Anne Kyong-Sook Øfsti: Si at vi har hele dagen, 224 sider
Rebekka har mista systera Marion, og slit med å komme over sorga. Både ho og Marion blei adoptert frå Korea som born, og ho bestemmer seg for å reise dit i håp om å finne mor til Marion og kanskje litt om eigne røter. Rebekka bur først hos ein vertsfamilie, ein såkalla "homestay" hos I-Sook, mor og Ji-Su, dottera. Etter ei veke hos dei drar ho til Busan, for å oppsøke barneheimen ho og Marion kom frå. Her får ho hjelp frå ei venninne av ei venninne. Venninna heiter Anne-Lone (dette blei kronglete forklart), og er sjølv adoptert frå Korea. Anne-Lone har flytta tilbake til Busan og ønsker ikkje å ha noko med adoptivfamilien sin å gjere. Ho kallar mellom anna mora for "gårdskjerringa" og har kutta alle kjenslemessiga band.
Her har jeg bodd, her har jeg gått, her har Marion vært, sier jeg til meg selv mens jeg knipser bilder av en stol, et maleri, en leke og en bokhylle. Jeg føler ingen andektighet, jeg kjenner ingenting annet enn medfølelse med gutten som er så angrepet av uren hud.
Adopsjon går som ein raud tråd gjennom heile boka, og vi får innsyn frå fleire sider. Rebekka, som er adoptert og sit att med ei kjensle av å ha fått eit godt liv i Norge. Anne-Lone, som ikkje lenger føler seg knytt til adoptivfamilien. Rebekka si bestevenninne, Siri, som har planer om å adoptere og I-Sook, mora i vertsfamilien, som i all løyndom adopterte vekk første dottera si og slit med sakn og anger av valet ho gjorde for alle desse åra sidan. Vi får høyre moglege årsaker og utfall av adopsjon, positive og negative sider, og korleis ulike menneske stiller seg til dette. Det er også veldig interessant å få lære så mykje om Sør-Korea, både gjennom Rebekka og eigne auge.
Boka er først og fremst fortalt av Rebekka, som fortel kronologisk i tillegg til å skrive ei sorgdagbok. I-Sook kjem også til orde i ein del av kapitla, noko som gir forteljinga ein god dynamikk.
Dette er ei av dei beste bøkene så langt i år. Stemninga i boka, det enkle, men gode språket og ikkje minst historia - alt traff meg. Berre sjå på omslaget, kor mykje dette vesle biletet seier.
Gjensidig er det vakreste ordet jeg vet om, tenker jeg.
Takk til Birte, som anbefalte denne boka og som har vore i Sør-Korea fleire gongar. Bloggarar som har skrive om boka er Gro, Tine, Beathe, Åslaug, Astrid Terese og Isabella.
Anbefalast.
4 kommentarer:
Så fint at flere liker denne boka. Jeg elsker å lese om andre kulturer, og dette var virkelig gripende. Ha en fin dag videre!
Jeg elsker å lese om andre kulturer, så kanskje jeg skal sette denne på listen over bøker jeg skal lese. Takk for tips!
aariho: Jeg fant ikke din anmeldelse, må søke opp. Ha en flott dag!
Julianne: Vær så god, og gled deg!
Jeg er helt enig, dette er en veldig fin bok som flere burde lese. I likhet med deg likte jeg omslaget, det sier veldig mye.
Takk for link også :)
Legg inn en kommentar