RSS

Nattens sirkus


Erin Morgenstern: Nattens sirkus, 478 sider. Oversatt av Monica Carlsen.

Sirkuset kommer uanmeldt.

Uten forutgående avertering.

Det bare er der. mens det i går ikke var der.


Celia er dotter av den kjende trollmannen Pospero. Marco er foreldrelaus og blei teken inn av magikaren Alexander. Som små born blir lagnaden deira smidd i ringar. Ein dag skal dei konkurrere mot kvarandre og berre ein av dei kan gå av med sigeren. Kvar dag blir brukt til å trene dei mot dette målet. Sirkuset er ein arena for å teste viljestyrke og fantasi, som eit sjakkbrett ventande på neste trekk. Sirkusartistane er uvitande om at dei berre er hjelpande brikker for desse to. Utfordringa tek ei overraskande vending når dei unge magikarane blir forelska.

La meg seie det med ein gong. Sirkus er noko av det teitaste eg veit. Alt etter omkring 1980 - som mine erfaringar er farga av. Sjølvsagt. Eg lot meg aldri fascinere som born, og heller ikkje som vaksen når eg forsøker å gi mine born ei god oppleving. For det er berre å innsjå det. Vi er born av multimedia og har eit enormt underhaldingsbehov, mykje større enn eit sirkus kan mette. Men, dersom vi går attende til seint 1800-tal. Før fjernsyn, data og mobiltelefon. Ja, da begynner vi å snakke.

Det er sent, så det er ingen kø foran spåkonas telt. Mens den kjølige natteluften utenfor dufter av karamell og røyk, er dette teltet varmt og lukter av røkelse, roser og bivoks. Du behøver ikke å vente lenge i forværelset før du kan tre inn gjennom perleforhenget. Når perlene kommer borti hverandre, frembringer de en lyd som kan minne om regn. Du setter deg ned ved bordet midt i værelset. Stolen er overraskende komfortabel. Spåkonas ansikt er skjult bak et tynt, svart slør, men lyset blir reflektert i øynene hennes da hun smiler. Hun har ingen krystallkule. Ingen kortstokk. Kun en håndfull tindrende sølvstjerner som hun strør utover den fløyelsdekkende bordplaten og leser lik runer. I forbløffende detaljerte ordelag beskriver hun hendelser hun umulig kan vite noe om.

I le Cirque des Rêves får vi møte tvillingar som kan lese fortid og framtid, slangemenneske, løvetemjarar, illusjonistar og trolldom. Det er magisk og fortryllande. Og kanskje aller viktigast: Klovnefritt. Du får oppleve sirkuset frå innsida, som tilskodar og som ein av fansa - rêveurs - sirkuset sine tilhengjarar, som reiser verda rundt for å få oppleve sirkuset. Forfattaren byggjer opp boka på intrikat vis. Som lesar skjønar vi ofte meir enn karakterane, men synsvinkelen hoppar også litt i tid og rom, noko som kan verke forstyrrande. Dette opnar for både frampeik og mysterium, og er med på å skape ei fantastisk historie. Boka minte meg om filmar som Illusjonisten og The Prestige. Nattens sirkus er planlagt som film, og eg må seie at eg trur dette blir ein storfilm av same kvalitet. Eg gler meg. Takk til Cappelen Damm for ei fengslande lesaroppleving.

Anbefalast.

3 kommentarer:

ellikken sa...

Jeg kjente jeg fikk helt frysninger av sitatet ditt! Veldig fin omtale, Lena. - Men jeg hadde jo ikke forventet annet fra din kant :)

Lena sa...

Tusen takk:)

Julie sa...

Denne har jeg lyst til å lese. Fin omtale!