RSS

7

Tysdag fekk eg ei utfordring av Julie, og treig som eg er, kjem svara mine i dag. Eg har tenkt så det knaka på kva i alle dager slags sju fakta om meg som kan vere det minste interessante for andre. Eg har ikkje kome på det heilt store enno, men får no berre hoppe i det:

Ein = Eg verkeleg hatar uttrykk som "Misforstå meg rett", "Skulle eg til å seie" og liknande. Korleis kan ein misforstå nokon rett? Er det ikkje betre å seie "forstå meg rett", eller "ikkje misforstå no, men.."?? Og kvifor i huleste seier folk "skulle eg til å seie" når dei faktisk sa det??? Medan eg er i siget kan eg også nemne at eg blir galen dersom folk omtalar seg sjølv i tredje person. Æsj!

To = Eg elskar gamle tv-spel av typen Super Mario og Wonderboy. Dersom nokon hadde Sega eller Nintendo i barndommen, kan de vere sikre på at eg sørga for å vere venn med dei.

Tre = Eg kan ikkje fordra sydlege strøk og varme. Dette gløymer eg dessverre ofte, og vips så sit eg i syden og gremmast.

Fire = Storbyferie er tingen for meg. Gi meg kultur (teater, litteratur, musikal), kafé (eg er ikkje av typen som boikottar Starbucks. Frappuccinoen er altfor god) og noko å handle (Topshop, Primark) så er eg nøgd.

Fem = Eg var ein lathans på ungdomsskulen og fekk dritdårlege karakterar. Dei siste vekene av alle tre åra fekk eg plutseleg fart på meg, noko som gav meg ein S i kristendomseksamen. Den tek seg bra ut blant alle Lg- og Ng-ane på vitnemålet.

Seks = Eg har alltid vore dyreelskar, og har hatt hund, katt, rotte, hamster, marsvin, kanin, eit utal fuglar av ymse slag. Hest hadde eg derimot aldri, men drøymde stort. Vi skal snart få katt, og det rekk i dag.

Sju = Eg elskar å synge og kan gjerne synge karaoke og SingStar heile kvelden om eg får:)

Denne utfordringa fekk eg også tidlegare i år. Her kan de lese sju til av mine framifrå interessante fakte.

Eg vil gjerne sende utfordringa vidare til Silje. Ver så god!

3 kommentarer:

Silje sa...

Hehe :) Utfordring tatt... må bare tenke litt først :)

Jeg var også gørrdårlig på ungdomsskolen.. litt vittig å tenke på at vi sitter her som lærere nå :)(Kan hende at det er nettopp en av grunnene til at man er det også:))

Julie sa...

Nummer tre er jeg helt med på. Jeg er ikke glad i varmere strøk. Der kjæresten ønsker seg tur til Florida, trygler jeg instendig om Island eller Antarktis. :P Kjenner meg også igjen i nummer seks - selv om jeg faktisk hadde hest, da.

Når det gjaldt ungdomsskolen, prøvde jeg hardt. Problemet var bare at jeg ikke hadde særlig flinke lærere. Da spesielt i matte. Vel, mulig de er flinke, men jeg hadde inntrykk av at de var lei av hele jobben sin. Jeg gikk fra karakter 5 i åttende klasse til 3 i tiende. Så gikk jeg opp igjen på videregående. Lærerne har litt å si der, gitt. :)

Silje sa...

Ordre utført :) Feel free to read it :)