om eg skal slette alle innlegga, fjerne bloggen for godt eller la den vere. Å blogge er dessverre ikkje noko alternativ lenger. Det er trist å tenke på å skulle fjerne noko eg har vore så glad i, og brukt så mykje tid på. Ikkje minst noko som har opna så mange dører og gitt meg fleire gode vennskap og kjenningar. Jobbtilbud, endatil. Bloggen opna ein heil ny verden for meg da eg starta den i 2009. Plutseleg fann eg likesinna, som også likte å lese og snakke like mykje om bøker som eg sjølv gjorde. Det var som å komme heim. Ein draum blei til. Og bøker blei lese. Slukt, diskutert, dissekert. Det har vore så kjekt! Det er framleis kjekt, men det er denne tidsklemma, da.. 

Eg har alltid likt å skrive, men det tar tid å skrive om bøker, og tid er noko eg ser ut til å få mindre og mindre av. I alle fall følast det slik. Derfor blei det frigjerande å oppdage Instagram. Å kunne poste eit bilete, kanskje til og med utan tekst om boka eg har lese, men likevel tipse andre om den - det var rett og slett gull. Spesielt sidan eg har ein draum om å skrive bok sjølv. Det er tidkrevjande, det. Men veldig kjekt. For nokre år sidan bestemte eg meg for å ta meg saman. Skulle det bli bok, måtte eg begynne å skrive bok. Ikkje berre snakke om det. Så da gjorde eg det, og det gjekk kraftig ut over bloggen. Men eg fekk framleis vere med i bokbloggargjengen. Dei er kjekke på den måten. Dei fleste bokbloggarane er heldigvis også på Instagram, så praten heldt fram der. 

Og det blei bok! Rettare sagt blir. I april kjem nemleg min første ungdomsroman. Den heiter Sinne. Det er historia om 15 år gamle Synne, som har ADHD. Det boblar og kokar inni henne. Ho skjeller ut lærarar og elevar, og endar ofte på kontoret til rådgivaren ved skulen. Rådgivaren vil at ho skal begynne med medisin igjen. Heldigvis har Synne bestevennen Torunn. Men to nye elevar i klassen skaper problem: Kine, som er ein ufordrageleg influensar med mange følgjarar på Instagram, og mystiske og pene Johan, som må ha O`boy og brødskiver med jordbærsyltetøy kvar dag. - Litt alvor, mykje drama og ein dæsj med kjærleik. Det er ganske surrealistisk å sjå si eiga bok i netthandelen, og enda meir absurd blir det nok å sjå den i butikkhyllene. Men det er utruleg kjekt. 

Sjølv om bloggen har tatt mykje av tida eg kunne ha brukt på å skrive bok, har den også gitt meg mykje. Faktisk trur eg ikkje det hadde blitt bok utan bloggen. Eg hadde ikkje fått følt på skrivegleda, som boblar fram kvar gong eg set meg ned for å skrive bokomtalar. Ikkje hadde eg blitt kjent med dei nydelege bokbloggarane, eller funne fram til all den fantastiske litteraturen. Eg hadde truleg berre hatt meir tid tid å lese. Eller sjå på Netflix. Mens eg drøymde om ein dag å skrive bok. Dette gjorde eg også meir av før, men eg har heile tida hatt noko viktig på sidelinja: Ein heiagjeng. Bokbloggarar som har oppmoda meg. Ikkje berre til å lese, men til å skrive. Dei kan nemleg meir enn å melde bøker. Mykje meir. 

Ein av dei første eg blei kjent med, er Eli som står bak Ellikkens bokhylle. Eg hugsar framleis den dagen eg oppdaga bloggen til Eli. Vi skulle lese ungdomsboka Jasper Jones i høve ein bokbloggturne arrangert av Cappelen Damm (Herregud, ein turne? Og herregud, det er ti år sidan!), og det gneistra av omtalen hennar. Ho legg sjela si i bokomtalane, og kan skrive fletta av profesjonelle bokmeldarar. Ho skriv så godt, så levande og ekte at det er umogleg ikkje å få lyst til å lese boka ho meldar - sjølv om det er slakt. Ein dag håper eg det er Eli si bok som står i hyllene. 

Eli, utan deg hadde det aldri blitt bok. I alle fall ikkje Sinne. Tusen takk! 

Bokbloggarar, takk for ti fantastiske år! Måtte det bli mange fleire på Instagram. 


Bloggen blir nok brukt sporadisk framover, kanskje eitt innlegg i året, kanskje fleire. Eg får sjå. Men det kjem ikkje lenger til å handle om andre bøker. Kun om mi eiga bok, forhåpentleg i fleirtal med tida - og det kjem til å handle om skrivinga. For no er eg endeleg på veg. 


 Sånn ser den ut. Boka mi. Eg håper du vil lese.