RSS

Nesten frelst av Olaug Nilssen



Det kristne mennesket seier gjerne: "Gud velsigne deg", og så tek det fram ei krydderkake og byr på te. Eller: Det går nok bra til slutt, skal du sjå. Det kristne mennesket greier å ha ein mykjeseiande pause før det vel eit insisterande stemmeleie til ytringa: "Eg trur du veit at finst ein som elskar deg." Og så ei ny pause. "Kjenner du det no?" og så kjenner du det sjølvsagt, men du veit at det er situasjonen som går inn på deg og gjev deg frysningar.

Eg må ta meg tid til ei lyn-bokmelding før eg skal ha planleggjingsdag (eller rettare sagt kveld, sidan vi tek det etter skuletid. Men vi plar å få god mat, så ikkje bekymre dykk). Boka er ferdiglesen og eg er nøgd. Ho sto til alle forventingane mine, og vel så det. Eg er stor Olaug-fan, og las boka kun fordi ho har skrive ho. Kanskje ikkje akkurat det Sigvart Dagsland hadde i tankane, men han har nok vore inne på det sidan han valgte å la ho skrive. Det må også vere eit stort kompliment for ho å bli valt ut av han.

Olaug Nilssen er akkurat like gjennomsyrleg i teksten som eg hadde håpa. Ho skriv teksten, skriv om teksten, kommenterar og tenkjer seg gjennom heile prosessen. Ho er teksten. Eg skjønar at somme kan synest ho er litt for synleg, men eg er ikkje ein av dei somme. Dess meir Olaug, dess betre. Sånt likar eg.

Ein av hovudgrunnane til at Dagsland ønskjer å gi ut ei bok om seg sjølv, er å fortelje at han ikkje er ein kristen artist. Han er kristen og han er artist, og det er stor skilnad på desse to tinga. Eg har aldri hatt noko spesielt forhold til musikken hans, og meint verken det eine eller det andre. Eg er altså heilt kurant om kva angår Sigvart Dagsland. Korleis eg stiller meg etter å ha lese boka? Eigentleg like kurant, men eg synest han verkar som ein triveleg og morosam kar. Og eg er med på tankegangen hans. Utan å vere kristen.

Eg humra meg gjennom heile boka. Olaug Nilssen forsøker heile tida å få fram Sigvart Dagsland si opprørske side, og stiller han stadig opp mot veggen med hans eigne songar. Ha! Der sang du feil! Kva? Drikk du vin? Jaså, fyllekøyrde du? Meinar du at syndarar kjem til himmelen?

No er eg beint ut sagt sur! Jaså, så eg kjem til himmelen anten eg vil eller ei?

Olaug Nilssen er med Sigvart Dagsland gjennom ei periode på godt og vel eit år, og det blir mykje kake og te. Ho vil ha han til å frelse seg, men han meinar at ho allereie er konservativ kristen. Det er mange morosame episodar om Sigvart, og vi får høyre om korleis han og kona traff kvarandre. Sistnemnde visste eg eigentleg frå før. Kollegaen min gjekk nemleg i klasse med han, og har fora meg med litt inside-informasjon. Eg kan røpe at han er ein fløRtepus.

Olaug Nilssen intervjuar slekt og vener og sladrar vidare til både dei og Sigvart om ymse, noko som gjer boka svært underhaldande. Ho prøvar seg også på å tolke fleire av tekstane hans, noko som først var litt kjedeleg. Så kom eg på at eg faktisk er religionslærar, og då blei det straks meir interessant. Eg har alltid vore særs interessert i Bibelen. Kjekt!

Olaug Nilssen blei ikkje frelst. Men Olaug: Eg trur du veit at det finst ei som elskar deg. Kjenner du det no? Eg er FRelst. I alle fall nesten.

No rekk eg ikkje å skrive meir. Ei heller å reinskrive språket. Huff og gru! (For den oppmerksame lesar har eg vore inne og endra litt her, og tilført litt der no i dei seinare kveldstider.)

5 kommentarer:

KATE ♥ sa...

Hei.
Jeg husker ikke navnet på fargen, men det skal jeg finne ut iløpe av dagen. Nr og navn:)
Jeg ser du leser Jan Wieses bok.
Jeg likte den veldig godt .
Hva synest du?
So long Marianne, er også en bok jeg er veldig glad i. Jeg blogget om den , og leste den i fjor.
Hadde så lyst til å reise til Hydra etter å ha lest boka.
Kos deg i sola.

KATE ♥ sa...

Der fant jeg ut fargen(e):Vi har brukt Lady ojlemaling, siden det gir det beste sluttresultatet på panel. Veggene har glans 15, og farge SAND.Tak lister, vinduer og dører har glans 40, og fargen er EGGEHVIT.
Lurer du på noe annet , så bare spør,jeg lever sammen med Maleren.
Klem

Lena sa...

Tusen takk! Det er så vanskelig å forestille seg hvordan fargene faktisk blir på veggen. Er det sand, altså? Den ser mørkere ut i brosjyren. Vi holder på å bygge hus, og har ikke helt bestemt farger ennå. Men det blir noe lyst i alle fall. Vi skal også bruke oljemaling.

Jeg er litt rask med å skifte på bloggen, så jeg har ikke fått begynt på Wieses bok ennå. So long, Marianne er det kø på, men hvis alt går etter planen får jeg boka i morgen. Gleder meg! God helg!

KATE ♥ sa...

Mal på ei papp-plate el så ser du fargen tydelig.Lurt å ha med når du skal kjøpe gardiner ol også.
Den er lys nok i en kjellestue med 3 små vindu.

Gled deg til bøkene

Synne sa...

Likte denne kjempegodt! Skrev faktisk skoleoppgave om Sigvart for mange år siden;) Og interessant vinkling. Olaug skriver bra.