RSS

Til mamma


Ingeborg Arvola: 40 postkort, 77 sider

Mamma!

Ikke tro jeg skriver fordi jeg bryr meg.

Dusten jeg delte rom med glemte postkortene sine. Førti stykker! De hadde påklistra

frimerker. Det virket dumt å kaste dem.

Jeg kaster dem heller bort på mora mi, tenkte jeg. Ha ha.



Denne lilla flisa av ei bok består av 40 postkort frå ei dotter til ei mor. I postkorta skriv ho fragmenterte meldingar. Ho har rømt heimefrå, haikar nedover Europa og betaler med seksuelle tenester. Ho gjer det meste ho veit ho ikkje bør gjere. Vi får inntrykk av ei tøff, men kjenslevar jente, desperat etter ein reaksjon frå mor si. Ein reaksjon som aldri kjem. Mor er pillemisbrukar.

Ho har eit rått språk, skriver rett ut kva ho gjer med alle desse mennene og at det ikkje bryr ho. Aller minst bryr ho seg om mor si. Seier ho. Etterkvart blir det sårbare meir gjennomtrengande, sjølvsagt bryr ho seg. Aller mest om mor si. Ho er skuffa, sint og lei seg. Nemner episodar som har funne stad gjennom barndommen. Mor har skuffa, igjen og igjen. Ho treng at mor reagerer. Ho saknar mor si. Slik ho kan vere, burde vere. Skal vere.

Eg synest dette er ei veldig god bok. Det er lite tekst, men sterke ord. At det er skrive i ei slags postkortform gjer det enda betre. Vi får kjensla av å vere eit mellomledd mellom desse to. Å få innsyn i noko som har vore, men enda viktigare, noko som er i ferd med å skje. Det sterke bandet mellom mor og dotter. Ikkje lett å kutte, enda vanskelegare å gløyme. Dottera ønsker å vere der for mor si, men vil mor vere der for dottera?

40 postkort blei utgitt med støtte frå "Leser søker bok". Ei bok for dei fleste. Med sine 77 sider er boka svært godt eigna for dei som påstår ikkje å like lesing.

Sterk og nødvendig lesing.

Anbefalast.

3 kommentarer:

torbjørn hauken sa...

Gleder meg til både denne og andre av Arvola etter å ha lest 'Forsiktig glass' og 'Monsterrytter*. Arvola skriver godt og får forhåpentligvis anerkjennelse etterehvert,som Lindstrøm har gjort nå gjennom Nordisk råds pris.

Gråbekka`s Blogger sa...

Fin anmeldelse:) Ble litt nyskjerrig på boken, likte postkort delen:)Ha en flott lørdag:)

Lena sa...

Takk:) Ja, Arvola er god.