RSS

Et sted skinner det

Vibeke Riiser-Larsen: Et sted skinner det, 219 sider

Eg veit ikkje heilt kvifor, men det er lenge sidan eg fann ut at eg er ein sucker for debutantar. Først og fremst er det jo fordi dei skriv om slikt som går rett heim hos meg. Kvifor det går rett heim, kan eg heller ikkje setje fingeren på. Kanskje fordi det går rett heim hos dei fleste andre? Eg er nemleg ikkje så spesiell som eg likar å tru. Dette veit eg fordi eg har lese mykje positivt om nettopp denne debutanten. Eg er ein del av flokken, og vi skal alle same veg. I alle fall nesten.

Hovudpersonen i denne boka kjenner seg ikkje som ein del av flokken. Men ho prøver å gå same vegen. Forsøker ikkje å skilje seg ut alt for mykje. Ho har leilegheit, fast jobb og ein uniform med påskrifta "Hva kan jeg hjelpe deg med?" Skrivne reglar og rutinar er noko av det ho meistrar godt. Det forstår ho. Uskrivne reglar og sosial kutyme er det verre med. Da stagnerer det og Sigrid må ty til barberbladet ho har gøymt i lomma. Når ho skjer seg, raspar litt i huda blir det litt meir toleleg. For å halde ut set ho også ut feller som ho fangar mus i, og ho har skogen. Skogen er hennar tilfluktsstad.

Fra leiligheten hennes tok det tjue minutter å gå til dit skogen begynte. Det var akkurat langt nok. Langt nok til å rekke å glede seg ordentlig til stillheten og til å slippe alt man måtte forholde seg til når man var sammen med andre mennesker.

Sigrid er einsam. Ho har nesten ingen andre i livet sitt. Faren hennar har nok med den nye familien sin og ringer berre til bursdag og jul. Tante Else ringer annakvar veke, men det er mest for skams skyld. Ein dag byrjar det ei ny jente ved Sigrid sin arbeidsplass. Ho heiter Gøril og inviterer Sigrid i bryllaupet sitt. Som om ikkje det var nok, får Sigrid tre bollar av Snorre, ein kunde som stadig kjem innom. Det er da det snur. Men til det betre?

Denne boka var umogleg å leggje frå seg. Det er fleire dagar sidan eg las ho ferdig, og i eitt jafs. Eg er imponert! Imponert over heilskapen, det vakre og forteljande omslaget, det enkle, men morosame og likevel tungvegande språket. Den tilsynelatande trivielle handlinga er ein enorm kontrast og, sånn eg ser det, eit symbol på kor tomt Sigrid har det. At romanen er skriven i tredjeperson, ein forteljar som ser Sigrid utanfrå, forsterkar berre kor isolert ho eigentleg er frå menneska rundt seg.

Sigrid kjente at hun gjerne ville fortelle. Men hun fant ikke ord det gikk an å bruke.

Når ho er på jobb og står bak skranken som informasjonsmedarbeidar, kjem orda utan problem. Da har ho ein fasit å gå etter, eit hyllenummer å oppgi. Men når det er utanfor ein gitt setting, står orda fast og ho har vanskeleg for å prate. Ikkje alt Sigrid gjer, er like lett å forstå. Men vi skjøner at det heng saman med den vanskelege barndommen hennar. Sigrid ønsker seg meir enn alt ikkje å vere aleine, men gjer samtidig alt for å unngå å kome i situasjonar er ho må vere saman med andre. Eg synest forfattaren skildrar einsemda svært godt, og får fram dette desperate og dobbelte i dei som er litt for vand med å vere for seg sjølv. Det enklaste er å sleppe tosemda, men det å vere aleine tærer også mest.

Ein svært fin roman med eit like viktig tema.

Anbefalast varmt.

Lesereksemplar fått av Aschehoug.

Beathe og Rose-Marie har også blogga om boka.

8 kommentarer:

Bokelskerinnen sa...

Denne skal jeg lese snart også. Nå gleder jeg meg. Kanskje dette er en mulig nominasjon til neste års Bokbloggerpris. Virker slik ut fra det du skriver.

astridterese sa...

Denne må jeg helt klart lese. Så fint at du drar frem debutanter, det er ikke alltid like lett å finne dem.

Lena sa...

Ja! Den er virkelig god. Gled dere, begge to.

Beathe sa...

Åh,så kjekt at du likte denne boken! Denne var skikkelig god og absolutt en verdig kandidat til BBP2015. Tusen takk for link til meg :-)

Lena sa...

Ver så god! Eg har allereie "prakka" boka vidare på ein kollega eg veit vil like ho, så får vi sjå om eg får rett (men det er eg ganske overtydd om).

Tine sa...

Etter å ha lest din omtale gleder jeg meg mer og mer til å lese boken :)

Lena sa...

Takk, det er kjekt å høre, Tine!

Rose-Marie sa...

Så fint å lese at du likte boka! :-)

Takk for link! Jeg linker også tilbake! :-)