RSS

Klar til kamp

Hva har du gjort på i helgen? Jo, jeg har lest Min kamp 3. Jeg fikk boka i posten lørdag formiddag, og søndag kveld var den ferdig fortært. Det var rett og slett umulig å legge den fra seg. Hva er det som skjer? Hele Norge er helt oppslukt av denne mannen.

I Min kamp. Tredje bok får vi komme nærmere inn på unggutten Karl-Ove, og vi følger ham fra han er spedbarn til han begynner på ungdomsskolen. Det er en bok full av barndomshistorier, og vi får høre en del om det fryktfulle (om man kan kalle det et ord) forholdet til faren. Huff!

Karl-Ove er seg selv lik, og utbroderer alt fra livsfilosofi til mer detaljerte dobesøk. Han tyr fortsatt til tårene for den minste ting, ser fremdeles opp til storebroren og lengter etter å bli voksen. Denne boken er kanskje den som er mest blottet for de lange utbroderingene av alskens teorier. Men de fins. Selvsagt. Ellers hadde det ikke vært den Knausgård vi har lært å kjenne.

Dette er favoritten min så langt. Nå er jeg klar for kamp nr. 4. Må ha det, bare må ha det!

Utålmodig

Eg har nettopp bestilt Min kamp. Tredje bok frå Haugen bok. Så lenge gadd altså eg å vente... Til mitt forsvar er det slett ikkje enkelt når ein les om Knausgård overalt.

Ein morosam kommentar frå ein Knausgårdlesar i artikkelen frå Magasinet sist laurdag:

Jeg tror Knausgård kan ha vært involvert i drapet på Laura Palmer.

Hehe.. Dette seier vel litt om denne Knausomanien.

Eg

fant dette hos mammadamen og innsåg brått at eg måtte herme.

Eg treng mykje tid aleine. Tankar..

Eg trivst best om våren og hausten. Kulde og varme er oppskrytt. Lunkent er fint.

Eg kan vandre timevis inne i biblioteket. Drøyme...

Eg elskar å bla i bøkene mine. Bokstavar. Ord. Leike, leike.

Eg har det godt saman med familia mi. Kyss!

Eg gler meg til eit måltid, ein kaffi, ei bok, eit besøk. Små opplevingar som gjer dagen fullkommen.

Eg drøymer om å studere litteratur. Sukk...

Eg likar ikkje å liggje i telt. Huff!

Eg treng timar på å kome meg dersom ein edderkopp kryssar min veg. Kvifor ønskjer dei å øydeleggje livet mitt?

Eg lengtar mot noko eg ikkje kan setje ord på.

Eg ønskjer det beste for dei rundt meg. Kva ellers?

Eg er flink til å imitere. Stemmer. Folk.

Eg er livredd for å miste. Alt og alle.

Eg likar ikkje sydenland. Æsj, varme!

Eg skulle ønske eg kunne danse. Natta lang.

Eg har blitt morgongretten med åra. Dessverre.

Eg er litt for flink til å hugse bursdagar. Hei du som eg ikkje har sett på 20 år. Gratulerer med dagen.

Eg feikar småprat fordi eg er ikkje kapabel til å respondere på det. Ja, nei, eeh...

Eg er lykkeleg når eg slepp å pynte meg. Både innvendig og utanpå.

Eg har vanskelig for å seie ting kort. (!)

Eg ler av teite ting.

Eg ler ikkje av opplagte ting.

Eg er på plass nr. 7 for å låne Min kamp 3. Vente, vente..

Eg likar ikkje kremkake. Kvar er sjokoladen?

Eg ville ha vore bibliotekar dersom eg ikkje hadde vore lærar. Boka finn du i avdelinga ved kaffimaskina. Eg skal vise deg.

Eg har for mange tankar på same tid. Flapp, flapp.

Eg har ikkje fortalt mannen min at vi skal kjøpe hytte ved sjøen om nokre år. Overrasking!

Eg skal reise til Paris og leike bohem når eg blir gammal. Bonjour!

Eg skulle ønske eg hadde ei søster. Kan du flette håret mitt? God natt.

Eg mislikar at folk omtalar seg sjølv i 3. person. Eg, eg gjorde!

Eg er redd for det låste rommet i huset vi leiger. Bor det nokon der?

Eg brukar for mykje tid på internett. Ifølgje mannen min. Eg synest det er akkurat passe.

Eg skulle ønske forkle var eit klesplagg.
Skal du bake?

Eg saknar bestemor. Ta deg eit kamferdrops i skapet.

Eg kan ikkje fordra at kj-lyden blir uttala utan kraft. Kjell, shell.

Eg begynner å få dårleg tid. Kva er det eg skal rekke?


Bilete stjelt frå verdsveven

Ekstremt fantastisk og utruleg opplysande!

Eg har lese ei aldeles fortryllande bok.

No har vi endeleg greidd å få til ein lesesirkel, og denne månaden har vi lese Ekstremt høyt & utrolig nært av Jonathan Safran Foer. Og eg gjentek: Ei aldeles fortryllande bok.

"Visste du at på de siste 3500 årene har det bare vært 230 år med fred i den siviliserte verden?"

Romanen tek for seg niårige Oscar Schell, ein meget opplyst og smart ung mann. Mann, ikkje gut, som han seier sjølv. Oscar bur saman med mor og far, og er så heldig å ha bestemor si i leilegheita tvers over gata. I Oscar sin telefonsvarar er det fem telefonbeskjedar. Alle er frå faren hans morgonen 11. september 2001. Ein dag finn Oscar ein nøkkel i ein konvolutt merka Black, og leitinga etter den passande låsen startar. Kva eller kven er Black, og kvifor er svart skrive med raud penn? Han reiser rundt i New York og snakkar med alle som har Black til etternamn. Ein av Blackane, ein 103 år gammal krigsreportar, blir med på ferda. Han har ikkje vore ute av leiligheita si på 24 år, og har berre godt av det.

Boka er fortalt gjennom Oscar sin niårige synsvinkel, og difor stappfull av underfundige tankar og fantasifulle idear av denne sjarmøren. Men; Vi får i tillegg høyre bestemor og bestefar sine historier. Denne boka er full av tekst. Alle skriv tekstar. Oscar skriv mest lister og brev til Stephen Hawking, Ringo Starr og diverse andre personlegdommar, i håp om å få bli protesjeen deira. Han er svært kunnskapsrik og interessert i det meste. Bestemor skriv brev til Oscar, der ho fortel alt. Og da meinar eg alt. Bestefar skriv brev til Oscar sin far. Mr. Brown lagar sitt eige, biografiske arkiv.

"Hvorfor er jeg sønnen din da?" "Fordi Mamma og jeg elsket, og en av sædcellene mine befruktet eggene hennes." "Unnskyld, men jeg tror jeg må vomere." "Ikke oppfør deg som om du var på din egen alder."

Ekstremt høyt & utrolig nært er ei nydeleg bok om døden, sakn, familie, einsemd og kjærleik. Ei herleg barnebok for vaksne. Safran Foer har skrive ei fantastisk bok, og leikar seg med orda på ein måte som gjer historia meir levande. Eg begynte på boka i går, og greidde ikkje å leggje ho frå meg.

"Hvem har du skrevet til?", spurte hun, og det var ennå ikke for sent. "Kofi Annan, Siegfred Roy, Jacques Chirac, E.O. Wilson, Weird Al Yankovic, Bill Gates, Vladimir Putin og noen andre folk."

Typografien er framifrå og set prikken over i-en. Bileta og tekstane fungerar som morosame og rørande metabilete- og tekstar, og er med på å nøste opp og tilføye. Både sanseleg og skriftleg. Eg likar faktaopplysningar. Og ordleikar. Og oppfinningar som kan gjere verda til ein betre stad. Kvifor har ikkje fleire vaksenbøker bilete? Er det for barnsleg, liksom?

Eg har fått ein blogg-award



Denne fine awarden låg og venta på meg i forgårs. Tusen takk, Beate Lill! Det er kjekt å vite at nokon les bloggen min, og i tillegg likar han. Jippi:)

Kriteria som følgjer med å få dennne prisen er

- Kopier awarden til bloggen din.
- Link til personen som ga deg awarden.
- Fortell 7 interessante fakta om deg sjølv.
- Velg 7 andre bloggera som du sender awarden vidare til.
- Link til deira bloggar.
- Legg igjen ein kommentar i bloggen deira slik at dei får vite om denne awarden.

7 interessante (?) fakta om meg sjølv


1. Eg samlar på gamle blad. Tuppen, Lillemor og Hjerterevyen. Har vel rundt 800 stk.

2. Eg greidde aldri å bestemme meg for kva utdanning eg skulle velje, så eg har vidaregåande kurs i hudpleie og barne- og ungdomsarbeidarfaget. Eg kom inn på jordbrukfaget, frisørlinja og allmennfag. Etter vidaregåande kom eg inn på bla jus og journalist, men begynte på lærarhøgskule. Eg hoppa av etter eit halvt år, og tok i staden medisin grunnfag og seinare eit kveldskurs i medisinsk sekretær. Til slutt peila eg meg inn på læraryrket igjen, og tok mellomfag i nordisk og religion. Puh!

I dag er eg norsklærar ved ein vidaregåande skule og stortrivst:)

3. Mi absolutte yndlingsbok i barneåra var Historien om Eleanor Roosevelt. Mamma fekk boka så ho var lita jente. Ei av dei få tinga ho ikkje har kasta. (Ho har kastemani. Eg har dessverre arva litt av han..)

4. Eg las konstant i oppveksten, og måtte få nytt lånekort heile tida (det var den tida vi fylte ut lånekortet sjølv).

5. Eg er avhengig av tv-seriar, og ser minst ein episode om dagen. Favorittseriane er Grey`s Anatomy, Private Practice, Ugly Betty, How I Met Your Mother, Seinfeld, Simpsons, Arrested Development og The Mentalist.

6. Eg er dritdårleg i matematikk, og strauk i faget fleire gongar.

7. Eg held på å byggje hus saman med familia. Glede!

Det var sju fakta om nevrotiske, vimsete meg;)

Eg trur dei fleste eg vil gi award til har fått frå før, unntatt Ingaplinga, ein tidlegare kollega som har blogga ei god stund. Ver så god!

Eg kjempar stadig



Jaggu fekk eg ikkje fortsette kampen med ein gong. Eg reserverte Min kamp 2 ved biblioteket forrige tysdag, og allereie laurdag fekk eg ta med boka heim. Ganske merkverdig, sidan det er opptil eitt (og meir) år med ventetid andre stader i landet. Er vi ikkje så kamplystne i Ålesund og omegn? Eg kasta meg over boka med det same, og blei ferdig i går kveld. Denne gangen skal eg prøve å halde meg vekke frå Knausgård ei stund, men det spørs om eg greier det. Eg har eit nevrotisk forhold til bøker, og må avslutte ein serie før eg begynner på neste. Men no har eg så mange andre i kø at eg må prøve å halde ut. Dessutan kjenner eg at eg blei litt smålei Knausgård i andre boka. (Eg sit eigentleg og lyg no. Kjenner eg meg sjølv rett, har eg reservert trearboka innen ei veke.) Dette betyr ikkje at eg ikkje likte boka. Tvert imot! Ho er vel så bra som førstemann, men førebels held ein ein knapp på nummer ein.

I Min kamp. Andre bok får vi høyre meir om tida i Sverige saman med Linda og borna. Han fortel mykje om korleis det er å vere trebansfar, om tida før eldstedottera blei fødd, sjølve fødselen, middagsselskap, korleis han og Linda blei eit par, fleire middagsselskap. Linda si mor, kameratane sine, Linda sitt forhold til familia hans, skrivetrongen, og spesielt korleis det er for ein nordmann å bo i Sverige.

Mitt inntrykk av romanpersonen Karl-Ove Knausgård er at han er ein mjuk og skjønsam mann. Han tek lett til tårene, og er ikkje glad i merksemd. Han er inneslutta og reservert, og tolkar alle situasjonar opp mot kvarandre og seg sjølv. Han likar å arbeide i fred, og kan skrive i dagevis utan menneskeleg kontakt, noko som førar til evige kranglar med kona. Han er flink til å lage mat, og blir ein skikkeleg flink husfar av å gå heime med eldstejenta.

Karl-Ove Knausgård skriv framleis ekte og nært, og har eit særskilt godt språk. Det er ikkje alle som greier å skrive om oppkast og avføring på ein poetisk måte, men Knausgård gjer det med stil. (Her var det meininga å slengje ned eit utdrag frå boka, kameraten til Knausgård seier nemleg noko liknande ein stad, men eg har som vanleg gløymt å merke med sidetalet. Eg har bladd over nokre gongar, men finn det ikkje att.)

Eg likar svært godt at vi får høyre om alle moglege delar av livet hans, alle moglege folk han kjenner. Han gir grundige personskildringar, også av seg sjølv sett frå deira synspunkt. Det er framleis litt for detaljerte passasjar somme stader, men det gjekk greit.

Eg likte boka.

Engelke Revold

Eg hadde så smått begynt å lese lyrikk då eg gjekk på ungdomsskulen, men det var ikkje før eg begynte på vidaregåande at interessa verkeleg tok meg. Det gjekk mest i Inger Hagerup, Emily Dickinson og litt Haldis Moren Vesaas. Som dykk ser, har eg ei forkjærleik for poetiske kvinner. Ei skulevenninne introduserte meg så for ein lyrikar eg aldri har klart å gløyme; Engelke Revold. Ho skriv dei vakraste, tristaste, mest grusomme og tragiske dikt. Heilt på høgde med dei tidlegare nemnde her.

Kven er så denne Engelke Revold? Det har vist seg å vere ei særs vanskeleg oppgåve å finne ut av. Det finst ikkje eit fnugg av informasjon av ho på verdsveven! Eg har snusa meg fram til at ho er norsk (eg trudde lenge ho var dansk), diktsamlingane hennar blei gitt ut av Aschehoug og fleire av dei blei sensurerte. Kvifor?? Mora til venninna mi har fortalt at Engelke Revold visstnok sat i kvinnefengselet, og at det var der ho skreiv alle desse livsgripande dikta sine. Kanskje ikkje rart lyrikken hennar er fengslande? Eh, kunne ikkje dy meg...

Kvifor ho sat i fengsel veit eg ikkje, men eg trur ho har gjort noko grusomt. Noko som tydelegvis har ført til to ubeskriveleg vakre diktsamlingar. Ikkje at eg oppmodar til grusomme handlingar av den grunn altså. Denne veka har eg vore så heldig å få tak i desse to diktsamlingane (kan hende ho har skrive fleire?) frå to forskjellige antikvariat i Noreg:

Engelke Revold: Flukten fra paradiset, Aschehoug 1969
Engelke Revold: Sanger fra et bål, Aschehoug 1970

Nokre av favorittane mine

Du trodde jeg var så varm

Du trodde jeg var så varm
at jeg trygt kunne fryse,
så sterk
at jeg trygt kunne knuses,
så levende
at du trygt
kunne ta mitt liv.


----------

Er mine fingre blitt et bur

Er mine fingre blitt et bur
rundt ditt hjerte?

- men du trengte deg engang inn
og ba mine hender
skjerme deg...


----------

Dråper samlet seg

Dråper samlet seg
tunge som kloder
silke gled, falt
grovt sukker rispet
gjennom ru årer,
honning smeltet i solen

da du la hånden
over min bare arm


----------

Hendene dine

Hendene dine
er ikke lenger bare dine.

Hendene dine
er et rom
av stort lys
en verden av utålmodighet.

Jeg bor i dem.
Og når du er borte
legger jeg ansiktet mot dem
og gjemmer meg der.


----------

I går var jeg ond

I går var jeg ond
for å beskytte meg mot en kjærlighet
som ikke var av mitt vesen.

Da du - for å få mere makt -
åpnet en av dine årer
og lot en strime over bordet
ubønnhørlig dryppe mot gulvet -

da trakk jeg på skuldrene
og lekte med fire fingre
i strømmen av den hvite duken.


----------

Vær ikke redd

Vær ikke redd
for vekten av min kjærlighet.
Den skal ikke hvile på deg
men bli båret
i spennet mellom
min lengsel
og min ensomhet.

Og jeg bygget en bro
mellom våre to kyster
skapte jeg den ikke
for å løpe over
til den andre bredden
- men for å tilbe
lysets spill og de mørke
skyggene over et byggverk.


----------

En drøm om flukten frem

I tomme gater lette jeg
mens jeg løp, - ropte jeg
når jeg stanset...
Urolig visste jeg Ham her,
som måtte løse gåtene,
finne sannhetens balanse,
bære våre byrder...
Noen var kommet - noen pustet
som efter et langt løp.
Alt ventet - til jeg langsomt forsto
at han var
Meg selv.


---------- Eit lite utvalg frå ei rik kjelde. Er dei ikkje nydelege?

Veit du noko om Engelke Revold?

Vaffelhjarte blir tv-serie




I følgje Sunnmørsposten skal Maria Parr si debutbok Vaffelhjarte, Lena og eg i Knert-Mathilde bli tv-serie i NRK. Eg har enno ikkje lese denne boka, men har stor tru på at ho er minst lik god som fabelaktige Tonje Glimmerdal. Opptaka begynner vinteren 2011, og det er Atle Knudsen som skal regissere. Han hadde også regien til herlege "Linus i Svingen" og "Jul i svingen", så dette er lovande.

Så, benk dykk foran tv-en hausten 2011, store som små!

Har du lyst på en av disse bøkene?





Beate har blogget om bøker (og andre snurrepiperier) siden august i fjor, og nå lodder hun jammen ut bøker i bokbloggen sin. Jippi! Hvis du vil prøve å smigre deg til en av bøkene, må du sjekke ut bloggen hennes og kommentere. Gjerne skrive om henne i din egen blogg, om du har.

Jeg har naturligvis også lyst på en av bøkene, så her er mitt forsøk

Jeg har La meg synge deg stille sanger, så jeg har veldig lyst på den andre boken. Hvorfor, kan du lese her. Beate er så heldig at hun får tilsendt bøker fra Aschehoug Forlag mot at hun blogger om dem. Noe hun er veldig dyktig til! Hun skriver på en livlig og personlig måte, noe som gjør at jeg føler meg fortrolig med hennes opplevelser av bøkene. At vi har lik smak når det gjelder tv-serier, er selvsagt også et pluss:)

Jeg anbefaler deg å sjekke ut siden hennes uansett!

Det er vakkert

Eg ser ofte at folk diskuterar dei fire store, og spør seg kven dei store forfattarane i vår tid er. Evt kven som kjem til å vere stor om 100 år (kanskje litt lenge til?). Det er eit svært vanskeleg spørsmål å svare på, men det er likevel ein forfattar eg alltid tenkjer på i slike samanhengar. Og det er Jon Fosse. Jon Fosse er Samlaget sin store stoltheit, og det er ikkje utan grunn. Han har, sidan debutromanen Raudt, svart i 1983, gitt ut fleire bøker, og forfattarskapen hans femner om romanar, noveller, dikt, barnebøker, essays og skodespel.



Eg lånte med meg denne boka heim frå ein kollega i går, og må seie eg blei ein smule misunneleg då eg opna boka og fann ei helsing til ho frå sjølvaste Jon Fosse inni. Kanskje det blir min tur ein annan gong?

Signe mista mannen sin, Asle, i ei ulukke på sjøen ein novemberdag for 23 år sidan. Signe venta på mannen sin den dagen, og ho ventar stadig i tankane sine. Vi får også høyre ei anna historie, frå Asle sitt perspektiv. Frå den dagen han forsvann sporlaust på sjøen, og då han tenkjer tilbake på den dagen då ein annan Asle, bror til denne Asle sin bestefar, druknar.

Språket i boka er vakkert, og den suggererende repeteringa gjer også denne romanen til ei intens oppleving, lik Melancholia. Synest eg i alle fall. Han greier å fange desse djupe, men likevel openbare kjenslene, og setje ord på dei i ei fortetta og lyrisk form.

Eg blei fullstendig bergtatt då eg las Melancholia 1 og 2, og denne boka fekk fram dei same kjenslene i meg. Det er Ales er ei historie om liv og død, sakn og sorg, ført i pennen med ei nydeleg språkdrakt.

For ein kamp!

Karl Ove Knausgårds Min kamp er litt av ei bok. Bøker faktisk. Heile 2700 sider har han skrive om seg sjølv. Det er slett ikkje småsaker. Eg kan berre tale for dei første 434 sidene, som utgjer første av dei seks bøkene. Eg blei ferdig i går kveld. No angrar eg litt på at eg begynte på denne kampen. Fordi eg må ha meir. Planen var å lese første boka, få litt avstand, lese meir. Men eg kjenner at eg må ha påfyll ganske snart, så det er vel berre å finne fram lommeboka. Biblioteket kjem til kort. For desse bøkene er det lang ventetid på. I alle fall for lenge til at eg orkar å vente.



Knausgård skriv ekte, levande og ærleg. Til tider kanskje litt for ærleg. Men eg likar det. I Min kamp 1 begynner han med ei skildring av døden. Eller korleis fenomenet død blir oppfatta av mange. Allereie i første avsnittet kjem fleire av dei, for enkelte, provoserande tankane hans til syne. Eg skjønar kvifor, men tek meg sjølv i å tenkje at han har heilt rett. Men eg begynte å lure litt då eg las at han i ei periode budde på ei øy i Nord-Norge, og arbeidde som lærar då han skreiv den første romanen sin (dette er nok typisk Knausgård-provokasjon).

I boka blei eg godt kjend med Knausgård, (så kjend at det føles litt rart å skulle omtale han med etternavn no) og han han fortel om fleire episodar frå oppveksten. Men også frå vaksen alder. Han hoppar litt fram og tilbake i tid, og gjer det på ein så elegant måte at det føles heilt naturleg. Eg missa ikkje tråden ein einaste gong, og fann fram boka kvar gong eg hadde sjansen.

Min kamp 1 tek for seg ein ung Karl-Ove som har eit problematisk forhold til faren sin, som ikkje er den mest populære i klassa, som diltar etter den eldre broren sin og som sit mykje aleine i hybelen sin. Vidare skriv han om tida han og Tonje er sambuarar i Bergen, og også om familielivet med Linda, kona, og dei to små borna deira. Blant anna.

Det eg har merka meg når folk snakkar om forfattarskapen til Knausgård, er at han kan vere litt vel detaljert i skrivinga si. Dette merka eg godt. For det meste då han skildrar daglegdagse hendingar. Men han skriv så godt at eg synest dei sklir rett inn i handlinga og gjer romanen enda betre. Når det er sagt, må eg nemne at han kjem med tankestraumar enkelte stader som eg godt kunne klart meg uten. Dei er slett ikkje dårlege, og er med på å gjere det heilskaplege i boka, som er nettopp eit uttrykk frå forfattaren sjølv. Men det falt ikkje i så god smak akkurat hos meg.

Karl-Ove Knausgård lar lesarane få innsyn i store delar av livet sitt. Vi får le saman med han, gråte saman med han, vere sint saman med han. Romanen lokka fram heile kjensleregisteret hos meg. Eg lo godt då eg las om søvngjengaren Karl-Ove, raudma over Kjartan Fløgstad-intervjuet, og nikka gjenkjennande over frustrasjonen med å vere småbarnsforelder. Han fortel om korleis det er å vere lisjebror, son, barneborn, klassekamerat, kompis, kjærast og ektemann. Det har rett og slett vore ei sann fryd å lese boka.

Min kamp 1 er for meg, eit sjølvbiografisk verk, ei dagbok, ein oppvekstroman, eit essay, men mest av alt ei historie om å våge. Dette er eit mykje omdiskutert verk som fleire av dei utleverte familiemedlemmane hans kallar "judaslitteratur". Kanskje ikkje så rart. Likefullt; Karl Ove Knausgård vågar, og vinn stort.

Livet er en gamp, sa kjerringa. Hun kunne ikke si k.


Karl-Ove Knausgård er ein velfortent Bragepris-vinnar

Leselyst i 2009


Olaug Nilssen og Gunnhild Øyehaug


Da var vi inne i 2010 (totusenogti, etter Språkrådets rettesnor), og eg er komen omtrent halvvegs i Knausgårds første kamp. Eg likar boka svært godt, men det har vore for lite lesetid no i jula. Mykje familietid. Akkurat slik det skal vere. Lesinga tek eg att i kvardagen. Det blir litt rart å fjerne leselista mi frå margen her, men det må ryddast plass til ny lektyre. Eg gler meg!

Eg har hatt desse 50 lesaropplevingane i 2009. Nokre fantastiske, nokre midt på treet, andre mindre gode. Eg har lese fleire bøker, men kjem ikkje på alle og har heller ikkje teke med alt eg les saman med småtrolla.

Spesielle funn i året som gjekk

Eg fekk augo opp for sprudlande og allsidige Olaug Nilssen og Selma Lønning Aarø.

Eg oppdaga Anna Gavalda og Gunnhild Øyehaug. Treng eg seie meir?

Eg trødde inn i Maria Parr si leikne verd. Og vil ikkje ut att!

Eg fekk presentere klassikarar, som falt i smak, hos småtrolla. Like spanande kvart år. Eldstejenta er berre fire år, og likte Ekornløven like godt som eg gjorde då eg var åtte. Ho les vel Hamsun på den tida dersom eg fortsett slik.

2009-lektyre

Herbjørg Wassmo: Et glass melk takk

Selma Lønning Aarø: Vill ni åka mera?

Selma Lønning Aarø: En rekke avbrutte forsøk

Erlend Loe: Stille dager i Mixing Part

Anna Gavalda: Eg elska ho

Tore Renberg: Mannen som elsket Yngve

Ronnie M.A.G. Larsen: Offa - forteljingar frå ei øy

Mustafa Can: Tett inntil dagene

Marit Eikemo: Arbeid pågår

Selma Lønning Aarø: Venstre hånd over høyre skulder

Ragnar Hovland: Paradis

Ragnar Hovland: Norske gleder

Carlos Ruiz Zafon: Vindens skygge

Diane Setterfield: Den trettende fortellingen

Erlend Loe: Volvo Lastvagnar

Paulo Coelho: Veronica vil dø

Kari Vinje: Ekornløven

Levi Henriksen: Snø vil falle over snø som har falt

Roald Dahl: Georgs magiske medisin

Torbjørn Egner: Klatremus og de andre dyrene i Hakkebakkeskogen

Anne-Cath Vestly: Lillebror og Knerten

Mina Bai: Djeveljente

Jane Austen: Overtalelse

Maria Parr: Tonje Glimmerdal

Kate Morton: Tilbake til Riverton

Anna Gavalda: Saman er ein mindre aleine

Stephanie Meyer: Breaking Dawn

Stephanie Meyer: Formørkelsen

Stephanie Meyer: New Moon

Stephanie Meyer: Evighetens kyss

Gunnhild Øyehaug: Vente, blinke

Olaug Nilssen: Få meg på, for faen!

Olaug Nilssen: Vi har så korte armar

Markus Zusak: Boktyven

Lars Ramslie: Destroyer

Jostein Gaarder: Sofies verden

Eldrid Johansen: Jul i Svingen

Dan Brown: Engler og demoner (

Brian Pilkington: Bestefar julenisse

Astrid Lindgren: Marikken

Astrid Lindgren: Se Marikken, det snør!

Eva Eriksson: Bella og Gustav

Jon Fosse og Øyvind Torseter: Spelejenta

Gudny Ingebjørg Hagen: Storm og jentungen

Tony Ross: Lille prinsesse - Jeg vil ha lyset på!, Jeg vil ha middagen min!, Jeg vil ha mammaen min!, Jeg vil ha smokken min!, Jeg vil bli..., Jeg vil hjem! og fleire av dei bøkene

Eg har hatt stor leselyst i 2009, og eg ser ingen grunn til at ho skal minke i 2010. Godt nyttår og god lesing!