RSS

Ny grunnlov

Are Kalvø: Ny grunnlov, 191 sider

Etter å ha lidd meg gjennom Hanne Ørstavik sin nyaste roman, Hyene (eg orkar ikkje å bruke meir tid på boka enn å tilføye at ho var svært kjedeleg), var det dags med noko anna. Noko med futt og spenst. Da er Kalvø god å ha.

Dei som har følgt med på tv-serien "Riksforsamlinga", som går på NRK1, veit kva eg snakkar om. Eg har faktisk ikkje sett noko særleg på det, men det er jo dokumentarversjonen av boka så det kan ikkje vere anna enn artig.

"Norge er eit demokratisk, fredeleg og passe kjendisfiksert rike der alle kan trenge ein klem." - første paragrafen i den nye grunnlova.

Ny Grunnlov er inndelt i kapittel, der han tek for seg dei viktigaste paragrafane i grunnlova, innleidd av ei særs morosam forhistorie om mennene som har æra for den frå 1814. Å seie at innleiinga er særs morosam er eigentleg urettferdig mot resten av boka. Alt er særs morosamt. Han tek for seg alt frå jødeparagrafen til monarkiet - veg både for og imot og kjem med nye forslag. Heile tida med folket si beste interesse i tankane. Folket sine meiningar er sjølvsagt med heile vegen, i form av ymse konkurransar og avrøytingar på Facebook, i radioen og dei han har møtt på gata. Dei heldige utvalde må gjennom forskjellige testar, til dømes må monarkkandidatane gjennom typiske kongelege greiner som å høyre dårleg hornmusikk i veldig mange minusgrader og klippe ei snor med ei veldig sløv saks.

Ny Grunnlov er full av bilete frå prosessen. No har eg ikkje kamera for handa, men for dei interesserte kan det nemnast at bileta er verd det aleine. Boka er med andre ord ikkje eit bomkjøp, eller bomlån for den saks skuld. Eg kunne ha skrive om paragrafar og døme og bilete opp i mente, men du vil vel helst lese det sjølv? For du har vel ikkje tenkt å la denne perla gå frå deg?

Anbefalast. Sjølvsagt.

Takk til Samlaget.

4 kommentarer:

ellikken sa...

Generelt sett kan vi vel si at Are Kalvø i sin helhet anbefales.

Faktisk ikke fått med meg utgivelsen av denne boken. Det gledes!

aariho sa...

Denne skal jeg iallefall lese! Godt at vi har slike humorister blant oss!

Lena sa...

Ja!

Bjørg, mellom linjene. sa...

Denne skal eg lese!