Hei, bloggen!
I 2017 las eg 104 bøker. Eg greidde med andre ord målet mitt. Det var eigentleg 65 bøker eg hadde sett som mål, men eg var usikker på kva eg skulle setje. Eg blir så stressa når eg set meg for høge mål, for eg blir besett av å følge dei. Så nådde eg 65 bøker og justerte opp til 75. Det blei over 85 og da var eg så nær 100 at eg lot det stå til. Det såg litt svart ut da eg var rundt 95, men så greidde eg det jaggu med fire bøker over det igjen. Eg er nøgd. Meir enn nøgd faktisk, for eg fekk stryke ut nokre klassikarar på 1001-lista og det er svært sjeldan eg kan gjere. Eg las så mange av i studietida og blei litt metta. Likevel er det pinleg få eg kan krysse av lista, så eg har alltid eit mål om å kome meg gjennom fleire.
Eg byrja 2017 med eit mål om å lese ein klassikar i månaden, men det var berre å gløyme først som sist. Eg måtte heilt til desember før første klassikaren blei lesen. Når eg likevel var i gong, pløygde eg gjennom fire til, og skal forsøke å lese fleire i 2018. Utan noko konkret mål. Eg er snart ferdig med klassikar nummer seks og alt over det blir bonus. Det er ikkje det at eg ikkje likar å lese desse bøkene, men eg har ofte sett filmar/seriar og så mange referansar til historiene at eg føler eg allereie har lese dei. Eller så er dei så himla lange. Orsak, men er det verkeleg nødvendig å skrive så mykje? Eg har hørt på Anna Karenina heile jula, så mykje at telefonen min har gått i svart fleire gongar. Likevel har eg over sju og ein halv time att. Sjølv føler eg at historia kunne ha vore ferdig da det var 17 timar att. Men det held fram.. Eg likar boka altså, men av og til kan det passe med less is more. Det finst trass alt mange fleire bøker ein skal lese. Det kan vere at det kjennast ekstra uuthaldeleg fordi eg høyrer den på lydbok, som eg normalt ikkje er særleg fan av. Eg har ganske høg lesehastigheit, og kunne nok klart det på halve tida sjølv. Men Storytel kosta berre 9 kr for ein månad, og sidan eg er plaga med hovudverk passa det bra med litt lytting. Eg har i alle fall tenkt å halde ut, og høyre så mykje eg greier før månaden er over.
Det er ikkje berre klassikarar som er på lista mi år etter år, eg forsøker etter beste emne å lese mest mogleg variert litteratur. Det har blitt mykje young adult dei siste åra, men eg prøver å halde meg oppdatert på det meste. Til og med krim, som stadig veks på meg. Alt eg har gått glipp av i alle desse åra. Mykje å sjå fram til, men det er jo aldri eit problem for ein lesar. Heldigvis.
Følgande bøker, som ikkje nødvendigvis blei gitt ut i fjor, men som gjorde sterkast inntrykk på meg, var desse.
Denne skulle eg ønske eg hadde skrive
Synne Sun Løes: MISS (ungdom)
Boka eg las to gongar
Nicola Yoon: Verden er en boble (ungdom)
Den finaste historia
Krystal Sutherland: Kjemiske hjerter (ungdom)
Boka frå hylla
John Green: Hvem er du, Alaska? (ungdom)
Denne anbefaler eg til alle
Karen McManus: En av oss lyver (ungdom)
Fin og fæl
Brynjulf Jung Tjønn: Alt det lyse og alt det mørke (roman)
Ho skuffar aldri
Helga Flatland: En moderne familie (roman)
Genierklært
Carl Frode Tiller: Begynnelser (roman)
Ikkje for alle
Cathrine Blaavinge Bjørnevog: Um sakne springe blome (dikt)
Vakraste boka
Max Porter: Sorg er den greia med fjær (roman)
Sterkaste lesnaden
Olaug Nilssen: Tung tids tale (sakprosa)
Beste klassikaren
Antoine de Saint-Exupery: The Little Prince (barn)
Den søtaste boka
Mette Eike Neerlin: Hest, hest, tiger, tiger (ungdom)
Kjenner meg att i denne
Kristin Storrusten: Barsel (dikt)
Mest oppskrytte boka
Simone Elkeles: Perfekt kjemi (ungdom)
Kven har eg gløymt, skal tru?
Det blei 23 mannlege og 81 kvinnelege forfattarar. Spesielt interesserte kan finne den fulle lista over lesne bøker i 2017 her.
Eg ønsker dykk eit godt nytt leseår!
Julegavetips 2024: Denne lista er alt du trenger
for 16 timer siden
9 kommentarer:
Fin oppsummering Ann Helen.:)
Vi har lest omtrent like mye, jeg leste 106 bøker.
Ønsker deg et godt nytt år :)
Det høyrest bra ut, Anita! Godt nytt år.
Godt nytt år!
Jeg setter meg igrunnen høye mål når det kommer til lesing, men jeg er aldri stresset over å ikke nå dem. Det er "bare" bøker, så det er andre deler av livet jeg stresser mer når jeg ikke helt får det til :-)
Jeg studerer nå og må bare godta at jeg ikke klarer lese like mange bøker og gå på skole samtidig :-)
Jeg ser vi leser ganske forskjellige bøker, men En moderne familie har jeg hvertfall lest. En av oss lyver står på leselisten sammen med Begynnelser. Og jeg skal absolutt lese Tung tids tale.
Tror jeg må være spesielt interessert siden jeg klikket på linken. Hang meg mest oppi at du har lest Sortland - og likte Senteret (som er en av mine favorittromaner i år).
Godt nyttår (igjen).
Astridterese: Godt nytt år! Eg både stresser og ikkje stresser. Er målet kun for eigen del, er det ok. Er det utfordringar eller mål saman med andre - da er det verre. Du har ei finfin leseliste. Gled deg!
Ingalill: Godt nytt år! Haha, det er bra. Eg nominerte faktisk Senteret til Bokbloggerprisen no. Det er så mange bøker eg likar i løpet av eit år, og eg forsøker etter beste evne å hugse kva for bøker eg likte aller best. Ikkje så lett å hugse, når eg har gitt alle like mange stjerner og ikkje blogga om dei. Da drar eg fram dei som framleis sit i meg. Dei sit jo av ein grunn. Men eg har allereie byrja å ergre meg over bøker eg burde ha dratt fram i dette innlegget..
Fin oppsummering, Ann Helen! Anna Karenina las eg for nokre år sidan og vart overraska over kor lite tung den var, og den står på favorittlista mi nå. Alle har ulik oppfatning om bøker, men eg veit du har høyrt den ferdig så eg håper det vart ei god oppleving til slutt.
Lesemåla mine for 2017 er ikkje mykje å skryte av så dei har eg lagt vekk, og starter på ny frisk dette året :-)
Eg blei også overraska over kor lite tung boka var, men det er vel kanskje det at dei er lange som kan mistolkast? Det spørs nok litt på kva ein interesserer seg for også. Eg likte den veldig godt, men synest godt den kunne vore forkorta ein smule. I byrjinga var eg heilt med, men ettersom timane gjekk byrja eg å sjå fram til slutten. No er eg i gong med "Onkel Toms hytte" - berre åtte timar, piece of cake etter Tolstojs 23. :)
Du har lese mye altså :) Anna Karenina er en bok jeg også har lest og likte godt, den var litt forvirrende noen ganger syntes jeg. Grunnen til det er var at en person ofte hadde flere navn og gikk det flere dager mellom hver gang jeg leste så ble det forvirrende:)
Lydbok hjelper på, Groskro. Einig i at det var litt forvirrande med alle dei ulike namna på same personar. Eg las heile boka ganske kjapt, elles trur eg det hadde blitt vanskeleg å hugse.
Legg inn en kommentar