Marit Eikemo: Alt inkludert, 319 sider
Eg elskar, elskar, elskar Marit Eikemo og trur eg med handa på hjartet (men nokolunde tungt, med alle dei fantastiske forfattarane som finst) kan seie at ho er min norske favorittforfattar. Eg har lese og likt fleire av bøkene hennar, men det var ikkje før Samtale ventar at eg verkeleg fekk auga opp for henne. Sistnemnde er ei bok eg framleis tenkjer mykje på. Eg hugsar at eg hadde lese ferdig boka og skulle ut på byen same kvelden. Eg var nesten ikkje i stand til å tenkje på noko anna enn boka, og det er sjeldan folk gidd å høyre om ei bok eit heilt forspel. Anyway. Eg hadde det i alle fall kjekt den kvelden.
Denne boka las eg på flyet til og frå Amsterdam, eg byrja da flyet letta på veg til storbyen og blei ferdig rett før det landa på returen. Eg var "flink" og snakka ikkje om boka i det heile tatt til han eg reiste saman med (mannen min altså), fordi eg veit at han ikkje er særleg fan av å høyre om det eg har lese. Heldigvis har eg ein kollega som meir enn gjerne vil lese bøkene etter meg, så eg får smøre meg med tolmod og vente til ho er ferdig og klar til å diskutere innhaldet. Til da kan eg i alle fall rope ut mi begeistring her. For eg er verkeleg oppglødd (om du ikkje allereie har skjønt det).
Alt inkludert handlar om aleinemora Agnes, som flyttar inn i eit hybelhus saman med den seks år gamle dottera. Dei troppar opp, utan anna bagasje enn kvar sin trillekoffert, klar til å flytte inn i den "delvis møblerte" leilegheita. Det viser seg at leilegheita er heilt tom, så Agnes skaffar seg inventar frå finn.no, og får litt etter litt fylt opp romma.
Eikemo har ei evne til å skildre det trivielle opp på eit høgare nivå. Det blir aldri keisamt, tvert imot er det så observant at det grensar til genialt. Vi har ekteparet Frøydis og Øystein, medisinstudentane, mammabloggaren, forfattaren, organisten og alle som sel eller gir vekk ting på finn.no. Alle er like interessante. Vi ser dei gjennom augo til Agnes, som ser ut til å vere nokså dårleg kjend med korleis ein ter seg i ulike sosiale samanhengar. Ho gløymer stadig å hente dottera heim frå besøk hos naboane, og tenkjer sjeldan på det som for oss andre er heilt elementært. Vi kjenner oss att i mykje av det og kan le høgt av det absurde i kva som opptek folk, mens det på andre sida er sårt å sjå korleis ho ikkje greier å finne seg til rette i desse uskrivne normene.
Vi får ikkje vite noko om Agnes eller dottera. Kvar dei kjem ifrå eller kor dei skal vidare. Det er forbløffande å sjå kor raskt dei blir integrert i det vesle samfunnet, og kor fort dei blir utstøytt dersom dei ikkje oppfyller dei sosiale krava som blir stilt av menneska rundt. "Kva skal vi med kvarandre?" spør Agnes i romanen. Ho kjem flyttande utan noko og blir definert av tinga ho omgir seg med. Først verkar ho nesten eksotisk overfor naboane med sine manglande møblar og reglar, så går det over til å irritere. For å vere med i fellesskapet, må du gjere som fellesskapet.
Eg er som sagt framifrå begeistra.
Anbefalast.
Leseeksemplar frå Samlaget.
Biletet av boka har eg stole frå Gro, som også har blogga om boka. Edit: Gro og Beathe var ikkje like begeistra som eg er. Les omtalane deira for å finne ut kvifor.
Bak det vakre av Stian Hamre
for 3 dager siden