RSS

Um sakne springe blome

Cathrine Blaavinge Bjørnevog: Um sakne springe blome, 137 sider


kjærleiki mi

Bjønn um dage Mann um natte

Me lyt møtast im morgume

O kom aup me

kom kom


Ja da, det er den. Boka med det rara namnet. Og enda rarare språket. Um sakne springe blome. Smak på det. Kva betyr det? Kva for eit språk er det eigentleg? Har du prøvd deg på henne? Eller blir du vettskremd av tanken? Det er ikkje så uvanleg, det. Eg veit om mange som kvir seg for å lese nynorsk, og enda fleire som kvir seg for å skrive nynorsk. Det er veldig synd, for nynorsk er eit nydeleg språk og slett ikkje så vanskeleg som ein trur. Forfattaren sjølv hadde ein kollega som fekk mareritt av nynorsken hennar, og det løyste ho med å lage eit heilt nytt språk. Diktsamlinga er altså ikkje rein nynorsk (for dei som kanskje trudde det!), men snarare ei blanding av nordisk, gammalnorsk og dialekter. Resultatet er eit fortryllande lyrisk og mektig språk.

Det er suggererande rytmar av smertefulle bøner frå ei mor. Ei mor som saknar og ventar på mannen sin. Dikta er ikkje enkle å forstå, for lik språket er handlinga langt frå lettfatteleg. Dikta gir rom for ulike tolkingar, men vi tar til oss stemninga og føler sorga. Vi får kjenne på ei fortviling ulikt noko anna eg har lese. Ein kan finne referansar både til "Kvitebjørn Kong Valemon", "Østenfor sol, vestenfor måne" og ymse legender. Det er mytisk og gåtefullt, og kvar gong eg les oppdagar eg nye lag av betyding. Eg blir ikkje lei, sjølv kor sterk lesnad det er. Tvert imot veks det i meg. Dei kallar på meg og eg kjem etter. Vil ha meir.

Um sakne springe blome fekk så mange stemmer i nomineringa til Bokbloggerprisen 2016, at ho har hamna på kortlista. Dei nominerte bøkene har som kjend fått kvar sin månad å bli heidra, og i april er det denne som er i fokus. Det er Eli og Beathe som har ansvar for samlesinga. Følgjer du desse to på Facebook eller Instagram, har du heilt sikkert fått med deg alle postane, deriblant Beathe sine legendariske SKAM-memes. Ein kan ikkje skulde dei for å ha gjort ein slett jobb med å gjere boka synleg i media. I love it og håpar fleire lar seg bergta av denne sterke diktsamlinga.


Deltar du i samlesinga? Visste du at du kan vinne alle bøkene frå Samlaget som har vore nominerte til Bokbloggerprisen dei siste åra? Det einaste du treng å gjere er å delta i hendinga. Easy peasy, altså.


Eg sku inkje ha ropa so høgt efte de

E sku inkje ha bore ei lengsle so tung

Meist ve di kome svei deu augo minne blinde af ljos

O deu kransa me   krona me di


Dikta er nok ikkje for alle, men det er for meg. Og kanskje for deg? Prøv da.

Deu er sleitt inkje vanskeleg. 

9 kommentarer:

Berit sa...

DU kjente altså ikke antydning til kløe du heller? De fleste som har lest den, ser ut til å la seg fortrylle!

annkolaas sa...

Å nei! Den einaste kløa var i så fall i augane mine da eg græt. Eg skjønar godt at dikta ikkje er for alle, men eg synest dei er heilt fantastiske. Eg er kanskje litt gladare i språk enn dei fleste da, men åh, eg lot meg verkeleg fortrylle ja.

Fjellgata 49 sa...

Har lest litt diverse om denne, men først no eg ser eksempel på språket,og det gjer meg nysgjerrig!

annkolaas sa...

Det ser ut som det er anten eller med dei som les denne. Eg synest ho var fortryllande nydeleg.

aariho sa...

Jeg vart bergtatt av denne vakre diktsyklusen, og er så glad for at mange andre også fall for den. Jeg las den høyt, noe som fikk fram teksten på en helt spesiell måte.

annkolaas sa...

Ja, eg har høyrt forfattaren lese høgt og det er aldeles nydeleg.

Marianne sa...

Jeg sitter SÅ på gjerdet når det gjelder denne diktsamlingen. Det klør nemlig før jeg har lest, bare ved tanken.. Og så jeg som har satt meg en lyrikkmålsetning for 2017. Jeg må jo bare.. snart..

Ellikken sa...

Lena, Lena, Pene-Lena. Jeg savner innleggene dine, du er den eneste som kan lokke meg ut av lesesperren jeg befinner meg i. Jeg trenger inspirasjooooon! :-)

annkolaas sa...

Ååå, eg fekk ikkje melding om desse kommentarane. Sjekka tilfeldigvis spammen og såg dei låg der. Ellikken, eg skal skjerpe meg. Big time. Lovar!

Marianne: Les! Du vil (kanskje?) ikkje angre.. Du har vel kanskje lese den allereie, ser du skreiv kommentaren i mai. Heh..