RSS

Om mus og menn


John Steinbeck: Om mus og menn, 113 sider. Oversett av Haakon Bugge Mahrt

No snakkar vi! Kven trenger krim når ein kan kose seg med drama? I år er det 110 år sidan Steinbeck blei fødd, og det må sjølvsagt markerast. Eg har lenge tenkt å skulle lese denne klassikaren, men det har liksom aldri blitt. Før no. Eg kjøpte ho på Mammutsal i går (ja, kremt, eg skulle ikkje kjøpe bøker i årets sal, men det blei med denne altså. Ei bok må ein unne seg. Ok, to, men den andre var ei gåve så det tel ikkje). Boka skiltar med å vere "romanen det tar to timer å lese og tyve år å glemme". Eg såg filmen da han kom ut (den frå 1992, det finst fleire), og hugsar han framleis, så det stemmer nok det.

I Om mus og menn får vi følgje to reisande gardsarbeidarar. Kloke, autoritære George og høge, sterke, men mentalt tilbakeståande Lennie. Lennie er svært glad i det som er mjukt, deriblant fløyel, jentehår og lodne dyr. Han kjenner ikkje alltid kreftene sine, så ei relativ uskyldig hending ender så altfor ofte i tragedie. Noko som også førte til at George og Lennie er på flukt frå garden dei sist arbeidde ved.

Draumen om ein dag å få råd til sin eigen gard, er det som driv George og Lennie i dei elles spinkle kåra. Dette er i 1930-åra i California, midt under depresjonen. Boka tek opp sentrale tema som rasisme, einsemd og fordommar. Boka er svært omdiskutert, og er viktig pensum, men også sensurert vekk fleire stader i USA. Grunnen skal vere boka sitt vulgære språk og at ein kan oppfatte bodskapen som eit forsvar mot eutanasi.

Eg likte boka svært godt. At ho ikkje er så tjukk, er også positivt om det er snakk om å bruke ho i undervisinga. Og det er det jo.

Anbefalast.

6 kommentarer:

Eva @Utsikt frå Lia sa...

Å fine, fine boka. Nokre år sidan eg las den, men likte den veldig godt.

Heksa sa...

Kjøpte denne på salg i forrige uke, gleder meg til jeg får tid til å lese den...

ellikken sa...

Denne boken er en av mine dårlige samvittigheter. Jeg må få lest den snart, jeg vet jeg vet. Om den attpåtil finnes på salg er det jo toppen av kransekaka!

Lena sa...

Og til en finfin pris: 60 kr.

ellikken sa...

Under Oslo Bokfestival kom jeg over boken på supersalg, tror den kostet 20-30 kroner. I et øyeblikk av sinnsykhet skrudde hjernen min seg av, skulle absolutt foreta et valg, og jeg endte opp med en annen av mine dårlige boksamvittigheter: Til fyret av Virginia Woolfe. Ikke det at jeg har lest den heller, ikke enda, men den er i alle fall i hus... ;)

astridterese sa...

Det er noen år siden jeg leste denne jeg og, men det var absolutt en bok jeg likte. Og som det ikke er umulig jeg kommer til å lese om igjen :-)