RSS

Blomstenes hemmelige språk


Vanessa Diffenbaugh: Blomstenes hemmelige språk, 337 sider

Victoria har hatt ein vanskeleg barndom, og vore ut og inn av forskjellige fosterfamiliar sidan ho var baby. Ni år gammal blir ho plassert hos Elizabeth, ei einsam kvinne med ein forkjærleik for blomster. Ho er tolmodig med Vicoria og lærer henne alt ho kan om blomstrane sitt hemmelege språk. Elizabeth ønsker å adoptere Victoria, men så skjer det noko som endrar alt og Victoria er igjen attende hos barnevernet.

Elleve år seinare er Victoria myndig, og ikkje lenger under det offentlege sitt ansvar. Ho er sterkt prega og har ikkje lett for å sleppe menneske innpå seg. Fortida hennar har gjort ho kynisk og det ho seier, seier ho med blomster. Ein dag treffer ho blomsterhandlaren Renata. Ho oppdagar at Victoria har eit eige lag med blomster, og snart blomstrar både kundane og Victoria. Når Renata tar henne med til blomstermarknaden, møter ho ein mann frå tida hos Elizabeth. Vil han få ho til å opne seg, eller vil redselen for å bli svikta igjen få ho til å flykte?

Dette var ei skikkeleg fornøyeleg bok! Kapitla fortel om Victoria si fortid og notid parallelt, noko som gjer det veldig spennande. Det var ikkje lett å leggje frå seg boka, og ikkje vanskeleg å komme inn i handlinga etter ei lesepause. Eg var fordjupa etter eit par sekund, kvar gong. Temaa som blir tatt opp er alvorlege, aktuelle og kjenslevare. Det er vondt å lese om Victoria sin destruktive oppførsel mot dei ho er glad i, men likefullt herleg når ho greier å ta imot kjærleik. Både med og utan blomster.

Boka er ikkje i bokhandlarane før i slutten av januar, men det er berre å glede seg. Blomstenes hemmelige språk kjem utan tvil til å bli ein av bestseljarane i 2012. Det er ei feel-good historie med ei nydeleg ramme rundt. Er du i tvil om dette er ei bok for deg, sjekk ut Ellikken sin fantastiske bokomtale.

Takk til Aschehoug for leseeksemplar.

Anbefalast.

6 kommentarer:

siljeblomst sa...

Flott omtale, dette er en roman jeg har veldig lyst til å lese i år!

Ingaplinga sa...

gjett om e skal lese den boka da!
har faktisk meldt meg på hos aschehoug, men ikke mottatt noe ennå.... akkurat nå føles det veldig dumt bare pga denne bokomtalen ;)

Lena sa...

Takk. Veit kva du meiner, Ingebjørg. Eg blir alltid snurt når eg les om gode bøker andre har motteke, men ikkje eg. Det blir nok din tur snart.

Stine Marie sa...

Dette høres ut som en bok jeg må sette på leselisten min! God omtale :)

astridterese sa...

Denne har jeg også fått, men ikke lest enda. Ser virkelig frem til å lese den etter alle gode anmeldelser denne har fått!

Nina C. sa...

Flott omtale.=) Virker som en bok som er verdt å lese. Har lyst å lese den også! Er på "ønskelisten" min for i år:)