RSS

Innestengt i udyr


Olaug Nilssen: Innestengt i udyr, 112 sider

GURU SI PREMISSLISTE FOR VENNSKAP MED GRISELINE
1 Eg skal bestemme når vi kan vere i lag, og kva vi skal gjere då.
2 Du kan ringje til meg, men ver budd på, og tol, at eg kan vere kjempesur og avvisande.
2 Viss vi skal bli kjærastar, må du slanke deg og få eit vakrare andlet. (Sannsynlegvis vil ikkje dette skje, sidan du fakisk er ein gris. Men vi kan altså vere vener likevel, når dette skjer på mine premissar.)
4 Eg er den morosame,
5 rare,
6 og spesielle som du ler deg skvett i hel av
7 og er ulukkeleg forelska i, noko du må vise og fortelje våre felles vener.


Eg skulle berre levere inn nokre barnebøker på biblioteket i går, men enda med å plukka opp debutromanen til Olaug Nilssen. Boka er frå 1998, og eg skjønar godt at kritikarane meinte at vi kjem til å få høyre meir frå denne debutanten. Noko vi absolutt har. Når eg sjekkar Skrivekunstakademiet, ser eg at Olaug faktisk gjekk der året etter debuten. Det var eg ikkje klar over. Eg har lese alle bøkene ho har gjeve ut etter årskurset, og gler meg over at ho er trufast mot den friske skrivestilen ho har blitt kjend for. Eg ser at ein del av dei same tinga går igjen i bøkene hennar. Kva er det til dømes med Olaug og neper? Eg ler meg i hel av måten ho skildrar lett attkjennande scenario, og ønskte boka var meir enn 112 sider.

Ho held armane med posane langt ut frå kroppen, det ser vondt ut. Eg tenkjer at ho veit at det er for seint å prøve å skjule at ho har ein Nille-pose. At ho like godt kan late som det ikkje gjer noko at andre ser at ho ikkje har handla på Nille. Eg tenkjer at ho vil eg skal få vite at ho ikkje bruker å handle på Nille, at ho var der i dag mest for spøk i lag med ein venninnegjeng, eller at ho tilfeldigvis gjekk innom, lo tydeleg og høgt av det dei hadde der, men såg at dei hadde popkorn, og så kjøpte ho seg det, for det var billeg.

Legojenta Griseline og legoguten Guru får tildelt ulike roller for å tydeleggjere tema som angst, slankehysteri, å streve etter den perfekte utsjånaden og utfrysing av dei som ikkje passar inn. Tine passar lite inn i venninnegjengen, tjukk og stygg som ho er, så ho blir innestengt i eit hamsterbur. Språket er energisk, og Olaug harselerer med menneska og det opplagte på ein herleg måte.

Vi smiler begge to heile tida mens vi pratar om grunnfaga vi skal begynne på. Begge veit at vi kjem til å ha sex snart. Vi kunne like godt ha avtalt det både munnleg og skriftleg, slik:
Guru: Skal vi ha sex?
Eg: Ja, det kan vi godt. Når da?
Guru: På laurdag? Vi må vere fulle! Og mange folk må få med seg kva som går føre seg.
Eg: Ja, eg veit det. Ok.


Det er ikkje så enkelt å fortelje kva Innestengt i udyr handlar om, fordi boka er så utradisjonell. Dei av dykk som er kjend med Olaug, veit kva eg snakkar om. Eg skjønar dei som synest bøkene hennar blir for rotete og dumme, men eg er tiltrekt av alt som er annleis så eg synest naturlegvis det er hysterisk morosamt og på grensa til genialt. Når det er sagt, veit eg ikkje om eg hadde vore like positiv om eg til dømes hadde fått i oppgåve å skulle tolke boka.

Eg anbefaler boka uansett.

5 kommentarer:

Silje sa...

Hehe, den ser annerledes ut. Ser ut til at jeg får legge den til leselista mi, sammen med "Få meg på, for faen" som du har anbefalt tidligere. Moro :)

Lena sa...

Jeg er helt gal etter bøkene hennes, men det spørs hva du synes da, hehe. Jeg er så vidt i gang med Juleoratoriet:)

kristin sa...

Hei! Vi inviterer til bokbloggertreff i august, hyggelig hvis du ville være med! http://bokmerker.org/?p=6944 (Facebookevent her: http://www.facebook.com/#!/event.php?eid=102118659841381&ref=ts)

Oda sa...

Jeg så Få meg på for faen da det ble satt opp på Det norske teateret for en del år siden. Da visste jeg ikke en gang at det var en bok =)
Tror det er på tide å lese noe av Olaug Nilssen - og ekstra på tide i og med at hun skriver på nynorsk - det er det særlig manko på for min del. =)

Lena sa...

Hvis du likte teateroppsetningen, vil du nok elske bøkene (uten at jeg har sett den da). Ulempen ved å bo her er at det nesten aldri skjer noe. Jeg har nok ikke anledning til å dra til bokbloggertreffet heller. Søren..