RSS

Fordi jeg elsker deg

Helene Uri: Fordi jeg elsker deg, 152 sider


Kor mykje kan ein tole før ein går ut av eit øydeleggjande forhold? 

16 år gamle Elin treffer Fredrik ein dag ho er i butikken saman med veninna si. Han er kjekk, pen og svært sjarmerande. I løpet av fem minutt har han fått telefonnummeret hennar og første date er sett. Fredrik er nesten for god til å vere sann. Han er flink til å formulere seg, er oppmerksom, tillitsfull og behandler ikkje berre Elin, men mor hennar også, som ei prinsesse. Svigermors draum altså. Elin er lykkeleg, forelska og kan ikkje tru at Fredrik har valt nettopp henne. Ho kan ikkje tenkje seg noko betre enn dette. Så byrjar idyllen så smått å slå sprekkar.  Elin får sms-truslar frå eit ukjend nummer. Ho blir redd og utrygg, men Fredrik stiller villig opp og trøystar. Alltid.


Fredrik har verdens største smil. Han er verdensvant, han vet alltid hva han skal si. Alle som treffer ham, blir betatt. Og nå er han blitt kjæresten til Elin. Tenk at det skulle skje! At hun skulle bli som hovedpersonen i en romantisk film. For det er virkelig slik det føles. Helt til tekstmeldingene fra Bjørn begynner å tikke inn. Og helt til det verst tenkelige skjer.


Etterkvart forstår Elin at det er noko som ikkje stemmer, og ho ender opp med å vere i eit forhold som ikkje er bra for henne. Ho tør ikkje å fortelje til nokon korleis han eigentleg er. Kven skal tru på det? Alle rundt henne synest jo at Fredrik er heilt perfekt. Dessutan var det jo eigentleg hennar eigen feil det som skjedde. Eller?


Snart for området rundt øyet som det alltid hadde vært. Den smale røde stripen på kinnet bleknet og forsvant til slutt helt. Huden på overarmene og håndleddene ble like hvit og glatt som før. 


Undersøkingar viser at ei av fire norske kvinner vil oppleve ein eller annan form for vald i løpet av livet, og kvar femte mann har vore i valdelege forhold eller fått truslar om vald. Ein tredel av alle valdsepisodar skjer i eller i nærleiken av heimen. Og dette er berre tal vi veit om. Det er nok meir. Mykje meir. Ein av tre tenåringar har opplevd digital vald frå kjærasten sin. Truslar, trakassering, kontroll og overvåking i form av sms, chat og stygge meldingar som blir posta på nettet. Digital vald er ein relativ ny måte å jævlast på. Vi veit at det er få vaksne som seier frå om dei opplever vald i parforholdet, at det ofte har pågått i årevis før dei seier noko. Av unge mennesker er det enda færre som seier frå, og spesielt til vaksne. Dei er unge og nyforelska, opplever kor deilig det er å bli sett. Dei veks av bekrefting frå andre og trur gjerne det er dei sjølve som er skyld i valden. At dei har provosert det fram.


Fordi jeg elsker deg er ei god historie med eit viktig tema. Eg likte boka svært godt og anbefaler ho både til unge og vaksne. 


Leseeksemplar fått av Cappelen Damm.


5 kommentarer:

aariho sa...

Jeg har akkurat lagt boka i reiseveska mi, da jeg skal ut å fly i morgen. Ser fram til å begynne med den etter innlegget ditt. God helg!

Lena sa...

Da har du noe å glede deg til. God tur!

Anette sa...

Så fin omtale. Et viktig tema, og en bok jeg gjerne kunne tenke meg å lese :)

Lena sa...

Tusen takk! Absolutt et viktig tema, og boken passer for alle.

Silje sa...

Denne har jeg planer om å lese snarest, da jeg har valgt å ta den med i et formidlingsprosjekt jeg forhåpentligvis skal ha på skolen. Godt å se at du liker den:-) På NRK bok har en elev fra videregående skole anmeldt den og sagt at den tar opp mange tema som er relevante i ungdoms liv, og at den gir innsikt, så da tenkte jeg det var en fin bok å formidle videre. Greit å høre det fra ungdommen selv iblant også;-)