RSS

Det heiter ikkje: eg - no lenger. Heretter heiter det: vi

Olaug Nilssen: Tung tids tale, 155 sider

Eig du lykka så er ho ikkje lenger berre di. 

Tung tids tale får vi høyre om Daniel, som gradvis mistar språket og personlegdommen. Mor og far forstår ikkje kva som skjer med guten deira, som var tidleg ute med å reise seg og stå, og kunne setje saman ord til lange setningar lenge før jamnaldrande. Han var kommunikativ og nysgjerrig, kunne fleire ord på engelsk.

Så byrja han å utvikle seg i feil retning.

Han blir utagerande og greier ikkje å slutte med bleier. Språket forsvinn gradvis. Han som sat i barnevogna og song Mikkel Rev prikkfritt som toåring, har i dag problem med å setje saman orda. Hadde det ikkje vore for at dei har video-opptak av fleire episodar der Daniel syng og pratar, hadde dei knapt trudd det sjølv. Så annleis er niåringen frå guten han var som toåring. Regressiv autisme, får dei beskjed om.

Alt det som bror din kan ta imot av lykka di, må du gi.

Det er vanskeleg å akseptere denne diagnosen. Dei har opplevd fleire sider av Daniel som no er vekke. Han var jo først ute med så mykje. Korleis kan dette skje? Mor ser opptaka om og om att, må knipe seg i armen når ho ser toåringen som kommenterer at pappa seier "løva", mamma seier "løve" og det heiter "lion" på engelsk. Det er ei sorg at dei ikkje lenger får kjenne dei sidene av Daniel.

Alt du kan løfte av børa til bror din, må du ta på deg.

Det er tungt å møte helsepersonell som ber dei "stå i det" og "du må kvile". Korleis kan dei det når saktegåande byråkrati stiller dei til veggs? Ute blant folk får dei blikk og kommentarar om oppseding og åtferd. Heime blir mor ofte slått av Daniel. Han er sterk og kan stikke av så fort han får sjansen. Det er utfordrande å vere heime med han og dei to yngre brørne. Mor må kjempe for å bli høyrt. Det er ikkje lett å be om avlasting frå sitt eige born, men både Daniel og familien treng hjelp.

Det er mange ikring deg som frys. Ver du eit bål, strål varme ifrå deg! 

Med Tung tids tale forsøker Nilssen å teikne eit bilete av korleis det er å ha eit autistisk born. Det er ei kjærleikshistorie frå ei mor til bornet sitt. Foreldra får beskjed om at dei er ressurssterke, og det har dei valt å halde fast ved. Men mor spør seg sjølv kva som er aksept og kva er å gi opp?

Hender stør hender, herd stør herd. Barm slår varsomt imot barm.  

Familien har hatt unødvendig mange rundar for å få det som ein skulle tru er sjølvsagt for familiar i deira situasjon. Dei måtte mellom anna vente i fem månader før dei fekk ei trygg sikring for Daniel i bilen. Dei hadde ikkje rett på å få større bossdunk for å få plass til Daniel sitt bleieavfall, eller omsorgsløn for å vere heime med guten sin. Tung tids tale er også ei politisk bok, og håpet er at forteljinga kan føre til endringar for utviklingshemma born.

Det hjelper da litt, nokre få forfrosne at du er varm. 


Boka anbefalast varmt og inderleg.



Tittelen på boka er lånt frå Halldis Moren Vesaas sitt dikt "Tung tids tale" (1945), som eg har brukt her. 



Samlesnad av Tung tids tale av Olaug Nilssen

Kalenderen viser mars månad, noko som betyr lysare dagar, vårteikn i emning - og ny bok å samlese. Denne månaden er det Olaug Nilssen sin roman Tung tids tale som gjeld. Boka er mellom anna vinnar av Brageprisen 2017, nominert til Ungdommens kritikerpris og snart får ho også svenske lesarar. Vi bokbloggarar er ikkje mindre imponerte, for vi har nominert henne til Årets roman og heile månaden er sett av til å heidre denne fine, sterke forteljinga.


Har du lese boka? Legg gjerne att lenke til omtalen din både her og i kommentarfeltet under.

God samlesnad.

2 kommentarer:

aariho sa...

Ja, ei mektig bra bok. Flott omtale.

annkolaas sa...

Utan tvil. Tusen takk!