Helga Flatland: Bli hvis du kan. Reis hvis du må., 171 siderBarndomsvenene Tarjej, Kristian og Trygve veks opp i ei trygg lita bygd, der alle veit kven alle er. Etter militæret bestemmer dei seg for å verve seg til dei norske styrkene i Afghanistan. Ingen av dei kjem heim. Attende sit familie og vener med tankane, spørsmåla, sorga. Ei smerte så stor at ho skapar avstandar og bryt band. Kvifor reiste dei? Kva med dei som venta heime?
Boka er delt inn i fire delar, fortald av Tarjej, Jon Olav, Karin og Trygve. To av dei som reiste, to av dei etterlatte. Denne forteljarteknikken fyller ut hola, og gjer historia heilskapleg og sterk. Flatland gir hovudpersonane ei særeige røyst med å la dei fortelje vekselvis på nynorsk og bokmål, noko eg trur eg aldri har vore borti før. Dialekt ja, men ikkje fullstendig skifte av målform. Eg likte dei nynorske delane best. Det er som om orda inneheld meir styrke. Opplevinga blir forsterka; sorga blir tyngre og gleda meir lykkeleg.
Dette er truleg den nye yndlingsboka mi. Ei bok som kan få meg til å kjenne
så mykje. Sakn, lengt, sorg. Eg har lest om menneske busatt i den same bygda. Ein trygg barndom som likevel lagar djupe sår. Det gir meg ei taus sorg eg ikkje veit korleis eg skal takle. Flatland lar meg komme så intens nært at eg veit med heile kroppen at dette er ei historie eg seint vil gløyme.
Bli hvis du kan. Reis hvis du må er ei nydeleg, sterk bok om å bryte ut av ein tryggleik som ikkje lenger kjennes trygg. Takk til du anonyme som tipsa meg om denne boka for nokre månader sidan.
Anbefalast verkeleg på det sterkaste!