RSS

Porno for pripne


Belinda Starling: Bokbindersken,
463 sider.


Denne boka var eg så heldig å vinne i Bokbloggbuzzen, og eg kjende umiddelbar tiltrekking med det same eg såg ho: London, viktoriatida, bokbinderi. Treng eg seie meir?

Forteljinga tek til i London, 1859. Peter Damages, mannen til Dora, har pådrege seg gjeld, og sjukdomen hans gjer det umogleg å fortsetje arbeidet i bokbinderiet deira. Dora ser ingen anna utveg enn å binde bøkene sjølve. Med ein sjuk ektemann og ei fem år gammal dotter med "fallesjuke" blir det hardt å skulle setje seg inn i eit mannsdominert yrke. Lærlingen Jack er god hjelp i verkstedet, og Dora meistrar snart bokbindarkunsten.

Heldigvis hendte det fremdeles at Diprose sendte meg en bibel av og til innimellom smusslitteraturen, eller en bønnebok eller en utgave av sir Walter Scott, så i dag kunne jeg beskjeftige meg med disse.

Dora sin feminine sans gir bøkene det lille ekstra og kundekretsen aukar. Interessa for forbudte bøker er spesielt høg, og Dora går med på å binde inn nokre få erotiske manuskript. Men manuskripta blir stadig meir pornografiske, og før ho veit ordet av det har ho forvilla seg inn i eit nett av aristokratisk sex, løgn og løyndommar. Ho og dottera blir truga på livet om dei ikkje gjer som dei blir fortald.

Og dermed så jeg meg selv som om jeg skulle befinne meg på utsiden av kroppen min, og lurte på hva jeg ville mene om meg selv, en ung kvinne med en forkrøplet ektemann som mottok en jevn strøm av helt annerledes, velkledde mannlige besøkende, og den nyervervede rikdommen dette hadde resultert i.

Dora og Peter sitt ekteskap har vore særs moralistisk, og pripne Peter har gjort sitt til at Dora ikkje er kjend med erotikkens vegar. Når ho blir tvinga til å ansette slaven Din i binderiet sitt, samtidig som ho les pornografiske manuskrift begynner seksualiteten hennar sakte å løyse seg.

Jeg kunne ikke fortelle ham om de bølgene av følelser som hadde skyllet gjennom meg da jeg var sammen med ektemannen min, og som fikk Peter til å gi uttrykk for en slik avsky for meg at han aldri kom nær meg igjen, med mindre jeg hadde skrubbet meg med karbol og bikarbonat.

Det er ei god bok, men lesinga gjekk litt seint dei første 200 sidene, det var for lite driv i handlinga. Når ho tilsetter tenestejenta Pansy og slaven Din blir det endeleg litt meir tak i historia. Språket er godt, men eg synest enkelte av orda kunne ha vore oversatt enda betre. Delar av innhaldet er inspirert av verkelege hendingar, noko som gir ein historisk ettersmak.

Unge Belinda Starling døde dessverre berre få dagar etter å ha skrive ferdig manuskriptet til Bokbindersken. Ho etterlot seg mann og to små born i Essex.

2 kommentarer:

Bokelskerinnen sa...

Spennende å lese flere anmeldelser om denne :) Tittelen din var forøvrig veldig god og treffende!

Lena sa...

Takk! Jeg leste din just nu. Grundig og god. Tipper boka blir plukket opp av noen lesere nå ja:)