RSS

Xeroxdager

Caroline Kaspara Palonen: Xeroxdager, 151 sider

Det er Mildrid som er hovudpersonen i Xeroxdager. Mildrid er ung, tankefull og sambuar med sveisaren Ove. Mildrid arbeider på eit kontor, er over middels glad i å kopiere og har ein venn i katten Xerox. Ein dag bestemmer Ove seg for å bli student. Han blir kjend med Sara og fleire medstudentar. Litt etter litt begynner Ove å få andre interesser. Han vil ikkje lenger drikke cola eller ete ferdigmat. Han vil dyrke spirer på kjøkkenet, dra på Quizkveld og ete tapas. Mildrid er tilfreds slik det er, og har ikkje lyst til å endre på noko.

Mildrid skjøner at avstanden mellom henne og Ove er i ferd med å vekse, men ho greier ikkje å forsone seg med det. Ein dag finner ho ei rosa truse bak senga deira og i staden for å konfrontere Ove, byggjer det seg opp eit sinne i ho der ho går rundt i si eiga tilvere og forsøker å halde fast ved det gode, trygge.

Eg likte boka veldig godt. Sjølv om temaet til tider er leitt og tungt, får vi det med eit skeivt og humoristisk blikk. Forteljarstemma har ein veldig markant, naivistisk måte å sjå verda på - ikkje ulikt Erlend Loe sin stil. Mildrid er svært oppteken av det kvardagslege, og ser ikkje ut til å vite heilt kva rolle ho skal innta i dei ulike situasjonane. Ho kan framstå som ein enkel sjel, men har samstundes ei udefinerbar tyngde ved seg. Ho tek stadig kopiar av eit bilete ho har av seg som born, noko som gir oss signal om at ho har opplevd noko vanskeleg.

Brita vinker meg inn i glassburet sitt. Brita sier at der er mange ting hun ike forstår, og at hun har evnen til å la mye av det passere. Men dette kan hun ikke akseptere. Brita sier at det må bli slutt.
Hun sørger for at alle i kontorlandskapet hører den lille praten vår. For det var en prat hun ba om. Men jeg prater ikke. Det er ikke lagt opp til at jeg skal si noe. jeg skal bare stå her og forstå at jeg har oppført idiotisk og uaktsomt i ei tid hvor den sårbare lille bedriften vår henger i en altfor tynn tråd. Om krisa kommer, så vil det være min feil. da er det jeg som har ønska deg velkommen med den skjødesløse bruken av bedriftens A4-ark.

Ei fin bok om å vere ung og usikker, og redselen for trivielle truslar. Eg likte boka veldig godt. Anbefalast.

Takk til forfattaren for lesareksemplar.

3 kommentarer:

Gråbekka`s Blogger sa...

Takk for anbefaling:) Ønsker deg en videre flott dag:)

Lena sa...

Takk det samme:)

astridterese sa...

Takk for tips. Det hørtes ut som en fin bok og jeg noterer meg tittelen :-)