RSS

Fakta om Finland og vatn og bilvrak og regnklede



Eg held for tida på med (blant anna) Erlend Loe sin roman Fakta om Finland. Boka ligg på arbeidspulten min på jobb, og der har ho lege lenge. Det er merkeleg, for eg plar ikkje å bruke så lang tid på Loe sine romanar. Ikkje på grunn av at dei er relativt enkle å sluke (her må eg påpeike at enkelt ikkje skal vere negativt meint), men og fordi at eg synest dei er fantastisk morosame. Eg ler meg ihel av både Doppler, Muleum og Volvo Lastvagnar, men har altså store problem med å bli skikkeleg engasjert av Fakta om Finland.

Mi veninne sa ein gong (etter at eg anbefala ho Loe) at "Jeg og Loe er go`venner", og eg kunne ikkje ha sagt det betre sjølv. Problemet er berre det at denne gongen er Loe meir som ein innpåsliten venn som aldri held munn. Han masar side opp og side ned, og er særdeles gnien med punktum. Eg får faktisk pusteproblem når eg les boka. Da eg gjekk på barneskulen, og vi hadde lange setningar utan punktum, brukte norsklæraren vår å stille seg midt på golvet og lese høgt ifrå den punktumfattige forteljinga. Det mangla ikkje på innleving da han overdramatiserte og feika stadige kvelningsforsøk. Desse skuespilla gjorde tydelege inntrykk på meg, og sikkert fleire i klassa, for vi blei særs gode på å setje punktum. Kanskje litt for gode. Når eg tenkjer meg om, skulle eg nok hatt ein liknande lærdom i bruk av komma. Eg skjønar at eg med desse skriveria driv lærarrolla mi fullstendig til skamme her. Difor er det nok best å påpeike at eg kan kommareglane altså, men er litt for glad i å setje komma der eg synst det trengst.

Tilbake til Finland. Boka tek for seg ein mann, med vannskrekk vel å merke, som har fått i oppdrag å skrive ei reisebrosjyre om Finland. Denne mannen veit ikkje mykje om Finland, og lyg om å ha vore der kvar sommar fordi mormora er finsk (også løgn). Romanen har ein jeg-forteller (ho er jo bokmål. Rett skal vere rett), og denne jeg-fortelleren er i beste Loe-stil dårleg tilpassa samfunnet. Eller samfunnet passar dårleg inn hjå han. Jeg-fortelleren tenkjer ein god del, og desse tankane kretsar mykje ikring ei angst for blant anna vatn, som igjen er resultat av endring og endring fører til utryggleik, og det er sjølvsagt alt anna enn positivt. (I denne siste setninga her dreg eg ein Loe, om de skjønar). Jeg-fortelleren har mange tanker. Heile tida. Ein straum av tanker. Nettopp. "Stream of consciousness". Eg er vanlegvis fan nummer ein av "stream of consciousness", men i denne omgang blir det litt for mykje, sjølv for meg.

Utdrag frå boka: I dette tilfellet er det fortellingen om Finland jeg lager, og det gjelder å ikke legge for mye vekt på at det er så mye vann der, vi er mange som kjenner ubehaget ved vannet, for det kan ikke stoppes, det forandrer uten selv å forandres, som tiden, vannet og tiden, til helvte med dem, forresten, men de må nevnes, i hvert fall vannet, tiden må ikke nevnes spesielt når det gjelder Finland, men vannet må nevnes, ellers blir det påfallende, og nå er det nevnt, en passant, jeg lot som ingenting og nevnte det, så er det nevnt, og om en stund er det kanskje glemt.

Men veit de? Eg har berre kome til side 73. Provosert? Makan til frekkhet! Setje seg ned her og skrive om ei bok eg ikkje eingong har kome halvvegs i. Eg har heller ikkje litteraturvitskapleg utdanning (kan kun skilte med mellomfag i nordisk litteratur). Stadig provosert? Da kan eg kanskje inngå eit kompromiss. Eg skal lese resten av boka og sjå om eg har endra meining. Denne skrivinga gjorde meg nemleg litt leselysten. Har eg sagt at eg ønskjer meg Stille dager i Mixing Part til jul?


Min gode venn Erlend Loe tøffar seg. Bilete tatt frå http://www.listal.com/book/fakta-om-finland-erlend-loe og http://www.abcnyheter.no/node/96169

2 kommentarer:

Anonym sa...

Og dette var like så kjekt!

auge igjen

Leseløva sa...

Og enda kjekkare å høyre! Amatørmessig, men eg lyt prøve å meine sjølv om eg ikkje har papir på det. Kjekt å blogge:)