RSS

Kongens hjerte


Gaute Heivoll: Kongens hjerte

Eg var ein av dei som trykte Heivoll si Før jeg brenner ned langt, langt inn i brystet. No er eg nesten like begeistra over den nye boka hans, og det var jaggu skulebibliotekaren som lånte meg den også. Eg sto og såg på medan ho pakka opp (eg veit ikkje kven av oss som hadde dei villaste augene), reiv ut boka og jubla. Snill som ho er, lot ho oss få krangle over å lese ho først. Grådig som eg er, greip eg sjansen før nokon rakk å reagere. Manuela, du er ein knupp!

Kongens hjerte er ei stille, bankande bok om sjukdom og kjærleik. Og vidt forskjellig frå Før jeg brenner ned. Dersom du trudde du hadde lese alt av Heivoll, må du tru om att. For denne mannen kan omstille seg. Det er 1775 og Danmark-Noreg. Ein far og ei dotter er til undersøking hos dokter Deegen. Dottera har fått radesjuke, og skal til behandling i Kong Frederiks hospital i København. Faren får følgje henne i skuta over til København. Ho kjempar for livet, han kjempar mot døden. Kona og den andre dottera mista livet til sjukdommen, no har han berre henne att.

Det er ei kjenslerik bok. Heivoll skildrar så vi kan kjenne byllene, lukte såra, føle smerten. Boka er relativt tynn (da snakkar eg om sidetal, ikkje innhald), til gjengjeld er språket så konsentrert og bileta så intense at stemninga ligg over oss. Det handlar om ein far sin kjærleik til bornet sitt, draumar, håp og angst. Spenninga over korleis det går med dei to, er det som hindrar meg i å leggje ho frå meg når sjukdommen herjar på sitt verste. Ei frykteleg og nydeleg bok.

Anbefalast!

7 kommentarer:

ellikken sa...

Reiv ut lørdagens DN-anmeldelse av denne boken tidligere i dag, for å lese den i ro og mak etter jobb. Slik gikk det selvsagt ikke, når jeg så at du også har anmeldt boken. DN var litt mer lunkne, men så er jeg også lunken i min formening om deres anmeldelse. Takke meg til deg! :D

annkolaas sa...

Takk for det! Ja nei, denne går det ikke an å være lunken til. Dette er prosa på sitt vakreste (og fæleste..)

Ingaplinga sa...

hmm... kanskje e skal prøve på han neste gang? føler at alt av god krim er opplest, så nå må jeg utvide horisontene ;)

Rose-maries litteratur- og filmblogg sa...

Nydelig bokomtale! Denne SKAL jeg lese!

Knirk sa...

mmm...denne må jeg få med meg.

torbjørn hauken sa...

Spennende denne Heivoll, må nok på leselisten min også.

Dordi R. Ormset sa...

Har ikke lest Før jeg brenner ned, så jeg har ingenting å sammenligne med. Temaet i boka var interessant, for jeg visste ingenting om radesyken, men ellers synes jeg dette er en "lettvekter". Lite handling og en del gjentakelser, men har utvidet horisonten likevel.