
Margaux Fragoso: Tiger, tiger, 307 sider. Oversett av Kirsti Vogt
"Piker er aller vakrest når de er åtte," sa Peter etter at jeg hadde åpnet presangene mine. "men jeg blir litt trist av å se at du blir større."
Margaux er ute og sym ein varm sommardag. Her treffer ho Peter og spør om han vil leike med ho. Det vil han. Margaux er berre sju år. Han er femtien. Dei leiker saman dei neste femten åra. Tiger, tiger er Margaux eiga historie om kjærleiken mellom ein vaksen mann og ei lita jente. Margaux er sju år og manipulerast til å tru at ho elskar Peter, at ho treng Peter. Heime har ho ei sjuk mor og ein aggressiv og dominerande far. Hos Peter kan ho vere fri og føle seg elska.
Peter er tilsynelatande ein fantastisk mann. Han tek seg tid til borna, leikar med dei og forsvarar dei når dei har gjort noko gale. Mor til Margaux meiner han er ein atterfødt Jesus. Margaux og mora begynner å besøke Peter to dagar i veka, så oftare og oftare. Til slutt får Margaux dra dit aleine. Det begynner med klemmar, uskuldige kyss på munnen, sidan vil Peter ha ho til å ta av kleda sine. Når ho er åtte år viser han seg naken for ho. Han vil ha ho til å gjere ting ho ikkje har lyst til. Når ho nektar, spelar han på samvitet. Hjernevaskar ho til å tru at det dei har saman, er ekte og reint. På bursdagen sin får han endeleg vilja si. Det er nemleg berre ein ting han ønsker seg mest av alt.
Dette er eit sterk lesing. Margaux lindrar dei årelange smertene gjennom skrivinga. Det er modig av henne å fortelje historia si. Ho er ærleg og legg ikkje skjul på noko. Seier at å vere saman med ein pedofil kan vere som ein narkorus, at bornet si verd blir ekstatisk. Ho set også søkelyset på dei andre involverte, som umogleg ikkje kan ha skjønt kva som føregjekk. Peter var tidlegare dømt for misbruk av born. Foreldra til Margaux blei kontakta av naboar som hadde sett Peter og Margaux saman. Likevel valde dei enklaste utveg. Å late att augene. Dette er eit problem som ikkje må teiast i hel.
Det var hemmeligheter som gjorde det mulig for Peters verden å blomstre. Taushet og fornektelse er nøyaktig de kreftene alle pedofile setter sin lit til, slik at deres sanne motiver kan forbli skjult. (...) Pedofile er mesterlige bedragere, ettersom de også utmerker seg i selvbedrag - de lurer seg selv til å tro at det de gjør ikke er skadelig.
Ikkje la deg lure.
Ei sterk og god bok. Anbefalast.