RSS

Medlem i NBU

Endeleg var det min tur til å bli medlem i Norske barne- og ungdomsbokforfattere

Ann Helen Kolås Ingebrigtsen debuterte med ungdomsromanen Sinne (2020), som handlar om ei ung jente med ADHD. Boka vann både Bokbloggarprisen og Årets Ulest. I haust gav ho ut sin andre roman, Eg blir her, også den for ungdom. 


Ann Helen Kolås Ingebrigtsen (f. 1980) er oppvaksen og busett på Valderøya i Giske kommune. Ho både underviser og skriv for ungdom. Foto: Caroline Odden Giske

     Kva betydde bøker for deg i oppveksten? 

Enormt mykje! Lånekortet blei stadig fullt (det var på den tida vi måtte skrive ned lånetitlane sjølve) og eg runda heile skulebiblioteket da eg gjekk i 3. klasse. Favoritten var Astrid Lindgren og Ekornløven, som eg lånte minst ein gong i året gjennom heile barneskulen. Først i vaksen alder kjøpte eg boka og har lese den for alle barna mine. Eg var medlem i fleire bokklubbar og slukte alt eg kom over, både av bøker og blad. Eg hugsa at eg las Fantomet- og Boingblada til bror min, og han las mine Tuppen og Lillemor. I ungdomsåra las eg alt frå Jostein Gaarder til Sagaen om Isfolket. Eg hadde også ein lang periode der eg las og skreiv mykje dikt, og favorittane var Inger Hagerup og Engelke Revold. Heldigvis har eg diktboka enno, det er veldig gøy (og flautt!) å lese no.

 

Kvifor ville du bli forfattar? 

Eg har alltid dikta historier så lenge eg kan hugse. Da eg var ni-ti år laga eg eigne aviser (dvs eg klipte ut bilete frå lokalavisa og dikta opp artiklar til) som eg delte ut til familie og vennar og kopierte opp vekeblad med saftige historier «frå røynda». Morfaren min skjønte tidleg kor glad eg var i å skrive, så han gav meg ei skrivemaskin som eg skreiv fleire noveller med. Han kjøpte også inn bøker sånn at vi barnebarna skulle ha noko å lese når vi besøkte han. Ein gong meinte han å kjøpe Asbjørnsen og Moe sine eventyrbøker, som han ville lese høgt for oss, men hadde ved ein feil kjøpt Brødrene Grimm. Det var herleg makabert og stoppa ikkje han frå å lese for oss.

 

 Kvifor valde du å skrive for barn og/eller ungdom? 

Det var eigentleg ikkje eit medvite val å skrive for ungdom. Eg prøver stadig å skrive for vaksne og yngre barn, men så pressar denne ungdomskarakteren seg på i alle manusa mine. Det er noko med den opprørske og sårbare tenåringen som appellerer veldig til meg. Ho vil liksom ut og kjempe. Eg arbeider også som lærar for ungdom, så ein kan jo begynne å lure på om eg kanskje heng attende i den tida sjølv. Når det er sagt, så er eg stolt over å få vere ungdomsbokforfattar. Barn og unge er dei viktigaste lesarane, og dei treng bøker å kjenne seg att i – både på godt og vondt.

 

 Finst det ein raud tråd eller fellesnemnar i bøkene dine? 

Med berre to utgitte bøker er det litt tidleg å seie, men eg har ein forkjærleik for ungdom som har det utfordrande på eit eller anna vis. Ungdom som slit med å passe inn. Akkurat som dei fleste ungdomsromanar. Men ein anna raud tråd er at eg skriv om ungdom som bur utanfor storbyen. Sjølv er eg oppvaksen på ei lita øy med få innbyggarar, så det ber nok bøkene mine også preg av. Det blir med andre ord ein del natur og ferjesamband.

 

 Er det noko du er spesielt opptatt av som forfattar? 

Eg er oppteken av å sigre over Internett. Konkurransen med sosiale media er stor og det kan vere svært utfordrande å få dei unge til å lese i dag. Det er jo ein evig kamp, men desto kjekkare når ein først får det til. Som nynorskforfattar må eg også slå eit slag for nynorsken og seie at eg er oppteken av å få fleire gode nynorskbøker ut til folket.

 

 Kva likar du å gjere når du ikkje skriv? 

Eg kjempar sjølv kampen mot Internett. Elles går eg ein del i fjellet og les mykje.

 

 Kva forventningar har du til NBU? 

Å få vere ein del av eit fellesskap der alle deler lesegleda og arbeider for å få litteraturen opp og fram? For ein draum!

 


0 kommentarer: