Kjære lesarar!
Her kjem ei aldri så lita oppsummering av året som har vore. Det er berre timar att av 2018, eit år som har vore fruktbart for meg. Eg har greidd noko så sjeldan som å halde eitt av måla mine, som var å lese fleire klassikarar frå 1001-lista. Heile 22 bøker har eg kryssa av i år, og da snakkar vi mellom anna Moby Dick og Don Quijote. Dette er bøker som har gnege på samvitet i årevis, og da gjer det ekstra godt å kunne seie seg ferdig med dei.
Eg hadde ikkje sett noko fast mål denne gongen, sidan målet om å lese ein klassikar i månaden slo feil sist. Det blei likevel 14 klassikarar fleire enn i fjor. Lause mål viser seg altså å vere tingen for meg. Det og Storytel. Eg er veldig glad i å gå på fjellet, og med spennande historier på øyra får eg lagt attende både kilometer og klassikarar. Slikt motiverer!
Målet mitt om å lese 75 bøker blei også nådd, og eg skrudde det derfor opp til 100 tidlegare i haust. 110 bøker har eg altså rukke å lese i 2018. Eg var usikker på om eg skulle greie det, sidan eg har fleire skriveprosjekt som tar ganske mykje tid. Fleire av bøkene er dessutan digre mursteinar, så eg tenkjer 100 bøker skal vere overkommeleg også i 2019. Eg skal i alle fall prøve. Eg tenkjer i tillegg å halde fram med klassikarar, og henge meg på Elida si utfordring. Ho har planar om ein lesesirkel i 2019, med ei bok i månaden. Det er ganske laust, som til dømes å lese ein mannleg forfattar i august, eller ei bok på under 250 sider i januar. Noko meir hårete mål enn dette trur eg ikkje eg skal prøve meg på.
Når eg ser over lista over lesne bøker i 2018, kan eg oppsummere slik
22 av dei er klassikarar frå 1001-lista.
59 av dei er skrivne av norske forfattarar.
60 av dei er kvinnelege forfattarar.
40 av dei er mannlege forfattarar.
39 er lydbøker
52 bøker er frå eiga bokhylle.
26 bøker er young adult/bøker for barn og unge. Trur eg.
14 er debutantar. Trur eg.
9 er sakprosa/essayistisk. Veldig usikker her, ettersom nokre av desse er i litt flytande sjangrar.
2 av bøker av Fjodor Dostojevskij.
2 bøker av Anders Totland.
2 bøker av Mark Twain.
2 bøker av Agnes Ravatn.
3 bøker av Stephen King
3 bøker av Lars Saabye Christensen
3 bøker av Amalie Skram
4 bøker av Ingvar Ambjørnsen
1 bok er lese for andre gong.
Eg kunne ha sjekka opp kor mange som er frå kva land osv, men mine avgrensa talkunnskap og frykt for statistikk gjer at eg stoppar med desse. Eg er ganske sikker på eg har talt feil over også, for det gjer eg som regel alltid. Men gjennomsnittleg er det nokolunde rett. Det er ein ting som skil seg godt ut frå mine førre leseår, og det er at eg har lese færre debutantar enn før. Dei har det brukt å vere flest av. Dette er heilt klart biverknaden av å lese fleire klassikarar.
Så til ei lita subjektiv kåring frå året som har gått.
Beste frå 1001-lista
The Shining av Stephen King. "Darling, I`m not gonna hurt you..."
Beste frå eiga hylle
Beatles av Lars Saabye Christensen har stått i bokhylla mi i årevis, og no skjønar eg endeleg alt fuzzet. Ei stor lesaroppleving.
Årets grøssar
Pet Sematary av Stephen King skremte vettet av meg fleire gongar. Eg grugler meg til å sjå den nye filmatiseringa i april.
Årets debutant
Klør av Ida Frisch. Nydeleg språk og ei sterk historie.
Beste norske romanen
Så mye hadde jeg av Trude Marstein. For ein forteljarkunst!
Finaste boka
Eleanor Oliphant har det helt fint av Gail Honeyman. Veldig fin, men trist. Eg hulka.
Tristaste boka
Snøsøsteren av Maja Lunde og Lisa Aisato. Eg hulka meir.
Mest oppskrytte boka
Uten vesentlige feil eller mangler av Linda Skomakerstuen. Denne falt dessverre ikkje i smak hos meg. Eg synest den var meir masete enn morosam, men veit til boka sitt forsvar at det er mange som er ueinig med meg.
Sterkaste lesaropplevinga
Kinderwhore av Maria Kjos Fonn. Brutalt, men viktig.
Boka som burde vere på pensumlista
En sånn jente av Monica Flatabø.
Dette var ikkje lett. Det er så mange fleire av bøkene eg har lese i 2018 som fortener å bli drege fram, hylla, lese om att, men det er no eingong slik når ein skal velje mellom to goder..
Er du einig eller ueinig med meg? Rop endeleg ut i kommentarfeltet!
Da gjenstår det berre å ønske dykk eit strålande nytt leseår! God lesnad.
Julegavetips 2024: Denne lista er alt du trenger
for 16 timer siden
13 kommentarer:
Først og fremst: Hurra for at du blogger! Som du veit etter fleire sosiale medier er eg ganske sjokkert, men og veldig glad :-D
Moby Dick er eg litt misunnelig på at du har lest dette året, men eg trur 2019 blir året. 1001-sirkelen blir bra, eg gler meg både for min egen del, men og at det er så mange som vil vera med.
Storytel er genialt, og eg bruker det både på turane til og frå jobb, og når eg går elles.
Takk for det gamle året, Ann Helen, og godt nyttår!
Eg er litt sjokkert sjølv. Fekk plutseleg skrivekløe, og da var det berre å hive seg rundt. Moby Dick var, sårry på førehand, dritkjedeleg. Ein heil masse om kvalens anatomi og anna eg kunne greidd meg utan. Synest eg da. Kan vere du liker den. Takk for i år, og godt nytt år!
Kjekt å se litt liv her inne! :) Jeg kunne tenkt meg å lese både Moby Dick og Don Quijote og kanskje 2019 blir året siden jeg skal ha fokus på 1001 til neste år?
Har lest flere av dem som er på kåringslisten din, helt enig med Marstein, Eleanor-boken likte jeg men ikke alt fungerte, En sånn jente og Kinderwhore er begge knallsterke og gode bøker som er verd å lese. Snøsøsteren var også veldig bra!
Ønsker deg en fin feiring i kveld og et godt nytt leseår! Og jeg fortsetter selvfølgelig å følge deg på insta og kommer til å sette stor pris på hvert eneste livstegn her inne på bloggen også! :-)
Gratulerer med å ha greit målene dine så bra! 22 1001-bøker er ikke verst, og veldig gøy at flere har lest Don Quijote, den holder jeg på med nå.
Riktig godt nyttår Ann Helen :)
Hei. Så artig å lese din oppsummering også.:) Ellers følger jeg jo med dine fine insta-bilder.
110 bøker er mye. Ble nysgjerrig på hvor mange av de norske du har lest som er 2018-bøker?
Kinderwhore og En sånn jente står på min lesesliste, det blir , det blir..
Min "pensumanbefaling" er En frivillig død av Steffen Kverneland.
Don Quijote fikk jeg også veldig lyst til å lese etter å nettopp ha lest en bok om en spanjol som leser den (Noen å høre til av Geir Sætre). Pussig, fordi Tine også nettopp har lest den, ifølge sin årsoppsummering. Glemte å nevne det for henne, kanskje ser hun det her..
Beathe: Skal vi samlese Don Quijote neste år, hva?
Ønsker deg et riktig godt nytt år!
Beathe: Så hyggeleg å høyre, og takk det same. Eg kjem ikkje til å setje noko mål om å blogge - da veit eg det går gale - men håper eg kan få til eit innlegg her og der. Lykke til med 1001-lesing. Godt nytt år!
Tine: Takk! Det er morosamt at fleire her held på med/vurderer å lese nettopp Don Quijote ja. Eg må få høyre kva du synest om boka. Godt nytt år!
Anita: Takk! Om du trykker på lenka der eg skriv ei lita oppsummering av dei lesne bøkene i 2018, ser du kva for nokre av dei som er norske. Eg noterer meg "En frivillig død av Steffen Kverneland". Har høyrt fleire anbefale den, så det må bli. Samlesnad høyrest ut som ein god ide. Kanskje det kan passe med ein av månadane i Elida sin lesesirkel? Såg at fleire av dykk skal vere med. Godt nytt år!
Beathe: Eg har prøvd fleire gongar å skrive kommentarar til innlegga i bloggen din, men det stoppar alltid opp når eg må skrive inn passord. Veldig dumt!
Godt Nyttår!!
Aller mest imponerende i hele oppsummeringa di:
52 fra egne hyller. Heftig applaus fra øst!
Ingalill: Godt nytt år! Men eg tok med bøker eg har fått og så sett i hylla.. Da var det nok ikkje så imponerande lenger.
Ann Helen: Nå sjekket jeg innstillingene mine og jeg har ingenting som tilsier at man må være innlogget men kan det være slik at man må være innlogget på google-konto eller noe for å kunne kommentere? Jeg vet ikke men både Anota, Tine og flere andre som har blogspot kommenter hos meg og jeg har ikke hørt at noen har problemer med det. Men,ja,det er jo dumt om en ikke kan legge igjen noen ord uten å være innlogget noen steder.
Beathe: Det er wordpress som vil ha meg til å logge inn. Kan det være fordi jeg logget meg inn og laget meg en bruker for flere år siden? Husker verken passord eller brukernavn. Jeg skal forsøke flere ganger, mener på jeg har greid å kommentere hos deg av og til.
Elsker å se ordene dine i bloggformat, og bildet er til å akke seg kvekk ihjel av, virkelig fint :) Hildrande du som du har lest! Men altså, er det så mange som skrøt av Skomakerboka? Der er jeg heeeelt på sin side.
Ellikken: Taaakk! Ja, er det ikke alle som synes den er såå morsom og festlig da? Skomakerstuen altså. Godt å høre at det ikke bare er jeg.
Legg inn en kommentar