RSS

Årskavalkade

Kjære lesarar!

Her kjem ei aldri så lita oppsummering av året som har vore. Det er berre timar att av 2018, eit år som har vore fruktbart for meg. Eg har greidd noko så sjeldan som å halde eitt av måla mine, som var å lese fleire klassikarar frå 1001-lista. Heile 22 bøker har eg kryssa av i år, og da snakkar vi mellom anna Moby Dick og Don Quijote. Dette er bøker som har gnege på samvitet i årevis, og da gjer det ekstra godt å kunne seie seg ferdig med dei.

Eg hadde ikkje sett noko fast mål denne gongen, sidan målet om å lese ein klassikar i månaden slo feil sist. Det blei likevel 14 klassikarar fleire enn i fjor. Lause mål viser seg altså å vere tingen for meg. Det og Storytel. Eg er veldig glad i å gå på fjellet, og med spennande historier på øyra får eg lagt attende både kilometer og klassikarar. Slikt motiverer!

Målet mitt om å lese 75 bøker blei også nådd, og eg skrudde det derfor opp til 100 tidlegare i haust. 110 bøker har eg altså rukke å lese i 2018. Eg var usikker på om eg skulle greie det, sidan eg har fleire skriveprosjekt som tar ganske mykje tid. Fleire av bøkene er dessutan digre mursteinar, så eg tenkjer 100 bøker skal vere overkommeleg også i 2019. Eg skal i alle fall prøve. Eg tenkjer i tillegg å halde fram med klassikarar, og henge meg på Elida si utfordring. Ho har planar om ein lesesirkel i 2019, med ei bok i månaden. Det er ganske laust, som til dømes å lese ein mannleg forfattar i august, eller ei bok på under 250 sider i januar. Noko meir hårete mål enn dette trur eg ikkje eg skal prøve meg på.

Når eg ser over lista over lesne bøker i 2018, kan eg oppsummere slik

22 av dei er klassikarar frå 1001-lista.

59 av dei er skrivne av norske forfattarar.

60 av dei er kvinnelege forfattarar.

40 av dei er mannlege forfattarar.

39 er lydbøker

52 bøker er frå eiga bokhylle.

26 bøker er young adult/bøker for barn og unge. Trur eg.

14 er debutantar. Trur eg.

9 er sakprosa/essayistisk. Veldig usikker her, ettersom nokre av desse er i litt flytande sjangrar.

2 av bøker av Fjodor Dostojevskij.

2 bøker av Anders Totland.

2 bøker av Mark Twain.

2 bøker av Agnes Ravatn.

3 bøker av Stephen King

3 bøker av Lars Saabye Christensen

3 bøker av Amalie Skram

4 bøker av Ingvar Ambjørnsen

1 bok er lese for andre gong.


Eg kunne ha sjekka opp kor mange som er frå kva land osv, men mine avgrensa talkunnskap og frykt for statistikk gjer at eg stoppar med desse. Eg er ganske sikker på eg har talt feil over også, for det gjer eg som regel alltid. Men gjennomsnittleg er det nokolunde rett. Det er ein ting som skil seg godt ut frå mine førre leseår, og det er at eg har lese færre debutantar enn før. Dei har det brukt å vere flest av. Dette er heilt klart biverknaden av å lese fleire klassikarar.


Så til ei lita subjektiv kåring frå året som har gått.


Beste frå 1001-lista

The Shining av Stephen King. "Darling, I`m not gonna hurt you..."


Beste frå eiga hylle

Beatles av Lars Saabye Christensen har stått i bokhylla mi i årevis, og no skjønar eg endeleg alt fuzzet. Ei stor lesaroppleving.


Årets grøssar

Pet Sematary av Stephen King skremte vettet av meg fleire gongar. Eg grugler meg til å sjå den nye filmatiseringa i april.


Årets debutant

Klør av Ida Frisch. Nydeleg språk og ei sterk historie.


Beste norske romanen

Så mye hadde jeg av Trude Marstein. For ein forteljarkunst!


Finaste boka

Eleanor Oliphant har det helt fint av Gail Honeyman. Veldig fin, men trist. Eg hulka.


Tristaste boka

Snøsøsteren av Maja Lunde og Lisa Aisato. Eg hulka meir.


Mest oppskrytte boka

Uten vesentlige feil eller mangler av Linda Skomakerstuen. Denne falt dessverre ikkje i smak hos meg. Eg synest den var meir masete enn morosam, men veit til boka sitt forsvar at det er mange som er ueinig med meg.


Sterkaste lesaropplevinga

Kinderwhore av Maria Kjos Fonn. Brutalt, men viktig.


Boka som burde vere på pensumlista

En sånn jente av Monica Flatabø.


Dette var ikkje lett. Det er så mange fleire av bøkene eg har lese i 2018 som fortener å bli drege fram, hylla, lese om att, men det er no eingong slik når ein skal velje mellom to goder..

Er du einig eller ueinig med meg? Rop endeleg ut i kommentarfeltet!



Da gjenstår det berre å ønske dykk eit strålande nytt leseår! God lesnad.